Luke 12 / Jon Ådnøy

Foto: Privat

Jon Ådnøy er sokneprest i Skjold, Vikebygd og Vats i Vindafjord kommune. I bagasjen har han også fleire år som journalist og sjømannsprest. Her deler han sine tankar kring religion, klima og miljø. 

1.     Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

«Klimasaka» er ikkje så gammal. For femti år sidan var eg meir oppteken av kolrøyk frå Storbritannia som tok livet av auren i vestnorske vassdrag. Og eg var redd for kva det skulle bli til med alt som lever, frå eincella planter til menneske, dersom atombomber blei tekne i bruk. Slik kunnskap kunne ha ført til eit positivt engasjement. Men resignasjonen låg nær: «Der er mykje fælt der ute, med hat eller grådighet eller maktlyst som drivkraft. Kven er eg, at eg skal kunna gjera noko som monnar?»

2.      Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Det er feigt å teikna ein strek mellom meg og styresmaktene. Me er i same båt, og har felles lagnad, anten me likar det eller ikkje. Det er mitt ansvar kven eg vil gje fullmakt til å ta avgjerder på mine vegne. Å la vera å røysta, eller å ikkje bry seg, fritek meg ikkje frå det ansvaret eg har som menneske.

3.      Pave Frans har ytra at «dersom me øydelegg skaparverket, øydelegg det oss». Korleis kan religionane bidra til handling i klimasaka?

Når me har samla inn offeret i gudstenesta, bed me: «Evige Gud, di er jorda og det som fyller henne. Alt vi eig høyrer deg til. ..» Mange religionar har dette i seg: Me disponerer alt som er, men berre for ei tid. Me skal nytta naturen til Skaparens ære, og andre menneske – nålevande og framtidige – til gagn.

4.      Kva er din minst miljøvenlege vane?

Eg reiser med fly, kvart år. Det er med flytrafikken som med internasjonal skipsfart, at utsleppa ikkje blir rekna med på nasjonale utsleppsstatistikkar.

5.      Kva er din mest miljøvenlege vane?

Eg trur ikkje på «best før»-datoar, men lit på nasen. Lite mat går i boset.

6.      Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Bønder har til alle tider visst at alt heng saman med alt. Saman med grunninnstillinga om at garden skal overleverast til neste generasjon i minst like god forfatning som ein fekk han, ligg oppskrifta på ansvarleg omgang med naturen og resursane.

7.      Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Det er kjekt med late dagar og seine kveldar. Gjerne med kortspel. Eller eit ganske stort puslespel som alltid ligg i vegen for dei som vil ha det ryddig. Ein juletrefest med mange og lange julesongar er berre ein våt draum. Ingen andre enn eg orkar slikt lenger.

 

Takk for praten Jon Ådnøy, -og god jul!

LagreLagre

One thought on “Luke 12 / Jon Ådnøy

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s