Luke 6 / Torbjørn Grønstad

Foto: Privat

Torbjørn Grønstad er leiar i Etne bondelag og gardbrukar i Etne. For tre år sidan byta han ut jobben i oljeindustrien og tok over garden til foreldra. No satsar han stort på kjøt- og mjølkeproduksjon. Han har eit stort engasjement for norsk landbruk, og i fjor var han ein av dei nominerte i den nasjonale kåringa Årets unge bonde. 

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Klart eg er oppteken av klima. Eg er nok ingen klimaaktivist, men innser at klimadebatten er viktig.

2. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Eg tenkjer at alle er ansvarlege for å løyse klimautfordringane. Kvar enkelt må «feie for eiga dør» mens styresmaktene må leggje til rette for oss.

3. Korleis kan landbruket bidra til eit grønt skifte og eit meir bærekraftig samfunn?

Først og fremst vil eg sei at norsk jordbruk allereie er ein av verdas mest klimasmarte matprodusentar! Vidare tenkjer eg at klimarådgiving på kvar enkelt gardsnivå kan væra ei løysing. Det er store variasjonar frå bruk til bruk. Me må også stille krav til leverandørane og varemottakarane våre.

4. Kva er din minst miljøvenlege vane?

Det er sikkert mykje. Eg trur eg kunne blitt betre på gjenbruk.

5. Kva er din mest miljøvenlege vane?

Privat så er eg ganske flink til kjeldesortering og eg flyr særs lite. Som bonde har eg fått augene opp for GPS. Entreprenørane som jobbar for meg har traktorar og utstyr som gjødslar eller sprøyter med presisjon på 1-2 cm. På denne måten får me brukt eit minimum av plantevernmidlar og får korrekt gjødsling.

6. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Det har eg aldri tenkt noko på. Det er nok første gong eg uttalar meg om klima i bloggen din. Eg tenkjer at slikt som dette kan vera viktig og inspirerande for mange.

7. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Når julefreden senker seg så prøver eg å ta litt fri frå gardsdrifta og bruke mest mogleg tid på familien.

 

Takk for praten Torbjørn Grønstad, -og god jul!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s