Grøne mål i 2018 oppsummert

I fjor skreiv eg om grøne saker eg skulle fortsette med i 2018. Det er på tide å ta ein liten runde på korleis det gjekk og kva eg tar med meg vidare i 2019. For å sei det sånn, -det kunne gått betre!

1. Fortsette å handle ein gong i veka og ha 1-2 restedagar

Dette har gått, -i periodar. Likevel syns eg det har blitt alt for mykje matkasting dette året, men slik blir det gjerne med små ungar. Mykje av maten me kastar er rett og slett halveten mat frå meir eller mindre kresne born. Eg er eigentleg familien sin restekasse, då eg ofte tek med meg middagsrester og slikt på jobb, -men om eg skulle ha ete opp maten til ungane også, hadde eg nok trilla rundt! Med omsyn til mathandel har me stort sett klart dette greit. Me hadde ein periode med middagskassar i haust, som gjorde dette enda enklare, men no tek me ein periode der me handlar inn alt sjølv. Ein til to restemiddagar er fast i veka. Me jobbar vidare med dette i 2019!

 

2. Fortsette å fase ut eingongsplast og anna unødvendig avfall i heimen

Dette syns eg også har vore innmari vanskeleg dette året. Eg hugsar ikkje sist eg kjøpte plastfolie og små plastposar, og bivokspapir og handlenett er blitt gode vener.  Likevel produserer me enormt mykje plastavfall frå matvareemballasje. Eg hadde nokre veker i 2017 der eg prøvde å handle så emballasjefritt som mogleg, men då måtte eg innom fleire butikkar i løpet av ein handel og det er utfordrande å få til i ein travel kvardag. Eg går for å handle mest mogleg emballasjefritt i daglegvarebutikken der eg handlar, og skal prøve å bli enda flinkare i 2019!

3. Plukke meir søppel

Dette har eg gjort jamnt gjennom året og det skal eg sjølvsagt fortsette med i 2019! Å alltid ha med seg ein søppelpose på tur, er ein lur vane!

4. Fly minst mogleg

Dei siste to åra har eg hatt kun to flyturar i året. Ein utalands og ein innanlands. Den eine har vore jobb og den andre privat. i 2018 vart det tre flyturar, ein med jobb og to privat. I år skal eg prøve å komme ned i maksimum to igjen.

5. Ete mindre kjøt

Dette er kanskje det som har gått best dette året. Eg har ete særs lite kjøt og frå å ha 1 vegetarmiddag i veka, har me per i dag minst tre. Å prøve vegetarkassa til Adams matkasse i haust var ein skikkeleg inspirasjonsboost og eg lærte mange nye rettar me gjerne lagar igjen og igjen. Eg går for eit nytt år som fleksitarianer og satsar på enda mindre kjøt og meir plantebasert!

6. Ha 30-50% bilfrie dagar i løpet av ein månad

Huttetu…denne har eg dårleg samvit for! I haust har me brukt bilen særs mykje. Barnehageleveringa om morgonen er vår akilleshæl. Då eldstemann ikkje passar i sykkelvogna lenger og han ikkje er stødig nok til å sykle til barnehagen sjølv, tek gåturen til barnehagen litt for lang tid om morgonen. Særskilt når ein skal i motsatt retning etterpå. Sjølvsagt kan ein stå opp ein halvtime før, men du veit, dei kvardagsmorgonane har ein tendens til å blir klurete og då har vegen til bilen blitt rimeleg kort. Stor sett køyrer me på elektrisitet, men dette står høgt på prioriteringslista denne våren. Denne humpen i kvardagen skal me til livs. Det er jo så mange fleire fordeler med å bruke sykkelen!

7. Ha shoppestopp av klede og sko til meg sjølv i eit år

Dette varte i ganske nøyaktig seks månadar. Då eg måtte reise tre dagar til Stavanger for å vere sensor, skjedde pakkinga litt for fort og eg mangla både det eine og det andre. Eg måtte krype til korset og ut på handel. Då rakna heile prosjektet for denne shoppestopparen, for å sei det mildt. Etter det vart det eit somarskjørt og eit par joggesko. I tillegg har eg handla mykje fint på Tise! Denne bruktappen er heilt genial og eg handla fleire fine saker der i haust.

Vert det eit nytt shoppestoppår? Nei, eg trur ikkje det. Eg har dei seinaste åra handla så lite klede at mykje byrjar å bli utslete. Mesteparten som har komt i hus, har eg arva frå venninner og noko har eg kjøpt brukt. Eg fortset heller med handlebremsen litt på, med fokus på å kjøpe brukt og/eller færre nye ting av betre kvalitet og haldbarhet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s