Kroppen er ikkje viktigast

Gløym kroppsfokuset og heller tenk på at snart blomstrar kirsebærtrea!

Eg les ikkje så mange treningsbloggar, men ein eg kikar innom, er Funkygine. Ei flott dame med bein i nasa og sterke meiningar. Her i veka publiserte ho innlegget For det eneste som vises er kropp, kropp kropp. Ho tek opp eit tema som eg tykkjer er særs viktig.

Kor enn ein snur seg er det kroppen som er i sentrum. Frå avisframsider om korleis du skal gå ned julekiloane, til sosiale medie der folk og merkevarer postar bilete av kroppar med hashtaggar som #fitliving, #fitspiration og #thinspiration. Kroppsidealet vert dyrka i det vide og det breie. Du skal ikkje vere berre slank, du skal også vere veltrent og ha synlege musklar på dei rette stadene.

Samstundes ser ein motreaksjonar med menneske som tek eit oppgjer med kroppsideala og som postar bilete av «den ekte kvinnekroppen» akkompagnert av hashtaggar som #loveyourbody og #honormycurves. Det er i utgangspunktet bra at det kjem reaksjonar og at ein får breidde i kroppane som blir vist. -Men er ikkje dette med på å understreke at nettopp kropp er så viktig?

Kva om me kunne bekjempe kroppshysteriet med å slutte å ta bilete av fleksande musklar eller formfulle magar, ribbein og strekkmerker. Kva om me rett og slett kunne kledd på oss?

Ved å heller vise meiningane våre, tankane våre, humoren vår og engasjementet vårt, -ja nettopp vise kor kule, interessante og fine folk me er inni kroppane våre, kan kroppsfokuset dyssast ned.

Å ha ein kropp som er sterk nok til å utrette det du vil gjennom dagen, som kan halde energinivået oppe og som bidrar til at du held deg frisk og rask lengst mogleg er viktig, -men til sjuande og sist er kroppen lite interessant utan det som er inni.

Kroppsfokuset har eksplodert saman med framveksten av sosiale medie. Det er ikkje sjeldan eg tenkjer at eg er letta over å vere 31 år og ikkje 16 i dag. No vert ein pepra med kroppsfokus 24 timar i døgnet via nettaviser, Instagram, Snapchat og Facebook. Det krevjer fokus å hugse på at utsjånad ikkje er det viktigaste.

Difor blir eg ekte glad av unge folk som Nancy Herz og Amalia-Louise Miniggio som bruker stemmene sine til å ytre meiningar og engasjement. Dei er viktige førebilete som minner oss om kva som er viktigast. La oss gi dei og andre unge stemmer enda større plass, og heller gi ein pause til dei fleksande musklane.

Kva tenkjer du?

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

4 thoughts on “Kroppen er ikkje viktigast

  1. Dette har jeg tenkt en del frem og tilbake på, og jeg har landet på at jeg synes det er bra at sosiale medier gir mulighet til at flere typer kroppen kan synes. Så lenge vi fortsatt bombarderes med bilder av én type kropp i offentligheten til daglig – den tynne, hvite kroppen – trengs en motvekt. Jeg synes kroppspositivismetrenden på Instagram stort sett er veldig bra. Jeg kan godt ta poenget med at vi burde fokusere på andre ting enn kropp, men så lenge samfunnet vårt fortsatt er ekstremt kropps- og utseendefiksert, tror jeg vi trenger den nyanseringen de som driver med kroppspositivisme bidrar med.

  2. Du har eit veldig godt poeng. Eg saknar også større breidde i reklamar, og media generelt. Dette er ikkje ei enkel sak, men eg er ikkje sikker på om det er rett å bekjempe kropp med kropp. Alt for mange skammar seg over kroppen sin, uavhengig av vekt og form. Dei aller fleste har eit eller anna dei skulle ynskje var annleis med kroppen sin på eit tidspunkt i livet, -og ofte er det når ein er ung. Kroppspositivitet er bra, men eg er redd me held kroppsfokuset i live når me så ofte ender opp med å snakke om kroppen, -og ikkje kva me tenkjer og meiner. Kanskje ved å heller heie på dei som tør bruke stemma si og som viser engasjement, kan me dreie fokuset bort frå nettopp kropp. -Men dette er ikkje gjort i ei handvending.

  3. Jeg er enig i at det er for mye fokus på kropp generelt. Det er jo som Ine skriver – veldig bra med en motvekt til det såkalte «idealet», men så tenker jeg; så lenge man fokuserer på noe så vil bare fokuset fortsette å øke..?
    Derfor er jeg altså enig med deg, la oss tenke mer på det som foregår på innsida. Både psykisk og fysisk helse, fordi bra helse tilsvarer ikke nødvendigvis en «instagramvennlig» kropp, og omvendt. Men også generelle tanker og viktige tema i samfunnet, naturligvis. Kroppen er jo bare det vi bærer med oss, mennesker er så mye mer enn det fysiske.
    Bra tema å fokusere på.

    1. Takk for gode innspel! Dette er eit utfordrande tema, men det irriterer meg kor ofte kropp og utsjånad vert kommentert når kvinner tek ordet i den offentlege debatten. Dette må me berre legge bort så fort som råd. Ynskjer deg ein flott 8. mars!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s