Grøne saker eg skal fortsette med i 2018

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nyttårsforsett og meg går ikkje heilt hand i hand. Godtestopp varer som oftast to dagar (oi! Sjokoladenissane som eg gøymte for meg sjølv lengst bak i skapet!) og mål om å møte opp på treningssenter kvar veke, har litt for ofte enda med etterlysningssmsar frå treningssenteret som startar med «Vi har ikke sett deg på 30 dager». Nyttårsforsetta har difor kapituler for lenge sidan. I staden går eg for mål om å fortsette med saker som var kjekke, nyttige og underhaldande i året som gjekk. Dei var det mange av, men her er dei grøne sakene som eg skal fortsette med i 2018. Om eg får dei like bra til som i fjor, er eg godt nøgd, -men om det går enda betre blir eg særs nøgd! I tillegg til dei mange små, har eg også eit stort ett, som eg resirkulerer frå året 2013.

1. Fortsette å handle ein gong i veka og ha 1-2 restedagar

Dette kom me godt i gong med i fjor, og det har minska matsvinnet betrakteleg.

img_0305

2. Fortsette å fase ut eingongsplast og anna unødvendig avfall i heimen

Plastfolie, små plastposar og liknande skal i størst mogleg grad ut, til fordel for bivokspapir og andre gjenbruksløysingar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

3. Plukke meir søppel

Ha med pose på tur og bli flinkare til å plukke søppel når me kan.

IMG_0715

4. Fly minst mogleg.

Dei siste åra har eg hatt to turar i året der eg har flydd. I fjor var me i eit bryllaup i Oslo ei helg, og til Tyskland med jobben ei veke. Utover det gjekk me for flyfrie feriar.

I år ventar to turar med fly som me veit om. Eg skal på eit kurs i Oslo i februar, og me skal endeleg besøke svigerinne og svoger i England igjen! Det er alt for lenge sidan. Utanom dette skal eg og mann moglegvis på ein tur som krevjer fly. Det vert difor kanskje ein tur meir i år, men då er målet å fly mindre igjen til neste år.

img_0747

5. Ete mindre kjøt

Dette året har eg minska kjøtinntaket betrakteleg utan at det eigentleg har vore eit bevisst mål. Eg veit ikkje heilt kvifor, men kjøt smakar ikkje like godt til kvardags lengre. No har me stort sett 1-2 kjøtmiddagar i veka.

img_0252

6. Ha 30-50% bilfrie dagar i løpet av ein månad

Sykkelen har stort sett blitt brukt til jobb kvar dag i haust, og også mykje utanom. Likevel er småkøyring til butikkar og andre ærend vanskelegare å slutte med enn me trudde. Nokre vaner er utruleg vonde å vende! No skal me brette opp ermene for å bli betre på dette.

…og så eit større eit…

 

 

7. Ha shoppestopp av klede og sko til meg sjølv i eit år

Eg hadde shoppestopp for fem år sidan, og det er noko av det mest nyttige eg har gjort. Det endra tankesettet mitt veldig når det kjem til kva ein eigentleg treng og kva som er ekte materialisme (kva det er (i mine auger) skal eg lage eit eige innlegg om). Etter det har eg ikkje vore noko stor shoppingløve, men eg skal likevel ha eit år med stopp, for å rett og slett dytte meg i retning symaskina! Eg har veldig lyst til å sy meir, -så dette året skal eg for alvor sette meg inn i det. Det er lov å kjøpe brukte klede og nye tekstil til syprosjekt, men eg skal i størst mogleg grad gå for redesign. Eg er litt spent på om eg kjem i gong, eller om eg berre vert gåande i dei gamle kleda eg har. Det kan fort skje det også!

IMG_0546

 

Om du er nysjerrig på korleis dette skal gå, -følg med.

Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

4 thoughts on “Grøne saker eg skal fortsette med i 2018

  1. Hei! Du inspirerer veldig! 🙂
    Jeg har som nyttårsforsett å kjøre mindre bil, spise litt mindre kjøtt for hele familien (kom gjerne med gode tips til kjøttfrie middager som barna liker!) og jeg har bestemt meg for å ha shoppestopp på klær frem til 1. juni. Dessuten har vi halveis flytteplaner og da har jeg bestemt at alle møbler som skal innhandles til det eventuelle nye huset skal kjøpes brukt! 🙂

    1. Så spanande og gode mål for det nye året! Eg skal absolutt tipse om vegetarrettar for born. Me har eit born som et alt det får servert, og eit som helst vil leve på knekkebrød med smør. Det er difor utfordrande å finne noko som alle likar, men med litt variasjon frå dag til dag, vert det middagsmat på dei fleste gjennom veka. 😀

      Eg har gode erfaringar med å kjøpe møblar brukt. Finn.no er ei gullgruve. Samstundes skal ein ikkje undervurdere å sette inn ei god gamaldags avisannonse om du er ute etter konkrete ting. Slik skaffa me oss fullt hagemøblement då me ikkje fann eit på Finn.

      Takk for gode ord og ha ein fin dag!

  2. Veldig fin liste!! 🙂 Her blir også bilen parkert mer og mer, og jeg blir stadig flinkere til å handle en gang i uka og planlegge for mindre matkasting. 🙂

    1. Så bra! Så gøy at me er fleire!! Om du har gode tips til vekehandling og minsking av matkasting, kom gjerne med det her i kommentarfeltet! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s