Bloggåret 2017

Mykje har blitt delt på Notisboka i år. Her er eit utdrag frå kvar månad!

Januar

Eg byrja året med å dele tips til miljøvenleg og bærekraftige klesmerke og me tok ein kik på kva som var i sesong i januar.

 

Eg fraus ned resten av festen og laga den beste brownien i verda med raudbete som hemmeleg ingrediens.

 

Februar

 

I februar var me på vinterferie i Kristiansand, og eg besøkte ein av favorittmatstadane mine i Noreg, nemleg Bønder i byen. På heimefronten vart kortreist torsk med (ikkje fullt så kortreist) søtpotetfries og aioli ein ny gjengangar på middagsbordet.

  

Eg og mannen var i bryllaup i Oslo i februar, og utleigetenesta Fjong kom reddande til då eg brått stod utan kjole. Eg feira også valentinsdagen med å gi mannen ei kul og bærekraftig vassflaske til å ha på jobben!

 

Mars

 

Eg var på jobbtur til Tyskland i ei veke. Mellom slaga fekk eg tid til å sykle rundt, kike på kirsebærtre som blomstra og nyte våren. Vel heime selde eg terrengsykkelen min til ein ivrig terrengsyklist!

 

Eg fekk stor inspirasjon til å ha eit zero waste-prosjekt, der målet var å handle flest mogleg emballasjefrie daglegvareprodukt. Elles fråtsa eg i appelsiner som var i sesong, når eg kunne.

 

April

  

Handleprosjektet fortsatte for fulle mugger, og eg oppdaga fleire og fleire stader i Haugesund kor ein kunne få emballasjefrie varer. Prosjektet gav meg fleire oppvakningar, -og smakfulle opplevingar!

   

Me melde oss inn i andelsbruk i Etne og eg kunne byrje å hauste litt i hagen i Haugesund. Eg vart intervjua om bruk av nynorsk i bloggverda og jubla over grønt spesialnummer av favorittbladet Stella.

 

Mai

   

Mannen fekk ei bursdagsgåve som førte til mindre avfall, -og han elska den! Bort med eingongshøvlar, og inn med kul barberhøvel fri for plast. Minstemann fekk ny barnehagedress, – igjen kjøpt på Finn.

   

Eg skreiv om jakka som vandrar frå den eine til den andre, og var begeistra over Anne Gunn Halvorsen si bok Livet og korleis leve det.

Eg skreiv om teposar utan unødvendig avfall og me kom i gong på andelsbruk i Etne, noko som førte med seg mykje hygge og interessante stunder.

   

Eg fekk etter langt og lenge eit mindre godt svar frå Synnøve Finden, etter å ha reist spørsmål om den meiningslause plasten dei selde saman med Kongsgård-osten sin. Somarhagesesongen byrja i Etne, -enn så lenge med tjukke sokkar på.

 

Juni

  

  

Me starta ferieturen vår som var bilferie i Noreg frå Valdres i aust, via Oslo til Sørlandet i sør. Me besøkte flust av familie og vener på vegen, me gjekk i fjellet, mann og barn fekk nokre late dagar i Ullevåll hageby hjå familie, medan eg feira Siri som skulle gifte seg, høgt og lågt i Oslo. Etter ei heidundrande helg, sette me snuten mot svigerfamilie, hytteliv i Mandal og dyreparktreff med gamle vener i Kristiansand. Ein flyfri somarferie full av gode minner. Frå fjell, til uteliv til strand og skjærgård. Akkurat slik me likar det, -i pose og sekk.

 

Juli

  

Me var fortsatt på somarferie og minstemann tusla rundt i det eine bruktplagget etter det andre. Her i tante Mari sin 20 år gamle buksedress. Svoger Will introduserte oss for Torta de ceci, som vart smaken av somaren 2017.

   

I ferien fann me også fine zero waste-produkt, som desse fine Noregsglasa med lok og gjenbrukbare sugerør. Etter ferien har dei vore i bruk fleire gonger i veka. Då me kom heim vart eit teppe redda i siste liten frå å hamne på søppeldynga.

 

August

 

I august fekk eg sydd om ein kjole eg kjøpte på bruktfest for eit år sidan. Me skaffa oss syklar som passa betre til vår bruk, og gjorde oss klare til fleire bilfrie dagar.

   

Eg gjorde ny rekord i bruktkjøp, då eg handla sykkelsetet i lunchen og det vart også andre fine bruktkjøp, som denne fine messinglampa frå Fretex.

 

Eg skreiv ein anmeldelse av hybridbilen vår og hadde det første sy-om-prosjektet. Ein uperfekt kjole laga av mannen si skjorte som gav lyst til å sy meir.

September

  

Eg lurte på om det var ok å gi brukte gåver og hausta mykje godt på andelsbruket.

  

Humlebedprosjektet gjekk både opp og ned. Halvparten av plantene drukna, men humlene kom! Eg testa også avfallsposar av mais.

 

Oktober

   

Det vart arrangert Fiksedag på Gamle Slaktehuset og eg vart fotografert av flinke Ida Skeie.

  

Eg starta å dyrke gjenbrukspurre i vinduskarmen og oppdaga boka eg alltid har drøymt om å ha.

 

Spasertur på Hamresanden enda med strandrydding og me hadde storslagen miniferie på under 24 timar i Etnefjella.

 

Eg skreiv ein anmeldelse av OrganiCup og me var på flyfri haustferie i Danmark.

 

November

  

Eg lurte på om microfiberklutar framleis var det mest miljøvenlege alternativet, og fekk svar frå Framtiden i våre hender! Me tok også ein kik på alt det gode som var i sesong i november.

 

Me laga gjenbrukskunst og eg kunne endeleg annonsere julekalenderprosjektet eg hadde jobba med i det stille.

 

Desember

Finn.no hadde ein viktig kampanje om at det er heilt greit å gi brukte gåver, -og eg gav tips til vintersykling.

 

Eg laga grøne siste-liten-julegåver og me arrangerte «grøn søndag» for naboane på feltet, -som også kom fuglane til gode.

Eg fekk publisere 24 intervju av spanande personar som fortalde om sitt forhold til klima og miljø. Det artigaste prosjektet på bloggen nokon sinne!

 

Takk for eit flott bloggår og at du kikar innom! Til alle nye følgarar: velkommen! Så kjekt å sjå deg!

Kom gjerne med innspel til ting de lurer på, som me burde finne ut av eller burde bli betre på i det nye året. Det er difor denne bloggen er til. Målet er at den skal inspirere og gjere meg og dykk andre klokare på korleis me kan leve «grønare» og meir bærekraftig. Eg lovar fleire grøne bloggpostar og sprell i 2018!

Inga

 

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s