Ingefærshot

Framover skal eg forsøke å skrive litt meir om restemat, -for det er både økonomisk, smart og bra for miljøet!

I forbindelse med vekeshandelen som me tek på onsdagar eller torsdagar, pleier me å endevende kjøleskapet dei to dagane før. Då skal siste rest brukast opp. Det viktigaste er ikkje at me har fancy middagar desse dagane, -men at folk blir mette og kjøleskapet tømt for eventuelt som nærmar seg best før-dato. Det har resultert i ein del rare og kreative middagar.

No i helga fekk eg brukt opp to sitroner som hadde byrja å tørke ut på benken. Eg hugsar ikkje heilt kva som var planen med dei, og har rett og slett gløymt dei heilt ut. Då eg også hadde ingefær og eit einsleg, rynkete eple i grønsaksskuffa, laga eg ingefærshot! Det er kjempe sunt, godt og gir eit skikkeleg kick på morgonkvisten.

Til 2 shots treng du:

1 sitron

1 eple

20 g ingefær

Skrell sitron og eple. Skrell og finhakk ingefæren. Køyr alt i ei juicemaskin til du har skvist ut den safta du kan. Server i to små glas.

Om du ikkje har juicemaskin, kan du fint bruke sitron og ingefær i smoothie, eller aller best, i heksebrygg! Det er kokande vatn tilsett sitronsaft, grovhakka ingefær, chili og litt honning. Det er sterkt, godt og tek knekken på forkjølelsen.

Ha ein fin morsdag og fastelavnsøndag alle saman!

/Inga

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s