5 grunnar til at det framleis er behov for 8. mars i Noreg

Gratulerer med dagen alle menn og kvinner! 8. mars er diverre framleis ein viktig dag, både i verda generelt, men også i Noreg. Er me eit av verdas mest likestilte land? Absolutt, men det er framleis ein veg å gå.

8. mars bør også markerast i Noreg, fordi:

1. den offentlege debatten er ikkje like fri for kvinner som for menn.

Undersøkingar viser at kvinner som deltek i samfunnsdebatten i større grad enn menn mottar hets som er seksualisert og retta mot person og utsjånad. Fleire kvinner enn menn oppfatter også denne hetsen som problematisk, og vel oftare å la vere å ytre seg grunna dette.

Den norsk-somaliske poeten Sumaya Jirde Ali trakk seg nyleg frå 8. mars-markeringa i Bergen, grunna massiv hets. At dette skjer er hårreisande og viser heilt konkret at ytringsfridomen i det offentlege rom ikkje er like fri for kvinner som for menn i Noreg.

2. kampen for fri abort framleis ikkje er over.

Aust-Agder Frp meiner at kvinner bør sjølv betale for abort. Dette er kort og godt kvinnefiendtleg og bakstreversk.

3. tradisjonelle kjønnsroller hindrar framleis kvinner i å kombinere familie og karriere på lik linje med menn.

Andelen kvinner som vel å jobbe deltid er langt større enn den for menn. Kvinner vel i større grad lågtløna yrke i den offentlege sektoren, noko som fører til at menn har i snitt ei årleg bruttoinntekt på 522 900 kr og kvinner 359 000 kr.  Me veit at det å få born bremsar løns- og karriereutvikling hjå kvinner, me veit at kvinner tek meir ansvar for born og heim, -sjølv hjå likestilte par og me veit at kvinner er 67% meir sjukemeldt enn menn. Tilfeldig? Neppe. Samla sett indikerer dette at dei tradisjonelle kjønnsrollene framleis speler ei rolle.

4. kjønnslemlesting av norske og kvinner og jenter er framleis eit aktuelt problem.

Dei siste ti åra har 53 personar blitt anmeldt for ulovleg omskjæring av jenter og kvinner i Noreg. Mørketala er sannsynlegvis større.

5. #Metoo

Røyrsla har fått fram mykje grums i mange bransjar i Noreg. Skodespelarar, politikarar, helsepersonell og folk i akademia har stått fram med ubehagelege eksempel på korleis seksuell trakassering framleis vert nytta som eit maktmiddel av fleire menn.

Til slutt er dagen ei like viktig solidaritetsmarkering for alle kvinner i verda som lever i samfunn som ikkje har komt like langt som vårt.

Eg ynskjer alle ein flott dag!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s