Luke 1 / Erika Fatland

Foto: Kagge forlag

Erika Fatland er oppvaksen i Ølen, men bur no i Oslo. Det vil seie, -når ho ikkje er ute og reiser til dei stadene me andre berre har sett på kartet. Med mellom anna bøkene Englebyen. Fortellinger fra Beslan, Året uten sommer og Sovjetistan bak seg, kan ho trygt seiast å vere ein av dei viktigaste sakprosaforfattarane me har i Noreg i dag. I haust kom ho ut med boka Grensen. En reise rundt Russland, og barneboka Vinterkrigen. Begge har hausta store lovord. 

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet? 

    Ja, som så mange andre så er eg oppteken av klimasaka. Eg meiner det er vår tids viktigaste sak.

  2. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane? 

    Begge partar, så klart, men styresmaktene må ta meir styring. Eg er samd med Maja Lunde: Me treng ein «røykelov» for klimaet. Politikarane må våge å ta nødvendige, men upopulære val for å redde kloden.

  3. Du har nett kome ut med barneboka Vinterkrigen, der klimaendringar er den store faren. Ikkje alt er som det skal vere i Noreg i desember. Det er brått somar når det skal vere vinter. Dette er krise då Noreg skal arrangere vinter-OL i Tromsø, -med snøgaranti. Hanna på 12 år anar ugler i mosen.
    -Kvifor valde du å skrive ei barnebok om dette?
     

    Ein dag eg sto ved radiatoren og fraus – det var 20 minus ute – byrja eg å fantasere om apparater som kunne forvandle vinter til sommar. Eg forsto straks at det her låg kimen til ei actionfylt barnebok. I «Vinterkrigen» er det tre apparater som har endra klimaet på den nordlege halvkula, men i røynda er det dessverre ikkje så enkelt. Det er ikkje bare å skru på og dermed er klimakrisa ute av verda.

    Hovedambisjonen var å skrive ein spanande og medrivande forteljing. Men når boka er ferdiglest, håpar eg borna også tenker over det alvorlege bakteppet. I «Vinterkrigen» er alt satt på spissen, men scenarioet, som boka opnar med, at det er hetebølgje i desember, er dessverre ikkje lenger så urealistisk. I august reiste eg gjennom Nordaustpassasjen for å gjere research til «Grensen. En reise rundt Russland» som kom ut for nokre veker sidan. Ingen andre stadar smeltar isen fortare enn i Arktis. Om ti år vil det antageleg vere isfritt der om sommaren. Konsekvensane av dette, kjenner ingen.

  4. Kva er din minst miljøvenlege vane? 

    Er flyr altfor mykje.

  5. Kva er din mest miljøvenleg vane? 

    Eg et ikkje kjøt. 

  6. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø? 

    Eg er fan av Nina Jensen. Skulle ønske storesøstera var like oppteken av miljø.

  7. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg? 

    Eg må sjå Tre nøtter til Askepott. Elles blir det ikkje jul.


Takk for praten Erika Fatland, -og god jul! 

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

5 thoughts on “Luke 1 / Erika Fatland

  1. Så kjekt å lese! Trur dette må vere yndlingsforfattarinna mi akkurat no (held på med «Grensen»).

  2. En flott stemme om viktige tema!
    Når det gjelder bærekraftig kosthold er det vel viktigere hva vi spiser enn hva vi ikke spiser. Hoveddelen av matseddelen bør være norskprodusert, det er lite bærekraftig å frakte mat jorda rundt. Derfor kan vilt og annet mørkt kjøtt som foredler gras og utmarksressurser være vel så bra som planter fra fjerne himmelstrøk.
    – Hva er et bærekraftig folketall i Norge? Et for lite diskutert spørsmål!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s