Den nyttige ringblomen

Eg plukka med meg ein bukett ringblomar i går i åkeren. Dei er fargesterke og fine, men i tillegg er dei smarte i ein kjøkenhage, då dei trekk nyttige insekt med seg. Kronbladene kan etast og er lekre både som kakepynt og i salat.

Eg likar dei betre og betre. Som bukett minnar dei meg om uregjerleg hår som står til alle kanter. Sjarm!

Kom og kjøp økologisk løk

Eikanes andelsbruk i Etne har mykje grønsaker i år og no kan alle komme og kjøpe grønsaker i lausvekt, sjølv om dei ikkje er medlemmer. Sjå liste over grønsaker som er hausteklare under, og kva som kjem utover hausten. Alt er kortreist og økologisk. Betre kan det ikkje bli!

Hausteklare vekster
  • Squash/mandelgresskar
  • Agurk
  • Tomat
  • Grønkål
  • Mangold/bladbete
  • Potet
  • Nepe
  • Salat/Salathovud
  • Knollfennikel
  • Stangselleri
  • Purre
  • Blomkål
  • Raudbetar
  • Bladkarse
  • Blomkarse

 

Nesten hausteklare
  • Gulrot
  • Lauk

 

Vekster som kjem utover hausten
  • Brokkoli
  • Knutekål
  • Hodekål
  • Rosenkål
  • Reddik
  • Ruccola
  • Plukksalat
  • Sellerirot
  • Gresskar
  • Mais/sukkermais
  • Bondebønner
  • Paprika
  • Aubergine

 

Om du er interessert i å kjøpe grønsaker, eller berre komme for å ta ein kik, ta kontakt med Ingemund Askeland på tlf. 971 88 218. Han tek gjerne i mot besøk!

Til dykk som ikkje fylgjer meg på Instagram; eg oppdaterer innimellom med små videosnuttar på Instastory. I løpet av hausten satsar eg på å få eit lite innslag frå Eikanes andelsbruk også, så følg med på Insta om du vil ha med deg det og meir! 🙂

Mat for sjela

Det er måndag og kvardagen bankar på døra etter ein lang ferie. Det er difor ikkje så dumt å byrje med litt mat for sjela. Her er små saker som gir store gleder om dagen!

 

 

1. Fretex i Haugesund på SoMe

Fretex på Raglamyr her i Haugesund er blitt så flinke til å oppdatere på Instagram kva dei får inn! Ved å marknadsføre produkta sine på same vis som dei vanlege klesbutikkane, vert terskelen enda lågare for å handle brukt. For nokre fine annonser. Heia dykk!

 

 

2. Blåbærlyng i haustfargar

Eg har blitt stor tilhengar av den eine toppen bak oss, og der har eg byrja å gå minifjelltur rett som det er i somar. Det er litt lågare terskel enn å ta seg ein joggetur (som var rekordtungt etter denne ferien), ein får kjensla av å vere langt frå byen straks ein er inne i skogen, og på toppen vert ein belønna med vakker utsikt. Når lyngen no i tillegg har fått hausstfargane, er det ekstra fint!

 

3. Resteiskaffi

Som sagt, kaffi vert det brygga mykje av her heime. Men det er ikkje alltid heile kaffikanna vert drukken opp. I staden for å slenge kaffislanten i vasken, kan ein sette den i kjøleskapet til seinare. Med litt mjølk og nokre isbetar, vert det deilig iskaffi og feriekjensle på 1-2-3.


4. Axel Rios sitt Sildajazz-motiv

Axel Rios har laga motivet til festivalplakaten til Sildajazzen i år, og eg syns det er så fint! Me var på opninga av utstillinga forrige onsdag, og det var mange ulike variantar av plakatmotivet, i tillegg til anna kunst han har laga. Ein kar med mange jern i ilden, som ein kan følge på Instagram.

 

5. Nynorsk i Stella

Stella er eit blad eg likar verkeleg godt. Dei kombinerer dei vanlege motereportasjane med gode intervju, miljøfokus, litteraturtips med meir. Det er rett og slett eit blad du blir litt klokare av. I den nyaste utgåva har dei på toppen av det heile portrettintervju med dei tre flotte damene Marianne Heske, Elsa Lystad og Astrid Nøklebye Heiberg, -på nynorsk! Tre flotte damer som har bana veg for oss andre. Og det er skreve på nynorsk. Sa eg det? ❤

Kaffigrut som gjødning

Når eg går og legg meg om kvelden, ligg eg ofte og gler meg til kaffikoppen eg skal drikke morgonen etter. Kaffi er blitt heilt naudsynt, og aller helst skal den vere kolsvart og sterk. Av og til lurer eg på om den har tatt litt vel stor plass i livet mitt, men ein les jo stadig vekk at det er sunt, -så då støtter eg meg på det!

Av denne grunn produserer me ein heil del kaffigrut. Mesteparten går i matavfallet, men gjennom hagesesongen tek eg meg av og til ein impulsrunde i hagen og sprer litt rundt. Kaffigrut er fin-fin gjødning, då det er rikt på nitrogen, fosfor, mineral og kalium. -Ei skikkeleg kraftbombe for plantene! Likevel har eg til no brukt det litt på slump, men etter å ha sjekka litt på nettet, fann eg desse tommelfingerreglane.

  • Inneplanter bør berre ha kaffigrut som gjødning kvar sjette månad.
  • Uteplanter kan gjødslast med grut opp til fire gonger per år.

Om du vil at gruten skal vere lettare å spreie rundt, kan du først legge den til tørk utover ei gamal avis eller liknande. Så kan du anten strø eit tynt lag rundt planten, eller blande det inn i jorda når du til dømes skal potte om planter og blomar.

No skal eg gå litt meir systematisk til verks, og har byrja å samle opp kaffigruten etter kvar dag, og jobber meg bortover hekken. Den har klart seg bra i somar, men det kan vere fint med litt ekstra energi før hausten set inn.

Energirikekonferansen 2018

Eg var så heldig å få delta på Energirikekonferansen 2018 her i Haugesund. Årsaka er at skulen eg jobbar ved har starta ei miljøsatsing det siste halvåret (meir om det seinare) som eg er involvert i. I tillegg skal eg vere kontaktlærar i forskingsklassen på VG1 i år, som har eit utvida fokus på teknologi og forsking. Me inviterer gjerne eksterne personar innimellom for å halde presentasjonar i undervisningstimar hjå oss. Dette for å knyte tema i undervisning opp mot «den verkelege verda» og synleggjere for elevane korleis det dei lærer no er relevant for jobb og utdanning seinare. Me deltok både for å lære, men også for å bli litt betre kjend med energisektoren lokalt. I tillegg var det særs spanande å vere der som privatperson, -som ikkje har inngåande kunnskap om energisektoren i Noreg og kor me står.

Første dagen låg fokuset i stor grad på oljesektoren og korleis situasjonen for dei er no mot det grøne skiftet. Fleire påpeika den store utfordringa me står ovanfor. På eine sida bruker me meir og meir energi i den vestlege verda. Samstundes ser ein ei global befolkningssvekst og tidlegare u-land som no ynskjer same levestandard som oss. Dette vil føre til at energibehovet vil vere enda større i framtida enn det er i dag. Då er det utfordrande når ein skal redusere bruke av kol, olje og gass, til fordel for forbybare energiar, -når nettopp dei førstnemnde energikjeldene står for 80% av energiproduksjonen i verda i dag.

Det vart også påpeika korleis norsk oljesektor er «den mest miljøvenlege» i verda, med streng lovgjevning, låge utslepp m.m. Om me stoppar vår oljeutvinning, vil ikkje det ha noko å seie for oljebruken i verda. Snarare vil andre oljeland raskt trø til å fylle tomrommet etter Noreg. Fleire hevda at det difor er betre at verda nyttar norsk gass og olje i ein overgangsfase mot grønare energikjelder, enn til dømes kol frå kraftverk i andre land.

Det er nok mykje sant i dette, og det er ingen tvil om at det aukande energibehovet kjem på kollisjonskurs med omstilinga til bærekraftig energikjelder. Omstillinga er ikkje gjort i ein handvending, -og om me kjem dit at majoriteten av energien me bruker er t.d. solenergi, vassenergi og vindenergi, er likevel sol- og vindenergi sårbare ressursar, som fører til at ein treng ein backup, -der fleire peiker på gass som den beste løysinga.

Uansett, klimaendringane vil ikkje ta ein pause om me fortset å pumpe opp norsk olje fordi den er meir etisk og «rein» enn andre land si olje. Difor kan me ikkje la det bli ei kvilepute. Det var unison tale frå samtlege deltakarar på konferansen at me treng eit grønt skifte. Også frå oljesektoren. Klimaendringane skjer i eit rasande tempo og nye utfordringar i Noreg, som den varme somaren med tørke, reduserte avlingar, skogbrannar og meir, -er ei ubehageleg påminning om dette.

Det positive i det heile, som fleire påpeika, er at me i Noreg er gode på omstillling. Oppbygginga av oljesektoren med store energiselskap og mange underleverandørar skjedde i eit raskt tempo, der mange samarbeida for å komme fram til gode løysingar og ny teknologi. Kompetansen frå denne sektoren, frå fagarbeidarar til ingeniørar, er gull verdt når me no skal bevege oss i ei grønare retning. Med det høge utdanningsnivået i Noreg, at me er gode på omstilling, at me har høg tillit til kvarandre og det unike trepartssamarbeidet, gjer at me kan snu oss raskare enn andre land.

Samstundes skal me ikkje vente å finne «den nye olja». I staden må me satse breidt på naturressursane våre, å vere best på ny teknologi og levere løysingar som resten av verda ynskjer å ta i bruk. Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge, framheva korleis Noreg er særs gode på idéar og pilotar. Men me er mindre gode på å sette idéane ut i produksjon og levere på volum. Dvs. kunne levere mange produkt, raskt til kundar. Her er det særs postivt med den store satsinga på næringsklynger rundt om i landet, kor små bedrifter kan samarbeide og hauste av kvarandre sine erfaringar.

Maritime Clean Tech på Stord er ei næringsklynge som leverer verdensleiande løysingar på enkelte område.

I tillegg skal ein ikkje kimse av innovasjonen som skjer i eksisterande bedrifter og selskaper. Det er ikkje slik at alle oppfinningar skjer i ein garasje hjå ein som har fått ein god idé. Vel så mange skjer hjå Hydro, Equinor og andre store selskap, som har stor kompetanse og økonomiske musklar til å teste ut nye idéar som kan vere gull verdt i det grøne skiftet.

Men. Næringslivet kan ikkje sitte og vente på at forbrukarane skal etterspør miljøvenlege produkt og tenester, eller at politikarane skal legge dei perfekte rammene for ny industri. Politikarane på si side kan ikkje sitte på gjerdet og vente på at næringslivet skal «fikse det grøne skiftet» heilt aleine, ei heller at veljarane skal gi signal om kva som er det rette. Folk flest kan heller ikkje vente på at næringslivet skal komme opp med miljøvenlege tiltak, men bør etterspør det og velje vekk mindre miljøvenlege produkt. Veljarane må også legge press på politikarane og krevje større fokus på bærekraft. Som sagt. Ingen bør sitte på vent og vente på at andre skal ta tak.

Det er klårt at politikarane har eit overordna ansvar for å legge til rette for ei meir bærekraftig utvikling, men politiske beslutningar tek av og til litt for lang tid. Det er då viktig at me er utolmodige på endringar, -både hjå folk flest og i næringslivet. Det grøne skiftet kjem. Det er det ingen som tvilar på, -og dess snarare Noreg er i vendinga, dess betre er me stilt for det som måtte komme. Det må ein heidundrande dugnad til.

Godt at Noreg er god på nettopp det!