Fordelene med andelsbruk

Invitasjon Eikanes 2018 Fulltekstversjon (04.12 5)Me vart medlem av Eikanes andelsbruk i heimbygda mi Etne, for eit år sidan. Det har vore ei veldig kjekk og morosam oppleving og eg vil definitivt anbefale det til andre som er nysjerrige på andelsbruk. Eg tenkte eg skulle dele hovudfordelane med å bli med i eit andelsbruk her!

Ny kunnskap

Andelsbruket vårt dyrker økologiske grønsaker. Ved å delta i alt frå såing til hausting, lærer du langt meir enn du ville har gjort om du las ei bok. «Learning by doing» har aldri stemt betre!

Fersk mat

Somaren var særs våt og kald i fjor, noko som påverka avlinga stort. Likevel fekk me hausta store mengde tomater i drivhuset, lauk, betar, poteter, gulrøter med meir. Me fekk til og med kjøpe eit halvt lam, ferdig slakta, frå bonden. Det har gitt oss mange nydelege middagar dei siste halvåret og enda er det litt igjen til grillsesongen.

Grønsaker som er dyrka lokalt og kjøt som du veit kjem frå dyr som har hatt sunne og gode liv, smakar kort og godt betre enn den anonyme maten du finn i butikken.

Å støtte det lokale landbruket

Noreg si sjølvforsyning av grønsaker- og korn er no på rundt 46%, noko som plasserer Noreg på botn i verda når det kjem til sjølvforsyning. På same tid har 2 av 5 gardar i landet blitt lagt ned siden 1999, og 5% av matjorda er ikkje lenger i bruk. Ved å støtte lokale gardar, kan me motarbeide nedbygginga av norsk landbruk og sørge for at viktig kunnskap om matproduksjon framleis vert spreidd.

Bygge fellesskap

Ved å bli med i eit andelsbruk møter du nye og interessante menneske som deler dine interesser. Eit andelsbruk kan kort og godt vere ei kjelde til nye idear, venskap og kontaktar!

Lære å ete etter sesongane

I dag er det ikkje enkelt å få auge på sesongvarene i butikken. Ok, du får kanskje ikkje norske blåbær 12 månadar i året, -men gjer det eigentleg noko når ein kan få blåbær frå Guatemala i april? Ja, faktisk. Blåbær frå Guatemala har reist ein lang veg før dei kjem til den lokale butikken din. Energien (og utsleppa) det tek å produsere og frakte blåbær jorda rundt, er langt større enn for blåbær som vert dyrka i Noreg, -eller enda betre, i nabolaget ditt. Ved å ete etter sesong, kan du verkeleg fråtse når norske råvarer er på sitt beste, og du kan samstundes vete at dei er produserte på eit meir etisk og miljøvenleg vis.

Å ganske enkelt gle seg til dei ulike sesongane er også ein stor fornøyelse. Ved å delta i eit andelsbruk, får du større oversikt over sesongen til dei ulike grønsakene. Ved å hauste dei sjølv, får du ei større takksemd og respekt for all tid og arbeid det tek frå eit frø blir til ein grønsak som kan haustast. Det er langt vanskelegare å kaste mat du har hausta sjølv, enn mat du har kjøpt på butikken!

Invitasjon Eikanes 2018 Fulltekstversjon (04.12 5) 1


We joined a CSA (Community Supported Agriculture) in my hometown, Etne, a year ago. It has been a very fun and interesting experience and I would definitely recommend it to other people who are curious about CSA. Here are the (in my opinion) main benefits!

New knowledge

Our CSA focuses on organic vegetables. By participating in everything from sowing to harvesting the vegetables, you learn much more than you would by reading a book. «Learning by doing» has never been more right!

Fresh food

The summer was very cold and wet las year, which affected the crops greatly. Still, we got to harvest loads of tomatoes from the greenhouse, onions, beets, potatoes, carrots and more. We even received a half lamb, ready butchered, that has given us many delicious dinners.

Vegetables grown locally and meat that you know comes from animals that have had happy and healthy lives, simply tastes better than the anonymous produce you find in the stores.

Supporting local farms

Norway’s self-sufficiency rate of plant produce is now at 46%, which places Norway on the bottom of self-sufficiency in the world. On the same time, 2 out of 5 farms in Norway have been shut down since 1999, and 5% of the top soil is no longer in use. By supporting local farms, we can prevent the downsizing of Norwegian agriculture and make sure that important knowledge of farming is still being spread.

Building community

By joining a CSA you meet new and interesting people, who share the same interests. A CSA can be a great start for new ideas, friendships and connections.

Learn to eat seasonally

Today, it is not easy to spot seasonal produce in the stores. Ok, you might not get Norwegian blueberries 12 months a year, but is that really an issue when you can have blueberries from Guatemala in April? Actually, it is. Blueberries from Guatemala have travelled a long way before entering your local grocery store. The energy (and Co2-emissions) it takes to produce and ship the berries around the globe, is much larger than for the blueberries grown in Norway, -or even better, -in your local neighbourhood! By eating seasonally, you can really feast when the Norwegian produce is at its best, and you will know that it has been produced in an ethically and more environmental friendly way. 

To simply look forward to the different seasons is also a huge treat! By joining a CSA, you get a greater overview of the seasons of the different vegetables. By harvesting them yourself, you get a new appreciation and respect for all the time and work it takes for a seed to grow into a vegetable ready for harvest. It is much harder to throw away food you have gathered with you own hands.


Har du noko erfaring med andelsbruk eller kunne du tenkje deg å delta i eit? Om du bur på Haugalandet, er du hjarteleg invitert til å ta kontakt med Eikanes økologiske  andelsbruk! 

Do you have any experience with CSA or would you like to attend one? 

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

3 thoughts on “Fordelene med andelsbruk

      1. Takk for tips. 🙂 Sjekka, men det er 45 minutter å kjøre til den nærmeste, og de holder stengt for nye. Får krysse fingrene for at det dukker opp noe!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s