Luke 17 / Linn Frøkedal

Foto: Gry Dahl

Linn Frøkedal er frå Etne og er kjent frå banda The Low Frequency in Stereo og The Megaphonic Thrift. Det nyaste bandprosjektet, Misty Coast, har fått glitrande anmeldelsar for det første albumet som kom ut i år. Her deler Linn Frøkedal sine tankar kring klima og miljø! 

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Klimasaka er viktigare enn nokon gong! Eg kan ikkje hugse når engasjementet starta, men me lærte jo mykje om miljø og klima via barne-tv i oppveksten, der bl.a. Blekkulf, Fraglene og Kykelikokos hadde ein klar bodskap om miljøvern og resirkulering.

  1. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Her har me alle eit ansvar. Styresmaktene burde satse meir på fornybar energi, utvide og effektivisere kollektivtilbodet og gjere det enklare og mindre kostbart å velje grønt i kvardagen. Det er også viktig med folkeopplysing, slik at alle blir klar over kor store konsekvensar mennesket sine handlingar har for planeten. Me som enkeltpersonar har ansvar for at vårt daglege liv går minst mogleg ut over klimaet. Her burde alle ta kjeldesortering på alvor, handle færre ting og heller investere i kvalitet som varer, ein burde prøve å reise meir miljøvennleg, ete mindre kjøt og kjøpe meir lokal mat.

  1. Korleis kan musikarar og artistar bidra til klimasaka?

Som musikar reiser ein jo mykje, og dersom det er mogleg burde ein velje tog i staden for fly eller bil.

  1. Kva er din minst miljøvenlege vane?

Det blir jo dessverre ofte fly når eg reiser i forbindelse med konsertar og turnéar. Eg har også hatt “datoskrekk” store deler av livet, og har nok kasta mykje mat som var heilt fin. Dette er noko eg blir betre og betre på. Ein har jo fått luktesans og auge for ein grunn.

  1. Kva er din mest miljøvenlege vane?

Eg er nøye på kjeldesortering, elskar å handle second-hand og prøver å ha 3-4 vegetar-middagar i veka.

  1. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Eg har sansen for Frederic Hauge, som sidan 80-talet har vore ein ledande miljøaktivist i Noreg. I vinter var eg og med og komponerte og framførte musikk (sjå video nedanføre) til Morten Tråvik sin  “Århundrets rettsak”, som var ein fiktiv rettsak mot staten som føregjekk i ein iskatedral i Kirkenes. Her fekk ein fram synspunkt for og imot oljeutvinning i Barentshavet. Eg syns det er inspirerande at kunstnarar som han setter klimasaka på dagsorden.

  1. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Det må vere at mine tre søsken, foreldre og Tante Elin er samla i Etne. Det skjer stort sett berre éin gong i året. Det blir heller ikkje jul utan julemiddagen!

Takk for praten Linn Frøkedal, -og god jul!

LagreLagre

LagreLagre

One thought on “Luke 17 / Linn Frøkedal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s