Køyr kvardagsfest

I og med eg skal ha shoppestopp dette året, har eg bestemt meg for å preike meir om gjenbruk og ikkje minst vise fram alle dei fine gamle plagga eg har arva eller kjøpt brukt. Er du ute etter informasjon om moter og trendar, freshe outfit-bilete og profesjonell posering, må du likevel klikke deg inn ein annan stad. Her blir det gamle filler og keitete posering! Men men. Nokon sa «done is better than perfect», og om me skal bli flinkare til å bruke det me har i klesskapet eller kjøpe brukt, må me fokusere meir på det.

Første plagg ut er skinnskjørtet til tante Hanne frå 80-talet. Det er eit av plagga eg er mest glad i. I utgangspunktet har eg alltid tenkt at skinnskjørt betyr fest og basar, men i og med det er alt for lite av det i livet mitt no, -brukar eg det like gjerne i kvardagen. Ikkje la festplagg bli liggande som klesskapsspøkelse. Kombiner med andre meir kvardagslege plagg, og du kan ha litt fest kvar dag.

I yndlingsskjørtet i går, rett frå jobb i ein Haugeby bada i sol. Stort betre kan ikkje ein shoppestoppar ha det!

/ Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Køyr kvardagsfest

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s