Mat for sjela / Veke 2

Her kjem årets første Mat for sjela-post. Ei liste over saker som har vore fine, interessante eller gjort meg beint fram glad i veka som gjekk. Del gjerne dine i kommentarfeltet under!

26240209_1954538267919524_4280653888227913262_o
Foto: Pictures of Heidelberg

1.Dette biletet av Heidelberg

Det dukka opp i Facebook-feeden min i veka, og gav meg eit intenst sakn etter Tyskland og denne fine byen! Nokre små skritt frå denne plassen budde me i ein liten leilighet eit år. Med utsikt til slottet oppe i åsen, rådhusklokka og det fantastiske bakeriet Gundel rett rundt hjørnet kor me kjøpte frukost titt og ofte. Eg gler meg noko voldsomt til neste gong me skal på besøk. I mellomtida skal biletet får tene som skjermsparar på macen.

2. Skomakar to the rescue

Eg har hatt eit par boots ståande som har vore øydelagde lenge. Hælane var heilt skrapt opp på sidene, dei var blitt utruleg stygge og det var vanskeleg å sjå korleis dei kunne bli fine igjen. Som eit siste forsøk tok eg dei med til skomakar i Haugesund, og dei vart så gode som nye igjen! Det var over all forventning. Eg burde hatt eit før- og etter-bilete, men det tenkte eg ikkje på.

Per no er det tre skomakarar i Haugesund. Skomakerinnå, E skomaker og Skomaker’n i Haugesund. Eg har berre prøvd dei to siste, og det var E skomaker som gjorde jobben på desse skoa. Utruleg flott arbeid og eg betalte tohundre-og-eitt-eller-anna for reparasjonen. Sjå gjerne dette innslaget på TV Haugaland om E skomaker. Det er flott med folk som vender tilbake til skomakaryrket!

3. Denne kommentaren på baksida av Grannar

Eg gler meg alltid til torsdagane, når den gamle lokalavisa mi Grannar har stykket «På tampen» bakerst i avisa. Der skriv ulike skribentar om ting som opptek dei. Denne gongen var teksten ein liten augeopnar. Det er lett å tenkje på 2017 som eit mørkt år med uroleg politikk og menn med for mykje makt som kranglar om kven som har størst «knapp». Inga-Cecilie Sørheim sin gjennomgong av året, viser at det var flust av viktige lyspunkt, -og dei fleste handla om jenter som krevde endring. Året 2017 var altså like mykje eit år som handlar om framgong! Ein god tekst som gir mykje framtidsoptimisme.

4. Chilimajones

Me køyrer restemiddag 1-2 gonger i veka, og då er det kjekt med tilbehør som gjer det heile litt meir spanande. Akkurat no har eg oppheng på chilimasjones! Du treng berre 4 ss majones og 1 ss chilisaus (t.d. Sriracha) og blander saman. Det gir ein smakfull piff til både kjøt, fisk og vegetarmat. I dag vart den brukt til fredagstacoen som substitutt for manglande salsasaus. Det var like godt!

Foto: Karl Nordlund Filmlance/ Nimbus Film

5. Broen

Den beste serien er tilbake. Den skremmer vettet av meg og er samstundes heilt avhengighetsskapande.

6. Naboar som engasjerer seg i syprosjektet 2018

I veka tikka det brått inn ei Facebook melding frå ein nabo som lurte på om eg ville ha nokre skinn han hadde hatt liggande i tjue år. Kanskje kunne eg bruke det til eit gjenbruksprosjekt? Det var utruleg stas og så raust! No gler eg meg til å bruke dei til noko fint.

 

Ha ein flott fredagskveld! Me skal sjå på Norske talenter og heier på Tuva!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Mat for sjela / Veke 2

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s