Usmarte tider

Det er ingen hemmelighet at eg har eit høgt forbruk av mobilskjermar. Etter å ha knust skjermen for n-te gong i fjor haust, måtte eg konstatere at det var ikkje berre skjermen som måtte bytast ut, men heile mobilen. Slukøyra over å innsjå at nye kroner måtte brukast på telefon, gav eg meg sjølv karantene frå smarttelefonar for ein periode. Når ein får motorikk som ein toåring med ein gong ein kjem i nærleiken av ein smarttelefon, vert det dyrt i lengda. Ein Nokia-mobil som berre kunne ringast og sendast meldingar med vart løysinga, -og ikkje minst ei interessant oppleving!

No har eg to månadar bak meg med usmart telefon, og der har vore beint fram deilig. Tid brukt på mållaus scrolling, har blitt byta ut med å faktisk få gjort ting og vere meir tilstades blant andre. Å sitte på café utan å begrave ansiktet i telefonen, men heller kike på folk og stire ut i lufta har vore fint! Eg har fått lest fleire bøker. Eg har vore meir konsentrert og effektiv med oppgåvene i kvardagen, i staden for å multitaske med mobilen. Eg er ganske sikker på at eg har vore meir mentalt tilstades på heimebane. Og eg har vore meir avslappa oppi hovdet.

Eg er litt usikker på kvifor eg har likt dette så godt. Er det den gamle dama eg har inni meg, -ho som likar portvin, NRK P1 + og som tykkjer at Med hjartet på rette staden er noko av det beste på tv, som likar usmarte mobilar? Eller har trettieinåringen i meg rett og slett fått ein trendy reaksjon på ti år med sosiale medie og smarttelefon som ein forlenga kroppsdel? Eg er litt usikker.

Diverre har eg måtte krype til korset å skaffe meg smarttelefon igjen. Presset frå omgjevnadane vart for stort, men den usmarte telefonen ligg på vent i nattbordsskuffa, klar for å steppe inn når eg treng ein digital detox.

-Og for oss som knuser mobilskjermar litt for ofte, -det finst håp! I det nyaste Infinitum-magasinet las eg nylig følgande:

Me har forresten ei luksushelg av dei sjeldne. Me har barnefri og skal få unna jobb og ein heil del andre saker som har hopa seg opp. I tillegg blir det bruktmarknad på Gamle slaktehuset og sein frukost i byen. Ferie i eigen by, -eller «Urlaub auf Balkonien» som tyskarane kallar det. Betre kan det ikkje bli!

Ynskjer deg ein flott laurdag!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s