Kjære butikktilsette

Det er ei sak eg stussar med ofte når eg går og handlar, -at dei som sit i kassa ofte putter varer oppi ekstra plastposar utan at kunden har bedt om det.

Eg vel ofte bort dei små, tynne posane til frukt og grønt. Anten har eg med eigne vaskeposar som eg bruker til dette, eller så legg eg berre frukten og grønsakene laust i korga. Det er ikkje krise. All mat blir vaska før me lagar mat av den, og mykje av frukten og grønsakene blir i tillegg skrelt.

Nesten kvar gong på butikken* opplever eg likevel at dei tilsette legg frukten og grønsakene mine i plastposar når dei skal bipe det gjennom kassa. Det er heller ikkje berre frukt, men også sjokoladar (som allereie har emballasje rundt seg), blomar, og småting vert lagde opp i desse plastposane før dei vert levert tilbake til meg. Det er rart, for eg ber aldri om det. Nokre gonger har eg oppdaga det før plastposen vert tatt på, -og takka nei. Men andre gonger der eg for oppteken med å legge varer på bandet, har eg brått fått 3-5 små plastposar ekstra med varene mine. Det er kjempe synd!

Ein mogleg grunn kan vere at dei tilsette er redde for at varene skal ta skade, skitne til dei andre varene eller anna før kunden kjem heim, -men det tenkjer eg er kunden sitt problem. Ber ikkje kunden om ekstra småposar i kassa, bør ikkje dei tilsette tilby det, eller ta det på utan å spørje.

Eg håpar butikktilsette kan vere med på ein slik dugnad! Det betyr mindre avfall, sparing av utgifter, meir nøgde kundar og er eit fint tiltak for miljøet.

*dette har eg opplevd både på Spar, Coop Prix, Kiwi, Rema 1000 og Meny.

Ei sitron treng ikkje ekstra plast rundt seg. Den passar like fint rett i handlenettet, -eller i handa!

Har du opplevd liknande og tykkjer du at det er eit problem?

Ha ein fin dag!

/Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

6 thoughts on “Kjære butikktilsette

  1. Da jeg jobba i butikk gjorde jeg noen ganger dette med blomster hvis de var veldig skitne, men sjelden uten at kunden ba om det – og aldri på frukt med skall eller annet som allerede har emballasje! Tipper at det for mange handler om kundeservice, mye av det går jo på å «forutse» kundens behov, men er jo enig med deg at det blir mye unødvendig bruk av plast på denne måten. (For øvrig må jeg si av erfaring at mange kunder blir oppgitt/sure hvis de må be om noe de mener den ansatte burde tilbudt, f.eks. poser – dette kan også være en grunn for noen til å gjøre dette)

    1. Takk for godt innspel! Det er nok veldig sant at det er meint som god service, og det er nok mange kundar som framleis ynskjer dei ekstra plastposane. Men om butikkane hadde marknadsført at dei ynskjer å redusere avfall, og at kundar som ynskjer pose må be om det, hadde det kanskje enda opp som ein positiv marknadsføringsstrategi? Kundane likar at butikkane har eit miljøengasjement og får samstundes ei forklaring på kvifor dei tilsette ikkje tilbyr plastposar utan vidare. Kanskje kan det bli ei vinn-vinn sak for butikkane, utan at det går utover kundeservicen. Eg håpar det! 😀

      1. Men om du hadde hatt veldig lyst på plastpose til sitronen din, så hadde du kanskje bare tatt posen sjølv ved grønnsaksdisken?

        Eg synes dette er heilt unødvendig (kanskje med unntak av til dømes blomar som nevnt over). Men altså: Eg har plutselig fått bananene mine i plastpose. Kva er vitsen?

        Hadde eg hatt lyst på plastikk så hadde eg tatt det. Folk blir meir og meir miljøbeviste, og for meg oppleves det betre å handle i butikkar med ein miljøprofil, enn å måtte passe på kva butikk-ansatte gjør med varene mine før eg rekker å få dei opp i gjenbruks-handlenettet.

        Eg prøver så godt eg kan å kutte plast-forbruket, og de vanene er harde å vende. Skikkelig frustrerende når ein føler ein gjør relativt store grep i livet, og likevel ender opp med den hersens plastikken i resirkulerina uansett :/

      2. Heilt enig! Det er nok av stader inne i butikken kor ein kan forsyne seg med små plastposar. Akkurat når det kjem til blomar, skjønar eg at dei kan skitne til bandet, men når ein også bruker det på svært mange andre varer, vert det litt irriterande.

        Takk for godt innspel, Lina! 😊

  2. Eg tenker nok også at den ansatte som finner fram ekstra plastposer er i servicemodus og ikkje sløsemodus. Dessuten er det jo kjedelig dersom skitne varer søler til rullebåndet og dermed går utover den ansatte og andre kunder. Eg er ingen vidarekomen i tiltak for plastreduksjon, men eit alternativ til plast må jo vere praktisk og reinsleg.

    Eg er ny på bloggen din, iallefall som kommentator. Me har same fornavn, bur i same fylke og skriv nynorsk. Miljøvern, sløseri og fornuftig bruk av ressursar opptar meg. Plast i naturen er eit dyrevelferdsproblem – her kan vi vel alle vere enige uansett kva ein måtte meine om global oppvarming.

    1. Hei Inga! Så kjekt å treffe likesinna rogalendingar og målfolk! 😀 Eg er heilt enig med deg, at det er nok grunna eit ynskje om å yte god service. Likevel er det fint om det vert merksemd rundt det, slik at ein ikkje tar for gitt at alle kundar ynskjer ekstra plast.

      Håpar du fortset å kike innom og legge igjen tankar og kommentarar. Det er alltid veldig kjekt å få innspel på det ein tek opp! Ha ein flott dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s