Kvitt på kvitt

I helga var eg innom det flotte bruktmarknaden som bloggar Anne Marthe Widvey hadde stelt stand. Den var ein kjempesuksess. Der var eit yrande liv og seljarar med mykje fint. Ein god kombinasjon av dyrt og billeg, somarklede og vinterklede, treningstøy og kjolar, yttertøy, smykker, vesker og sko. I tillegg var det ein del borneklede og litt til herre. Det var eit vel gjennomført arrangement, og eg heier på at Anne Marthe gjentar suksessen seinare!

Eg kom heim med to skjørt og ein treningsoverdel. Eg har som sagt shoppestopp i år, men å lage klede eller å kjøpe brukt er lov. Eg blir meir og meir glad i å gå med skjørt, så då eg fann to like blondeskjørt, eit i svart og eit kvitt, slo eg til!

Det kvite er gjerne mest eit somarskjørt, men med strømpebukse og varm ullgenser kan det brukast året rundt. Ullgenseren eg har på meg her har også hatt andre eigarar tidlegare, men den fekk eg i gåve tidlegare i januar. Med snøen i Haugesund vart det kvitt på kvitt,  -på kvitt, i dag!

img_0054

Ynskjer dykk alle ein solfylt og fin tysdag!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

Brukte gåver

For ei tid tilbake var eg på eit skikkeleg fint bakgårdssal hjå ei venninne som skal flytte inn i nytt hus. Eg elskar bakgårdssal og syns folk burde drive med det i mykje større grad. Utsegnet «nokon sin gråstein er andre sitt gull», stemmer gong på gong. Eg kom heim med mange fine plagg, mellom anna ei nydeleg babybukse frå Lillelam.

Buksa vart gitt vidare i gåve, til ein liten baby som nett kom til verda. For nokre år sidan hadde eg aldri funne på å gi brukte gåver til nokon, men no syns eg det er heilt greit og eigentleg litt koseleg.

Det var ikkje akkurat plastfri innpakking, men man tager hva man haver. Då vart det cellofan og eit armband laga av ungane. 🙂

 

Kva syns du? Er det innafor å gi brukte gåver, eller er det litt smårart?

Everything you see I owe to pasta

Brødbakemaskin, iskremmaskin, raclette-sett. Det er fleire saker som står og støver ned i boden vår, som eigentleg høyrer til på kjøkenet. Dei representerer store revolusjonerande kjøkenplaner og draumar som brast, då ein oppdaga at raclette eigentleg ikkje var så godt, at brødet vart best om ein elta det minst mogleg og at iskremmaskinen snarare laga milkshake enn is.

Pastamaskina er også ein duppeditt me ikkje ser så ofte, men den har likevel ikkje blitt sett ut i boden enda. Kvifor? Ikkje fordi me har ståltru på Sophia Loren sitt skjønnheitstips, men fordi dei gongene me tek den i bruk, lever matdraumane vidare. Å ete sjølvlaga pasta, er som å ta ein mental ferie til Italia. Det høyres bombastisk ut, men det er heilt sant. Eg lovar deg.

Heimelaga pasta vert overraskande vellukka dei gongene me lagar det. Hemmeligheten er få ingredienser og ein pastamaskin som kjevler pastaen tynn nok, så du slepp å kjevle sjølv.

Pastadeig

  • 600 g kveitemjøl*
  • 6 egg (eller 12 eggeplommer om du vill ha ein gulare farge og rikare smak)

Bland alt saman. Pakk pastaen inn i plast, og la den kvile ein time i kjøleskapet.

Kjevle pastaen ut i ei pastamaskin. Bruk litt mjøl, slik at den ikkje klistrer seg fast. Ta eit lite emne om gongen, og kjevle det ut til det er tynt og fint. Så kan du male det ut til anten tagliatelle eller spaghetti. Evt. kan du lage små tortellini-pakkar med ulikt fyll.

Kok opp rikeleg vatn med 1 krm salt. Fersk pasta treng ikkje lang tid i kjelen, så etter eit par minutt er den al dente. Server med ein god saus, eller berre aleine med litt reven parmesan og nykverna pepar.

Om du ikkje ynskjer å servere pastaen med ein gong, kan du fint henge den til tørk. Når den er tørka, held den seg lenge.

*Du kan gjerne bruke sikta kveitemjøl, men på velassorterte butikkar som Meny, Mega og Coop Obs! får du også meir finmalt kveitemjøl, som er særskilt meint til pastalaging.

Denne pastaen blir det som oftast ingen restar igjen av, og det er fort gjort å ete seg meir enn stappmett. Det beste er om ein har tid til ein strekk på sofaen etter middag.

Pastamaskin har dei i dei fleste kjøkenbutikkar, og eg ser det er mange til sals her på Finn.no. Det blir kanskje skapfyll i kvardagen, men det er veldig kjekt å ha dei gongene du helst skulle hatt ein ferie til Italia!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Nyttig lunchpause

Det beste bruktkjøpet denne veka var definitivt sykkelsetet som eg kjøpte via Finn. Eldstemann har byrja å bruke sykkel eller sparkesykkel frå barnehagen, så då er det ikkje naudsynt å trekke med seg heile sykkelvogna lenger.

Eg heiv meg på sykkelen i lunchpausen og tråkka ned til sjukehuset der eg henta det hjå seljaren som var på jobb. Enklare og meir effektivt kan det ikkje gjerast. Sykkelsetet vart trygt montert til barnehagehenting, og det fall i smak hjå passasjeren.

Finn.no altså, det fikser stort sett det meste i ein fei.

LagreLagre

Gullfunn på Fretex

Eg fann ei skikkeleg favorittlampe på Fretex. Den er frå åttitalet, men like fin i dag spør du meg! Den treng ein skjerm, men elles funker den fint.

På Fretex sjekker dei alle lampene grundig før dei set dei ut i butikkane, så det kjennes trygt å kjøpe elektriske artiklar der.

Ha ein fin kveld!

/Inga

LagreLagre