Luke 21 / Kari Kalstveit

Foto: Privat

Det er få stadar me tilbringer meir tid enn i husa våre, og mykje energi går til oppvarming og anna elektrisitet. Kari Kalstveit er byggingeniør og avdelingsleiar i Omega Areal, og deler her sine tankar kring klima, miljø og miljøvenlege hus. 

  1. Er du oppteken av klimasaka, og når starta eventuelt dette engasjementet?

Ja det er eg. Eg har vakse opp med foreldre, då særleg ein far, som alltid har vært miljøbevisst. Eg har tidleg blitt innprenta med det å ta vare på naturen og legge minst mogleg synlige spor igjen, med mindre det gjaldt løyper i tur og mark.

2. Kven har ansvaret for å løyse klimautfordringane? Styresmaktene eller enkeltpersonane?

Det tenker eg er ein kombinasjon. Eg tenker at styresmaktene kan legge dei store føringane og bidra til å bevisstgjere folket, men som enkeltpersonar har me og mange områder me kan bidra på. Ein må som regel byrje i det små, og der er enkeltpersonen i kvardagen ein god start.

3. Korleis kan me bygge meir miljøvenlege hus? 

Dei tekniske forskriftene som gjeld byggenæringa er mellom anna med på å bestemme minimumskrava i bygg. Desse krava gjeld mellom anna isolasjon i golv, vegger og tak, og krav til varmetap for glas/vindu/dør, og lekkasjetal. Slike krav er med på å redusere behovet for oppvarming, som igjen reduserer energiforbruket. Regelverket har blitt strengare dei siste åra, men det er ikkje berre dette som er årsaka til at folk bygger energieffektivt. Generell kunnskap er også ei brikke. Folk bygger for komfort (behageleg innetemperatur) og med mål om å halde utgiftene til oppvarming låge. Det fører til godt isolerte bygg og energieffektive oppvarmingsløysingar.

4. Kva er din minst miljøvenlege vane?

Minst miljøvenleg vane må vere at eg køyrer bil overalt eg skal. Samstundes kan det forsvarast med at distriktnoreg sitt kollektivtilbud er noko labert, -særleg der som eg bur!

5. Kva er din mest miljøvenlege vane?

Det må vere at eg sorterer alt av avfall. Plast, papir, glas og metall, mat- og restavfall.

6. Kven er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø?

Eg har nok ingen spesifikke som eg ser opp til i den grad, men i min kvardag så må eg nok sei at du Inga, er veldig inspirerande. Din blogg, som har smådryss i ulike sosiale media, treff meg godt i kvardagen 🙂

7. Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Det må vere å vere i lag med familie og vener. Senke skuldrene, og nyte livet. Også blir eg veldig glad dersom eg får pinnekjøtt ein av juledagane.

 

Takk for praten Kari Kalstveit, -og god jul!

One thought on “Luke 21 / Kari Kalstveit

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s