Kvitt på kvitt

I helga var eg innom det flotte bruktmarknaden som bloggar Anne Marthe Widvey hadde stelt stand. Den var ein kjempesuksess. Der var eit yrande liv og seljarar med mykje fint. Ein god kombinasjon av dyrt og billeg, somarklede og vinterklede, treningstøy og kjolar, yttertøy, smykker, vesker og sko. I tillegg var det ein del borneklede og litt til herre. Det var eit vel gjennomført arrangement, og eg heier på at Anne Marthe gjentar suksessen seinare!

Eg kom heim med to skjørt og ein treningsoverdel. Eg har som sagt shoppestopp i år, men å lage klede eller å kjøpe brukt er lov. Eg blir meir og meir glad i å gå med skjørt, så då eg fann to like blondeskjørt, eit i svart og eit kvitt, slo eg til!

Det kvite er gjerne mest eit somarskjørt, men med strømpebukse og varm ullgenser kan det brukast året rundt. Ullgenseren eg har på meg her har også hatt andre eigarar tidlegare, men den fekk eg i gåve tidlegare i januar. Med snøen i Haugesund vart det kvitt på kvitt,  -på kvitt, i dag!

img_0054

Ynskjer dykk alle ein solfylt og fin tysdag!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

Første forsøk på bivokspapir

Eg laga mitt første bivokspapir i forrige veke. Eg brukte oppskrifta til Kristine Ullaland som skriv bloggen Grønare kvardag. Som tekstil klipte eg opp ein gamal pysjoverdel eg hadde liggande. Tynn bomull er perfekt til bivokspapir. Eg sydde inn kantane slik at det ikkje skulle løsne trådar, før eg grovhakka bivoksen og fordelte det over tøystykket før «steiking». Eg nytta 50 g bivoks på eit stort kvadrat (ca. 30 x 30 cm.).

Resultatet vart greit, men eg kjem til å gjere nokre endringar neste gong. Eg nytta litt for mykje bivoks, slik at papiret vart litt for stivt. Neste gong vil eg nok bruke litt mindre, i tillegg til at eg kjem til å raspe bivoksen på eit rivjern i staden for å grovhakke den. Det vert nok litt enklare. Då bivoksen har gult fargestoff i seg, vart også tøystykket gulfarga då det var så lyst. Det var ikkje alle i heimen som tykte at det ferdige resultatet såg like appetitteleg ut. Løysinga her, er nok å bruke bomullsstoff med enda meir farge og mønster. Då unngår ein at det ser «skittent» ut, -sjølv om det ikkje er det.

Eg prøver igjen med nye tøystykke, og litt mindre bivoks! Legg gjerne igjen ein kommentar om du har nokre gode tips til bivokspapirproduksjon.

/Inga

 

LagreLagre

LagreLagre

Rosiner og kunst

Det var så gøy å lage gjenbrukskunst tidlegare i haust, så då mannen nemnte at han gjerne skulle hatt eit stort maleri me såg i Skagen i haust, såg eg mitt snitt til å hyre inn dei same kunstnarane som tidlegare. Me har hatt eit gigantisk Ikea-lerret ståande i boden med eit motiv som ikkje var like flott no som då me kjøpte det. Sjølv om heimespikka kunst ikkje heilt vert det same som kunst kjøpt i galleri i Skagen, vart det likevel eit flott verk!

Maleriet vart også langt rimelegare enn kva me måtte ha gitt for kunst i Skagen. Her var godkjend valuta nokre rosiner og to sjokoladenissar.

/Inga

LagreLagre

Kutt plastfolien og bruk bivokspapir

Av den mest unyttige plastbruken, seglar plastfolien opp blant topp ti i mine auge. Plastfolien vert som oftast brukt særs kort tid, og etterpå går den rett i søpla. Heldigvis finst det gode løysingar, som bivokspapir!

Dette er bomullsstoff innsett med bivoks, som ein kan bruke som alternativ til plastfolie. Bivoksen hindrar tap av fukt, og vokspapira kan vaskast i kaldt vatn om dei får matsøl på seg. Då bivoksen er antiseptisk, brukar ein ikkje såpe. Slik kan ein bruke bivokspapira igjen og igjen, til dei må innsettast med litt voks igjen, -eller kan gå i matavfallet. Ein får meir bærekraftig lagring og oppbevaring av mat som treng litt ekstra beskyttelse.

Ein kan fint lage eigne bivokspapir, -om ein har tid! Det er ikkje tidkrevjande når du først er i gong, men så var det alt ein skulle rekke før det.. Eg fekk plater med bivoks av han som driv andelslandbruket me er medlemmer av, og dei har lege heile hausten på vent. Då eg til jul enda ikkje hadde summa meg (hehe) til å lage eige bivokspapir, vart eg innmari glad då eg fekk ein pakke i julegåve! Svigerinna mi veit nøyaktig kva eg treng og er ein racer på julegåver. Bivokspapira var av merket Bee’s Wrap og var i tre ulike størrelsar. Dei har vore i kontinuerleg bruk sidan dei kom i hus. Som dekke til skåler og glas med mat i og som matpakkeinnpakking på tur. No skal eg hive meg rundt og lage fleire sjølv, slik at eg kan kutte plastfolie og plastposar heilt frå kjøkenet. Det er eit av måla for 2018.

Kjekt å vete om bivokspapir:

  • Om du også kunne tenkje deg å lage ditt eige bivokspapir, har bloggen Grønare kvardag ei flott oppskrift her.
  • Det er manko på bivoks rundt om i landet, så om du ikkje har lokale birøktarar du kan høyre med, er det flust av stader ein kan kjøpe ferdig bivokspapir produsert av Bee’s Wrap og andre merke. Du finn det mellom anna hjå nettbutikkane Agent M og Bee Organic, men også i den fysiske butikken Reindyrka i Bergen.
  • Bivokspapir er ikkje like brukande til å pakke inn fisk eller kjøt. Eit alternativ, er å legge kjøtet eller fisken i ei skål eller behaldar med kant, slik at bivokspapiret ikkje kjem i direkte kontakt med maten. Elles fungerer bivokspapir utmerka til det meste!

 

Eg kjem med oppdatering når eg har laga mine eigne. Ha ein fin kveld!

Inga

LagreLagre

Gjenbrukskunst

Her har me hatt full bursdagshelg for fireåringen, og det har vore topp! Barnebursdag og familiebursdag med pølser, kake, fiskedam og hyppige kostymeskift. Det beste av alt, er å få vere saman med så mange fine folk på ein gong.

Innimellom slaga sette me i gong med eit lite gjenbruksprosjekt. Me har fleire biletlerret frå Ikea som me kjøpte då me var studentar i Bergen. Det er ikkje alle som er like fine lenger, så dei har blitt ståande i boden. I helga fann eg fram det eine, og sette minstemann i gong til å male på det. Eg hjalp til med litt grunning, men elles laga eg klattar med maling så ho kunne dra utover. Ho byrja med pensel, men droppa det raskt då det var mykje meir morosamt å grise med hendene.

Resultatet vart ekte samtidskunst, malt utan hemningar. Har du i tillegg plukka ut fargane på førehand (det er heilt lov), får du raskt noko du kan tenkje deg å henge opp på veggen.

Altså, ikkje kast dei gamle IKEA-bileta dine. Bruk dei heller som grunnlag for nye verk. Skulle du gjerne hatt store lerret å male på, men ikkje har gamle ståande, ligg det mange ute på Finn.no som ein kan male over.

Heldigvis er «samtidskunst» eit raust begrep. Om ein ikkje tek seg sjølv så høgtideleg, er det mykje ein kan kalle kunst. Mal til dømes lerretet i ein farge med ein tilfeldig prikk ein stad. Kall det «Einsemd», «Panama Papers», «Harvey Weinstein» eller noko anna rart. Då er du i mål.

Tykkjer du innlegga på Notisboka kjem litt i rykk og napp når det er rettesesong? Følg bloggen på Facebook, så får du nye innlegg rett i feeden.

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre