Energirikekonferansen 2018

Eg var så heldig å få delta på Energirikekonferansen 2018 her i Haugesund. Årsaka er at skulen eg jobbar ved har starta ei miljøsatsing det siste halvåret (meir om det seinare) som eg er involvert i. I tillegg skal eg vere kontaktlærar i forskingsklassen på VG1 i år, som har eit utvida fokus på teknologi og forsking. Me inviterer gjerne eksterne personar innimellom for å halde presentasjonar i undervisningstimar hjå oss. Dette for å knyte tema i undervisning opp mot «den verkelege verda» og synleggjere for elevane korleis det dei lærer no er relevant for jobb og utdanning seinare. Me deltok både for å lære, men også for å bli litt betre kjend med energisektoren lokalt. I tillegg var det særs spanande å vere der som privatperson, -som ikkje har inngåande kunnskap om energisektoren i Noreg og kor me står.

Første dagen låg fokuset i stor grad på oljesektoren og korleis situasjonen for dei er no mot det grøne skiftet. Fleire påpeika den store utfordringa me står ovanfor. På eine sida bruker me meir og meir energi i den vestlege verda. Samstundes ser ein ei global befolkningssvekst og tidlegare u-land som no ynskjer same levestandard som oss. Dette vil føre til at energibehovet vil vere enda større i framtida enn det er i dag. Då er det utfordrande når ein skal redusere bruke av kol, olje og gass, til fordel for forbybare energiar, -når nettopp dei førstnemnde energikjeldene står for 80% av energiproduksjonen i verda i dag.

Det vart også påpeika korleis norsk oljesektor er «den mest miljøvenlege» i verda, med streng lovgjevning, låge utslepp m.m. Om me stoppar vår oljeutvinning, vil ikkje det ha noko å seie for oljebruken i verda. Snarare vil andre oljeland raskt trø til å fylle tomrommet etter Noreg. Fleire hevda at det difor er betre at verda nyttar norsk gass og olje i ein overgangsfase mot grønare energikjelder, enn til dømes kol frå kraftverk i andre land.

Det er nok mykje sant i dette, og det er ingen tvil om at det aukande energibehovet kjem på kollisjonskurs med omstilinga til bærekraftig energikjelder. Omstillinga er ikkje gjort i ein handvending, -og om me kjem dit at majoriteten av energien me bruker er t.d. solenergi, vassenergi og vindenergi, er likevel sol- og vindenergi sårbare ressursar, som fører til at ein treng ein backup, -der fleire peiker på gass som den beste løysinga.

Uansett, klimaendringane vil ikkje ta ein pause om me fortset å pumpe opp norsk olje fordi den er meir etisk og «rein» enn andre land si olje. Difor kan me ikkje la det bli ei kvilepute. Det var unison tale frå samtlege deltakarar på konferansen at me treng eit grønt skifte. Også frå oljesektoren. Klimaendringane skjer i eit rasande tempo og nye utfordringar i Noreg, som den varme somaren med tørke, reduserte avlingar, skogbrannar og meir, -er ei ubehageleg påminning om dette.

Det positive i det heile, som fleire påpeika, er at me i Noreg er gode på omstillling. Oppbygginga av oljesektoren med store energiselskap og mange underleverandørar skjedde i eit raskt tempo, der mange samarbeida for å komme fram til gode løysingar og ny teknologi. Kompetansen frå denne sektoren, frå fagarbeidarar til ingeniørar, er gull verdt når me no skal bevege oss i ei grønare retning. Med det høge utdanningsnivået i Noreg, at me er gode på omstilling, at me har høg tillit til kvarandre og det unike trepartssamarbeidet, gjer at me kan snu oss raskare enn andre land.

Samstundes skal me ikkje vente å finne «den nye olja». I staden må me satse breidt på naturressursane våre, å vere best på ny teknologi og levere løysingar som resten av verda ynskjer å ta i bruk. Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge, framheva korleis Noreg er særs gode på idéar og pilotar. Men me er mindre gode på å sette idéane ut i produksjon og levere på volum. Dvs. kunne levere mange produkt, raskt til kundar. Her er det særs postivt med den store satsinga på næringsklynger rundt om i landet, kor små bedrifter kan samarbeide og hauste av kvarandre sine erfaringar.

Maritime Clean Tech på Stord er ei næringsklynge som leverer verdensleiande løysingar på enkelte område.

I tillegg skal ein ikkje kimse av innovasjonen som skjer i eksisterande bedrifter og selskaper. Det er ikkje slik at alle oppfinningar skjer i ein garasje hjå ein som har fått ein god idé. Vel så mange skjer hjå Hydro, Equinor og andre store selskap, som har stor kompetanse og økonomiske musklar til å teste ut nye idéar som kan vere gull verdt i det grøne skiftet.

Men. Næringslivet kan ikkje sitte og vente på at forbrukarane skal etterspør miljøvenlege produkt og tenester, eller at politikarane skal legge dei perfekte rammene for ny industri. Politikarane på si side kan ikkje sitte på gjerdet og vente på at næringslivet skal «fikse det grøne skiftet» heilt aleine, ei heller at veljarane skal gi signal om kva som er det rette. Folk flest kan heller ikkje vente på at næringslivet skal komme opp med miljøvenlege tiltak, men bør etterspør det og velje vekk mindre miljøvenlege produkt. Veljarane må også legge press på politikarane og krevje større fokus på bærekraft. Som sagt. Ingen bør sitte på vent og vente på at andre skal ta tak.

Det er klårt at politikarane har eit overordna ansvar for å legge til rette for ei meir bærekraftig utvikling, men politiske beslutningar tek av og til litt for lang tid. Det er då viktig at me er utolmodige på endringar, -både hjå folk flest og i næringslivet. Det grøne skiftet kjem. Det er det ingen som tvilar på, -og dess snarare Noreg er i vendinga, dess betre er me stilt for det som måtte komme. Det må ein heidundrande dugnad til.

Godt at Noreg er god på nettopp det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s