Hudfavorittar i kulda

Ein les stadig om nye ingredienser i hudpleie som kan vere helseskadelege og er negative for miljøet. Likevel tykkjer eg det er utfordrande å halde tritt med dette, så eg har i staden prøvd å kutte ned på antal produkt, og velje miljøsertifisert der eg kan.

No i vinterkulda vert huden fort tørr, så eg tenkte eg skulle dele nokre favorittar med dykk!

Kokosolje

Eg kutta ut bodylotion for nokre år sidan, og har ikkje sakna det. Huden klarar seg stort sett fint utan, men når det vert vinter og kaldt, vert eg litt tørrare, -særkildt på legger og armar. Då nyttar eg kokosolje. Anten smører eg rett på kroppen, eller så har eg ei t-skei i badevatnet. Det gir silkemjuk hud! Eg bruker det på borna også. Det er lurt å oppbevare kokosolja i kjøkenskuffa, då den fort smelter og vert flytande på badet der det er litt varmare.

Kokosolje er også fint å bruke på hårtuppar når du kjem ut av dusjen. Det er eit fint alternativ til balsam og hårkur og gjer at hårtuppane ikkje så fort vert sletne.

Heimelaga kroppsskrubb med kaffigrut eller sukker

Av og til kan det vere fint med ein kroppsskrubb. Då blandar eg anten sukker med honning, eller olivenolje med kaffigrut. Det er supert å bruke ingredienser ein allereie har, og skrubbane fungerer like fint som dei eg tidlegare har kjøpt i butikk. Det einaste er at kroppsskrubb laga av kaffigrut er ferskvare. Lag akkurat det du treng der og då, eller ha det i ein lufttett behaldar i kjøleskapet. Då held den seg litt lengre.

Skinfood-krem frå Weleda

Dette er ein skikkeleg allround-krem som eg nyttar på kinna til ungane i kulda eller smører på tørre hender og føter. Den er feit og god. Weleda er ikkje svanemerka då det er tysk, men er Natrue-sertifisert, som blant anna betyr at det er vegansk og økologisk.

Om du nyttar mineralpudder, er det også eit godt tips å bruke denne kremen under. Huda vert ikkje tørr utover dagen og sminken sit som spikra.

Purelan

Dette sel dei på apoteket og er i grunn meint for såre brystvorter når ein ammer (aouch!). Eg er ferdig med amminga, men bruker den framleis på tørre vinterlepper og andre tørre flekker på kroppen. Huda blir «forsegla» og reparerer seg sjølv utan å bli utsett for tørr og kald luft utanifrå. Den fikser sprukne lepper på null komme niks!

Tran

Eg merkar stor skilnad på huda om eg tek tran eller ikkje. 1-2 ss kvar dag smører huda innanfrå, og i tillegg gjer det godt for immunforsvaret!

Rapsolje

I staden for vanleg mascarafjernar, nyttar eg rein rapsolje. Eg har prøvd olivenolje og kokosolje også, men rapsolja er mest effektiv.

Elles nyttar eg ein ansiktskrem frå Weleda, men det er det.

Har du nokre gode tips og triks for huda i vinterkulda?

2 thoughts on “Hudfavorittar i kulda

  1. Enig, det er vanskelig å halde tritt med kva som er helse/miljøfiendtleg. Dessutan kan ein aldri vite sikkert om produsentanes informasjon er korrekt. Det vil uansett vere lurt å redusere antall produkt ein har ståande. Jo mindre ein har, dess bedre oversikt og mindre fare for at ein kjøper dobbelt opp av ting. Det må jo vere miljøvennlig 🙂 Nå skal eg rote fram krukka med kokosolje eg veit at eg har ståande i skapet. Huden blir ofte tørr, kanskje kan dette funke nå i kulden??

    1. Ja, prøv kokosolja! Den har eg gode erfaringar med på kroppen. I ansiktet funka den ikkje like godt. Takk også for gode tankar! Ha ein fin dag! 😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s