Luke 14 / Jan Terje Rafdal

Foto: Grethe Hopland Ravn/Grannar

Jan Terje Rafdal sine bilete heng i mange heimar og galleri, -og ikkje minst på statsministeren sitt kontor. Maleria hans av Etnefjella og dei barokkinspirerte bileta malt under pseudonymet Felix Fiigenschou, har gjort han kjend og kjær hjå mange. Her deler han sine tankar kring klima, miljø og politisk kunst.

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Ja, eg synes dette er viktige spørsmål, og det er noko eg har blitt meir interessert i dei siste åra.

  1. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Eg trur det er viktig at alle er bevisste og engasjerte, men det er i størst grad styresmaktene som sit med muligheiter til å gjera dei store forskjellane, og har såleis hovudansvaret. Det er folket som bestemmer kven som sit med makta, så å tenkja på miljø er ei viktig sak når ein brukar stemmeretten.

Det er ein del me kan gjera som enkeltpersonar, men me må vera pragmatiske og ha fokus på dei rette sakene.

Eg trur at eit problem er at me blir lett opptekne av ”feel good” aktivisme, der ein gir mykje merksemd til faktorar som ikkje er vesentlege. Eit godt døme er folk som rasar mot palmeolje, utan å sjå på kva alternativet skal vera om ein kuttar ut dette produktet.

Om nokre år vonar eg at teknologien som gjer det mogleg å sortera avfall sentralt er implementert i stor skala. Her i landet er det berre Follo som har tatt dette i bruk. Teknologien finnes, og den gir eit mykje bedre resultat enn om me skal gjera sorteringa på eigahand. Problemet er at det føles som eit tilbakeskritt å kasta omtrent alt i samme avfallskontaineren, sjølv om resultatet er bedre om me lar teknologien ta hand om dette. Eg likar faktisk å sortera avfallet sjølv, så mitt syn på dette har ikkje noko med latskap å gjera. Eit interessant aspekt av sorteringa, er at ein blir bevisst på kva ein kastar. Mengden plast blir veldig synleg når ein separerer det frå resten.

I framtida blir mykje av avfallet ein stadig viktigare resurs, og ikkje nødvendigvis eit problem, trur eg.

Det finnes sjølvsagt mange valg ein kan gjera som enkeltindivid. Eta mindre storfekjøtt, ikkje kasta mat som er gått to dagar over datoen, ikkje kjøpa ting me ikkje treng, bruka bilen mindre, ikkje reisa på ferie med fly og kanskje viktigast: Ikkje få for mange ungar. Kor langt er me villige til å gå, og kor mykje vil me ofra? Dette er vanskelege spørsmål, og då tyr me gjerne til dei små ting som det å kildesortera og skru av lyset i eit par rom. Det gir oss kjensla av at me gjer noko rett.

3. Tenkjer du at kunstnarar kan bidra til å auke engasjementet rundt klimaendringane? Eventuelt korleis?

Dette er litt vrient å svara på, for eg er i utgangspunktet positiv til politisk kunst, men det er enkelte raude flagg som dukkar opp.

Me har ein del kunstnarar og artistar som jobbar med slike tema, og dette kan i mange tilfelle skapa positivt engasjement rundt viktige tema. Problemet her er at kunstnarar ikkje nødvendigvis forstår problemstillingane og vitskapen bak, og så endar ein opp med å bli promotør for saker som kanskje føles rett, men som ikkje eigentleg er noko steg i riktig retning. Me treng ein faktabasert debatt, ikkje ein som er basert på kjensler.

Eit problem i dag er at media er veldig dårlege til å representera kva som eigentleg skjer innan forskinga, og gir gjerne små enkeltstudier med oppsiktsvekkjande funn mykje merksemd. Såleis blir det falsk balanse i mange spørsmål, og dermed får folk eit inntrykk av at forskarane vinglar fram og tilbake. Mange vel å høyra på dei få enkeltstudiene som seier akkurat det som passar med sitt eige syn. Omtrent 95% av forskarane meiner at klimaendringane er menneskeskapte. Eg, som ikkje er ekspert sjølv, gjer nok lurast i å lytta til vitskapleg konsensus.

Altså er det vel og bra at kunstnarar skaper engasjement, men eg trur me gjer lurast i å gå til fagfolk og vitskapen for å finna dei beste svara.

  1. Kva er din minst miljøvenlege vane?

Det er nok det at eg av og til vel å bruka fly som transportmiddel. Å reisa med fly er kanskje blitt litt for lettvint og billig.

  1. Kva er din mest miljøvenlege vane?

Eg likar å reparera ting, og driv ein god del  med gjenbruk både i  jobbsamanheng og  privat. Eg trur nok at forbruket må ned i den vestlege verda, og at gjenbruk er eit lite, men riktig steg.

  1. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

For meg er det dei mest aktive i diskusjonen rundt genmodifsert mat. Dei som tør å sjå på vitskaplege funn, og gjer dette tilgjengeleg og forståeleg for oss som ikkje sit med fagkunnskap, men som gjerne vil vita meir. Om eg skal nemna namn, har Liv Langberg og Jan Schjetne, som er svært aktive på Facebooksida ”Vi må snakke om GMO” (genmodifiserte organismar) vore inspirerande å høyra på. Eg har lært svært mykje dei siste åra, og har blitt nødt til å endra syn i ei sak der det i utgangspunktet virka så enkelt å velga side. Eg er komen til at det finnes eit stort potensial i denne teknologien, noko som kan gjera jordbruket mykje meir effektivt og miljøvenleg om det blir brukt riktig. Personane som inspirerer meg, har lært meg at ein faktisk må bruka tid på å gå djupare inn i materien og forstå den store samanhengen. Å vera opptatt av miljø, kan vera så mangt. Det siste året har eg også skifta syn på kjernekraft. Kva blir det neste? Ein må utfordra seg sjølv i slike spørsmål, og då er det utruleg bra å ha nokon som inspirerer ein til å gå djupare inn i problemstillingane.

  1. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Det er å tilbringa tid saman med familien, og gjera alle dei små rare ting som gjer denne mørke årstida til ei fin tid. Og berre så det er nemnt, det meste julepynten min er laga av skrot og gjenbrukte saker og ting.

 

Takk for praten Jan Terje Rafdal, -og god jul!

One thought on “Luke 14 / Jan Terje Rafdal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s