Putt restane i ei pannekake

Ei sak eg har bestemt meg for, er å bli flinkare til å legge ut minipostar innimellom. Ofte  får eg idear eller kjem over ting eg gjerne vil dele på bloggen gjennom dagen. I staden, ender eg opp med å lage mat, ta meg av klesvask, få unna jobb eller legge ungar. Er det fleire som har utfordringa med at sjølve «livet» kjem i vegen for den nøye planlagde timeplanen du har i hovudet? 😀 Neidå, eg er eit kvardagsmenneske av dimensjonar og elskar dei vande rutinane, men det hadde vore kjekt å oppdatere litt oftare her inne. «Det perfekte er det gode sin fiende» og «litt er betre enn ingenting», så frå no av skal eg vere mindre kritisk til eigne postar. Det betyr fleire bilete tatt med iPhone og kortare tekstar. Lengre innlegg vil framleis komme, men forhåpentlegvis vil eg oppdatere her meir jamnleg.

Så, her er dagens mini-post; ein skikkeleg restefest av ein middag. Har du restar frå gårsdagen, er det alltid ein vinnar å putte dei i ein wrap dagen etter. Om du ikkje har tortillas liggande klare, er grove pannekaker eit godt alternativ! Lag ei røre av 50/50 sikta kveitemjøl og sammalt mjøl (til saman ca. 3 dl), 3 egg, 5 dl mjølk og 1 stor ss smelta smør. Steik på medium-høg varme, og server med den toppingen du finn i kjøkenskap og kjøleskap.

I går stod fylgjande på bordet: kalde falafels, edamame-bønner, raspa ost, soltørka tomater i olje, rømme, youghurt naturell, lønnesirup og bacon. Ein skikkeleg restefest av ein middag, der alle sine smakslaukar vart nøgde.

Nam!


I have decided to become better at «micro-blogging». Often during the day I get ideas or come across things I’d love to share. Instead, I often end up cooking, doing the laundry, working in the evenings and putting kids to bed. Anyone else having the problem of «life» disturbing the carefully planned time scheduled in your head? 😀 But, «done is better than perfect» and «something is better than nothing», so from now on, I’m going to be less critical to my posts. That means more photos shot with my iPhone and shorter texts. Longer posts will also occur, but hopefully my blogging will become more regular. 

Here is today’s micro-post: a real scrap dinner, made by yesterday’s dinner and what we could find in the fridge. If you have leftovers, a real winner is always to put it into a wrap. If you don’t have tortillas at home, whole wheat pancakes are a great alternative. Make a batter consisting of 50/50 white flour and whole wheat flour, 3 eggs, 5 dl milk and 1 large tablespoon melted butter. Fry on a medium-high heat and serve with whatever you can find in your pantry and fridge.

Yesterday we had the following toppings on the table: cold falafels, edamame, grated cheese, sun dried tomatoes, sour cream, youghurt, maple sirup and bacon. A real leftover feast, where everyone’s taste buds were pleased. 

Yum!


 

Håpar du fylgjer med vidare, sjølv om det vert meir blogging frå mobilen! 🙂

/Inga

LagreLagre

2 thoughts on “Putt restane i ei pannekake

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s