Grøn søndag vart kvit søndag

Som i fjor, arrangerte me også grøn søndag for velforeningen i år. I fjor plukka me søppel i nabolaget før me samla oss for pinnebrødgrilling og gløggdrikking rundt bålpanna. I år vart det pittelitt vanskeleg å køyre same opplegg, då me brått fekk eit vintereventyr i Haugesund! Då det ikkje er godt å plukke søppel i snøvêr, heiv me oss heller rundt og laga meisebollar som ungane kunne henge opp rundt på feltet. Det vart særs vellukka! Gode naboar, gløgg og snø, -no er julestemninga sikra for i år.

Pinnebrødoppskrifta til Turistforeningen er bankers. Deigen til venstre innehaldt sjokoladebetar, medan den til høgre innehaldt reven ost og oregano. Nam!

Oppskrift på heimelaga meiseboller kjem.

Elles må eg sei tusen, tusen takk for alle dei fine orda eg har fått om julekalenderen. Folk deler i veg i sosiale medie, skriv til meg på sms og Facebook, og er generelt utruleg begeistra over å lese svara til dei ulike intervjuobjekta. Dette har vore eit fantastisk morosamt prosjekt, -og me er berre halvvegs til julafta folkens!

Inga

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s