Tips til trygg køyring på glatta

Sykkelsesongen kan vare heile året, -i hvertfall om ein brukar piggdekk. Me går for ny vintersyklingssesong, -og har allereie fått testa piggdekka godt dei siste vekene. Her er nokre tips til deg som vurderer å byte ut beina, bilen eller kollektivtransport med sykkelen!

Tenk over kva for ein syklist du er

Bruker du kun sykkel til jobb, til butikken og andre korte strekningar på asfalt og grus? Er du rett og slett ein Brelett-syklist slik som meg? Eller driv du med offroadsykling og verkeleg trener når du er ute? Desto hardare bruk, desto betre grep, grovare dekk og fleire piggar treng du.

Kjøp piggdekk i sportsforretningar / sykkelbutikkar 

Gå for piggdekk som ein sel hjå sykkelbutikkar og andre sportsforretningar. Då får du kvalitetsdekk og god hjelp til å kjøpe akkurat det du treng. Sjølv om du gjerne bruker eit par hundre kroner ekstra enn om du går på Biltema eller andre stader, er et likevel ei god investering om du skal bruke piggdekka mange år på rad.

Det er viktigast å ha godt grep framme

Det er viktigast å ha godt grep på framdekket. Om du er kvardagssyklist og ikkje har den røffaste køyringa, går det fint at framdekket ha fleire piggar enn bakdekket. Me kjøpte eit dekk med fire rader med piggar til fordekk, og eit med to rader med piggar til bakdekk. Dekka var av merket Schwalbe og funkar som berre det.

Sjølv om du har piggar, -køyr forsiktig!

Ein skal ikkje stole blindt på piggdekka. Køyr forsiktig, bruk hjelm og ikkje minst refleks no i mørketida.

Hugs å nyte!

Å kunne sykle ute når kulda bit i kinna, frostrøyken står ut av munnen og andre listar seg bortover på glatta, er veldig kjekt! Du kjem deg raskare framover, og du får meir ut av dagen enn om du hadde stengt deg inne i ein buss eller bil. Du får frisk luft, blir full av endorfinar og får gratis trening. Vintersykling er eit skikkeleg Kinderegg!

 

Framdekket har piggar på midten, men også på sidene der dekket byrjar å skråne ned.

Bakdekket har berre piggar på midten.


Vintersykling kan anbefalast på det sterkaste!

Følg Brelett-syklisten for nye oppdateringar om vintersykling, julekalender og anna fint på Facebook

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Tips til trygg køyring på glatta

  1. Etter å ha lese om at de har piggdekk, fekk eg lyst til å prøve. Da Fredrikstad kommune i haust hadde ei kampanje for å få fleire til å bruke sykkel også om vinteren, slo eg til. Dei sette på dei nye dekka gratis og dei hadde avtalar med fleire av sykkelreparatørene i byen som solgte dekk til rabattert pris. Eg går aldri tilbake til sykling uten piggdekk om vintaren – det er som ein draum! Eg har og vorte veldig glad i å sykle dei siste månadene, så til våren vert det ny sykkel også!

    Eg er ho som syklar til (ned) og frå jobb (opp), og eg tek livet med ro, eg har ikkje dei dyraste dekka, men eg føler meg mykje tryggare. Refleks får eg aldri nok av, så eg har ein både her og der!

    God jul =)

    1. Så kjekt å høyre!! Piggdekksykling er veldig artig, -og så flott å høyre at Fredrikstad kommune også har ei slik ordning! Heia kommunane som går i bresjen for dette!

      God jul til deg også! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s