Luke 10 / Alf Warloe Christophersen

Foto: Truls Horvei/ Haugesunds avis

Kvar somar trekker nokre av dei største bluesartistane i verda og horder med publikum til vesle Skånevik. Alf Warloe Christophersen er ildsjelen bak Skånevik bluesfestival, -og her deler han sine tankar om miljøengasjement og korleis musikkfestivalane kan bidra i klimasaka. 

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet? 

    Eg er jo opptatt av klimasaka slik som mange andre. -Men interessa har nok auka på etter kvart som dei negative og nedslåande resultata har vist seg.

  2. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane? 

    Alle har eit ansvar for miljøet og styresmaktene har eit ansvar for restriksjonar og lovverk. Folk må også vise i praksis i organisasjonane og bedriftene sine at ein gjer noko. Privat innsats som enkeltindivid og som samfunn er viktig.

  3. Korleis kan musikkfestivalane i Noreg bidra til større bærekraft og auka miljøengasjement hjå publikum? 

    Festivalane kan og bør visa i praksis at ein vil vera miljøvenlig. Holdningsarbeid er viktig. Kartlegging av miljøutfordringar som innkjøpsordningar, kildesortering, pant på plastglas, transportrestriksjonar, energibruk osv. Så må ein vera konkret og gjera noko med det. Ein bør måle og evaluere resultatet av tiltaka, undervegs og etterpå.

  4. Kva er din minst miljøvenlege vane? 

    Vanskelig å sei. Eg kjører bil. Hest er vel uaktuelt trur eg.

  5. Kva er din mest miljøvenlege vane? 

    Eg kan vel ikkje skryta så masse. Brukar hurtigbåt til Bergen i plassen for å kjøre.

  6. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø? 

    Petter Stordalen.

  7. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg? 

    Familiesammenkomst på julafta, der barn og vaksne er i knallform og det er julastemning.

 

Takk for praten Alf Warloe, -og god jul!

 

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

One thought on “Luke 10 / Alf Warloe Christophersen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s