Luke 18 / Rune Furseth

Foto: Suldal transport

Suldal transport er av dei største aktørane innan transport i Noreg. Med 145 køyretøy i sving driv dei med matvaretransport og anna distribusjon i heile Sør-Noreg. Her deler administrerande direktør, Rune Furseth, sine tankar kring klima, miljø og det grøne skiftet i transportbransjen. 

1.Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Ja, klimasaka har eg fokus på både privat og i jobben. Eg starta i det små allereie då eg var liten, då eg ikkje likte at folk heiv søppel i naturen.

2. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Begge parter må bidra.

3. Korleis kan transportsektoren bidra til det grøne skiftet?

Me må jobbe mot 100 % utnytting av lastekapasiteten, bruke nye og miljøvenlege Euro 6-lastebilar*, og gå over på meir miljøvennleg energikjelder som HVO (hydrogenerert vegetabilsk olje/bio-diesel), biogass, hydrogen og etterkvart nytte EL-lastebilar. Dei første el-lastebilane blir levert neste år og i løpet av 2-5 år vil dei nok også vere på våre vegar (først og fremst i byar). Kor mange Suldal Transport kan kjøpe/benytte seg av, avhenger av kapasiteten og køyrelengda.

*Euro 6 er ein ny EU-standard til nye køyretøy som vert registrert etter 1. januar 2015. Standarden inneber eit krav til lågare utslepp frå lette køyretøy og lastebilar, og at køyretøya mellom anna inneheld ein teknologi som renser eigne utslepp.

4. Kva er din minst miljøvenlege vane?

Eg køyrer over 40.000 km i året med dieselbil…

5. Kva er din mest miljøvenlege vane?

Kjeldesortering, gjenbruk og eg jobber aktivt for at Suldal Transport skal være i front med å bidra til å gjennomføre det grøne skiftet.

6. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Har ingen (dessverre).

7. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Julemiddagen med familien på julafta.

 

Takk for praten Rune Furseth, -og god jul!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

One thought on “Luke 18 / Rune Furseth

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s