I-siste-liten-gåver

Om du, som meg, kvart år er ute i siste liten når det kjem til gåver og juleførebuingar, er her nokre grøne tips til siste-liten-gåver!

Gi noko som folk kan gle seg over til julefrukostane, julebrunchen eller over nyttår. Kjøp ei flaske med ekstra god eplejuice på ein velassortert matbutikk eller Vinmonopolet, nokre gode ostar eller anna godt som du veit blir oppete i jula. Du kan fint lage nokre smakfulle gåver i siste liten også. Kva med ein nydeleg tomatpesto som kan etast både med brødmat og til lutefisken? Eller kva med nokre snickerskuler laga av berre tre ingredienser? Sjå oppskrifter nedanføre. Elles er grøne gåvekort den beste, mest miljøvenlege og ikkje minst mest kjærkomne gåva å både gi og få når ein er ute i siste liten. Ja til fleire grøne gåvekort under juletreet!

Den enklaste tomatpestoen i verda

1 gl. hakka, soltørka tomater av merket Paradiso*

Hell heile innhaldet i ein behaldar som passar til ein stavmiksar, og mos i veg. Når du har ein purèliknande konsistens er du ferdig. Hell over på eit glas, -eller enda betre; vask og skrubb av etiketten på det glaset som tomatene kom i! Det har eit fint gullok og då bruker du alt. Her vert det zero waste og du har ei smakfull gåve på 1-2-3.

*Eg har prøvd andre merke, man mange vert for salte. Denne er akkurat passe på smak, og inneheld også kapers, kvitlauk og krydder. Du finn den i dei fleste daglegvarebutikkar.

Veganske snickerskuler

1 del peanøtter

1 del dadler

kakaopulver til å rulle i

Køyr ein del dadler og ein del peanøtter i foodprocessor til du har ein deigete konsistens. Smak gjerne til, slik at du får dei så salte/søte som du ynskjer. Rull emne til passe store kuler, og vend i kakaopulver. Då får kulene ein fin bitter sjokoladesmak, som passar til det søte. Putt i ein fin boks eller på eit glas, og gi bort som søt gåve til jul! Om du ikkje ender opp med å ete dei sjølv, som eg av og til har gjort…

Grønt gåvekort

Den beste idèen er alltid å gi eit grønt gåvekort til nokon! Framtiden i våre hender har laga eit eige som ein kan printe ut frå nett. Her finn du mange gode tips til grøne gåver. Kva med barnevakt, selskap under joggetur, piknik, sykurs, hagestell eller den beste; 1 time lytting utan avbryting? Hehe! Har du ikkje printer tilgjengeleg, kan du fint lage eit handskrive eit. Tid og sosialt samvær med vener og familie er det dei fleste av oss ynskjer oss mest. Ei betre gåve skal du leite lenge etter.

 

Ynskjer dykk alle ein fin kvelden-før-kvelden, -og sjekk gjerne Instastoryen min. Der lagar eg tomatpestoen!

Inga 😀

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s