Første syprosjekt i 2018

Syåret er i gong, og første prosjekt har vore å reparere ein heil del treningsklede og turklede som har vore på vent. Lapping av hol, forsterking av saumar med meir har blitt gjort med symaskin og for hand. Det er nett som å få nye klede igjen, og like kjekt er det at posen med «må reparerast-klede» minkar.

I dag måtte eg i siste liten hastereparere ein treningstights som hadde hol før eg skulle på ope hus-arrangement hjå CrossFit Haugesund. CrossFit har eg berre prøvd ein gong før, -då eg av ein eller annan sjuk grunn gjekk på ein prøvetime i Drammen seks veker etter første fødsel. Det er ikkje det smartaste eg har gjort. «Au!» er stikkordet. Likevel har eg så mange entusiastiske CrossFit-folk rundt meg, -at eg til slutt måtte prøve igjen eg og. Var det gøy? Ja! Veldig!! Nytt, flott lokale, flinke folk og kjekt opplegg. Kanskje er det håp for kroniske stønadsmedlemmer som meg også. Me får sjå!

Ha ein fin kveld!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s