Skattkammeret

Skiutstyr i rett størrelse er ferskvare når ein er born og ungdom. Ein veks fort, og skiskoa som passa i fjor, passar sjeldan i år. Om ein ikkje er heldig å arve skiutstyr eller få kjøpt brukt, er vegen kort til å måtte kjøpe nytt gong på gong. Det har Kirkens bymisjon gjort noko med. I fleire byar i Noreg har dei opna Skattkammeret, ein utlånsbutikk der alle under 18 år kan komme og låne utstyr kostnadsfritt. Du får låne utstyret i ei veke og Skattkammeret i Haugesund kan by på alt i frå skiutstyr til akebrett, telt, skøyter, fotball, Go-pro-kamera, rideutstyr med meir. Dei har også gratis wifi, og born og unge kan komme for å spele Play Station, låne pc eller delta på ulike arrangement der.

Lokalet i Haugesund held til i Haraldsgata 192, og er ope tysdagar (18:00-20:00), onsdagar (10:00-14:00) og torsdagar (18:00-20:00). Skattkammeret finn ein også i Oslo, Drammen, Moss, Eidsberg, Halden, Odda, Sarpsborg og Tønsberg.

Forrige helg skulle me både på langrenn og alpint, og lånte fullt utstyr til sonen vår hjå Skattkammeret. Det var veldig enkelt, -nett som å låne ei bok på eit bibliotek. Han fekk supert utstyr som passa, og me kunne levere det tilbake etter bruk. Då me ikkje er på ski kvar helg, er dette heilt genialt, -både for lommeboka og miljøet!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s