Luke 5 / Ellen Hatteland

Foto: Marit Hommedal/NRK

I haust har me kunne følge det blide ansiktet til Ellen Hatteland i Symesterskapet på NRK. Ho bur i Åmsosen i Vindafjord, og har sydd på hobbybasis sidan ho var ung. Kreasjonane hennar på NRK har imponert dommarane stort. I går var det likevel diverre hennar tur til å forlate programmet. Inspirerte  sjåarar kan fortsatt fylgje syprosjekta hennar vidare, då ho aktivt deler sytips og inspirasjon både på Instagram og blogg. 

1.      Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Eg har ikkje engasjert meg i klimasaka, men har fått med meg det meste gjennom media. Eg håpar at ny teknologi som f.eks. solceller, bølgekraft og vindkraft kan bidra til å redusere CO2-utsleppa til eit leveleg nivå.

2.      Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Her kan alle bidra for å gjere verda betre. Det viktigaste er likevel enkeltmennesket. Ein som må streve for det daglege brødet, vil aldri kunne ha fokus på å redde miljøet. Difor er det like viktig at ein betrer levekåra samstundes som ein har fokus på miljø.

3.      Redesign er å sy om gamle tekstiler til nye plagg, og det er eit flott bidrag til miljøet. Kva er ditt beste tips til folk som vil byrje med redesign?

Det er i grunn berre til å sette i gong! Finn klede/fargar ein likar, klipp frå kvarandre og sy saman. Alt kan brukast, og fantasien har ingen grenser. Ein kan bruke gamle dynetrekk, gardiner, klede etc. Sjølv er jeg glad i klede av ull, sidan eg ikkje strikkar sjølv, og eg syns det er veldig gøy å lage kjolar i alle varianter.

4.      Kva er din minst miljøvenlege vane?

Eg reiser mykje, både med bil og fly, -og likar ein god kjøtmiddag.

5.      Kva er din mest miljøvenlege vane?

Eg syklar til jobben, og køyrer elles hybrid. I tillegg har me installert solceller på hus og feriehus.

6.      Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Det er vanskeleg å sei.

7.      Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Sidan eg syng i Skakkekoret, er det veldig kjekt å synge jula inn. Dette året har me sunge på julemessa i Skånevik, og skal ha ein opptreden på senteret i Etne den 17. desember. Elles set eg stor pris på førjulskos saman med familie og vener.

 

Takk for praten Ellen Hatteland, -og god jul!

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s