Grønt i januar

I går var det reine vårstemningen i Haugesund, og eg fekk nesten lyst til å ta fram hagemøblane og takke vinteren for innsatsen for denne gong. Det er så kjekt når våren kjem, det vert lysare ute, me drikk kaffi med naboane rett som det er og går ut og inn av kvarandre sine hagar. Det er herleg! Men men, me får vere i vintermodus litt til, -me skal tross alt på vinterferie snart og allereie til veka skal eg til det snødekte Austlandet. Det gler eg meg til!

Januar gjekk raskt denne gongen, men fleire fine grøne saker skjedde. Mellom anna laga eg bivokspapir for første gong!

Eg fekk reparert nokre sko eg hadde gitt opp håpet for. Det var stas det!

Eg delte eit av dei finaste bruktplagga eg har. Det tredve år gamle skinnskjørtet som er like fint i dag!

Eg laga fuglemat på høggir og fekk eit yrande fugleliv i hagen då snøen kom.

Eg reparerte tur- og treningsklede som hadde større og mindre slitasje. Endeleg kunne eg ta alt i bruk igjen!

Utklipp: Haugesund avis. 25. januar 2018.

Eg var særs bekymra for all gummigranulaten som vert spreidd frå kunstgrasbanane rundt om.

Eg vart imponert over det rikhaldige innhaldet i programmet til Klimafestivalen 112, og konstaterte at noko må også skje i Haugesund til neste år!

Eg fekk både ein genser og eit par sko i gåve av venninner som ikkje skulle ha dei lenger. Så langt går dette shoppestopp-året umerka hen. Eg har ikkje heilt tenkt over at eg har shoppestopp enda, så det er eit godt teikn! Det einaste eg er litt bekymra for er det minkande talet på heile strømpebukser i klesskapet. Det tenkte eg ikkje på å bunkre opp med då eg byrja!

Om det er noko du saknar av innhald her inne på Notisboka, som du tykkjer eg burde ha skreve om, undersøkt eller tatt opp, gi ein lyd i kommentarfeltet eller på mail! Det er veldig kjekt og interessant å få innspel.

Ha ein fin søndag, då folkens!

/Inga

LagreLagre

2 thoughts on “Grønt i januar

  1. Strømpebukser kan du ønskje deg til Morsdag/Valentines som er rett rundt hjørna. Sidan det fortsatt er nokre månader til din egen bursdag 😉. Klem fra Solvor
    PS: har du testa ut Gallesåpe frå Chlas ohlsson på ullkleda til ungane? Eg har nettopp fått det i hus og er heilfrelst! Den klarte til og med gamle inntørka tranflekker! Skal hiva ut vanish og alt anna flekkfjerne middel ved neste ryddesjau.

    1. Takk for tips, Solveo! Gallesåpe har eg ikkje høyrt om! Clas Ohlson har mange grøne og kule produkt! Det skal eg sjekke ut neste gong eg er der. Og takk for tips ang. valentines/morsdag. Det skal vidareformidlast! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s