Godt grønt nytt år!

Bilete frå februar då eg vart redda av klesutleigetenesta Fjong!

Godt nytt år alle saman! 2018 er her og det betyr blanke ark og nye moglegheiter. Skal me gjere 2018 til eit enda grønare år enn 2017?  Høyrte eg ja? Ok! Då gjer me det!

Det er så mange fine tiltak ein kan gjere, som ein lett kan innlemme i kvardagen utan at ein merkar stort. Her er nokre forslag:

Byt ut bil med sykkel eller buss 1-2 gonger i veka.
Du sparer utgifter til drivstoff, parkering og bompasseringar. I gjengjeld får du gratis trening og utetid!

Ha kjøttfri middag 1-3 dagar i veka.
Kvifor ikkje utvide kvardagsreportoiret i 2018 med spanande og næringsrike rettar, -utan kjøt? Det finst eit hav av spanande smakar og oppskrifter!

Ha mål om at kvart andre eller tredje kjøp (utanom daglegvarer) du gjer, skal vere brukt (eller leigd)
Finn.no, kjøp-og-brukt-sidene på Facebook, utleigefirma som Fjong m.m. er store skattekister for den som kjøper brukt eller leiger.

Ha mål om å ha færre flyturar i år enn i fjor.
Me nordmenn er på flytoppen i Europa. Nokre flyturar er vanskelege å unngå når ein må fly i jobben eller skal besøke familie. Men å byte ut ein storbyferie i Europa med ein storbyferie i Noreg, telttur eller turisthyttetur i Noreg, kan anbefalast på det varmaste!

Byt ut eingongsprodukt med gjenbruksvariantar.
Me bruker mykje unødvendig plast som plastfolie, plastsugerør, eingongskoppar m.m. Kva med å ha mål om å bruke gjenbruksvariantar i større grad? Ein fjerner raskt mykje unødvendig avfall.

Hiv du deg med på ein av desse, eller har du kanskje andre grøne mål? Del gjerne i kommentarfeltet! Seinare kjem eg med eit resymé av bloggåret, og kva grøne mål eg har for 2018. Det er mange små, og eit stort eit…

Følg med!

Inga

LagreLagreLagreLagre

6 thoughts on “Godt grønt nytt år!

  1. Jeg skal begynne året med null kjøtt frem til påske. Så ser vi hvordan jeg tar det derfra 🙂

    1. Så bra og for eit flott mål! Eg vil gjerne høyre korleis det gjekk når påska er over. Eg har kutta ned på kjøt betrakteleg dette året, og er litt overraska over kor lite eg saknar det. Samstundes klarar eg meg nok ikkje utan fisken. Kuttar du den også?

      1. Jeg har også spist svært lite kjøtt etter sommeren. Ca 1 gang i uken.
        Helt uten alt kjøtt – også fisk. Mao lakto-ovo-vegetarianer. At jeg fremdeles bruker egg og meieriprodukter foreløpig.

        Har forresten feiret hele julen uten kjøtt ✊🏻🌱

      2. Det er imponerande! Eg hadde mildt sagt ikkje kjøtfri jul, men no gler eg meg til å vende tilbake til den vanlege kosten i kvardagen. Dette året blir det enda meir vegetarkost. Eg gler meg!

  2. Mange flotte grønne mål! Og på verdensbasis er det ikke rom for så mye kjøtt til hver. Men mørkt kjøtt produsert på norsk gras kan være like greit som bønner og eksotiske frukter fra andre verdensdeler! Mer norske poteter og mindre avocado, faktisk. 🙂

    1. Takk for godt innspel Karen Johanne! Det er til tider utfordrande å få oversikt over kva som er mest miljøvenleg å ete, men du har nok eit godt poeng i at om me et kjøt av norske grasfora dyr, er det ikkje det verste. Avocado-saka høyrte eg om på Ekko, men den har fått lite merksemd elles i Noreg samanlikna med Danmark. Der skjedde det store endringar både hjå forbrukarane og kjedene. Det er berre ei løysing; meir kunnskap til folk flest!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s