Morgonkaffi med storslagen utsikt

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I helga var me i Etne ein tur og nytte hausten. Me merka juletre i skogen og besøkte gode vener som har flytta frå by til bygd. Tenk å drikke kaffi med utsikt til fjell og kulturlandskap kvar morgon! Det er luksus det. Me gler oss til å komme meir på besøk for å leike bønder i fjosen og drikke kaffi i helgane.

Ha ein flott onsdag! Her regnar det fælt, men i morgon skal det bli flott haustvêr att!

Inga

Følg Notisboka på Facebook

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Tilbakeblikk

For eit år tilbake, tok eg desse bileta i Etne. Haustblad frå dei fine lønnetrea og dei siste blomane frå bed og åker.

Me tek ein minitur inn til helga for å feire ein liten kompis, men også for å merke juletre i skogen. Den første juleførebuinga kjem tidleg, men den er ikkje mindre koseleg av den grunn. Eg pleier alltid å syns at førjulstida kjem for raskt, men i år gler eg meg sånn til jul, at eg må gå u-sving rundt pepperkakene på butikken. -Berre ein månad igjen!

Ha ein fin torsdagskveld!

Inga

Miniferiane er dei beste

Utefrukost med utsikt til eit blikkstille vatn.

Er det ein ting me er dårlege på her heime, så er det å ha barnefri. Me rekna oss fram til at siste døgn utan born var i februar då me var i bryllaup i Oslo. Me byrja å legge grandiose planer om storbyhelg tidlegare i haust, men vekene fyk avgarde og det vert travlare og travlare dess nærare me kjem jul.

Likevel vart det miniferie til slutt! Ein særs spontan og enkel ein, men ikkje mindre luksuriøs. Det skal ikkje mykje til for å gle småbarnsforeldre. Då me for nokre veker såg at det var meldt strålande vêr på Yr.no den komande helga, heiv me oss rundt og booka ungane inn hjå besteforeldra. Me reiste rett opp på hytta til foreldra mine som ligg i Etnefjella.

Utsikt frå kjøkenglaset på morgonkvisten.

Vêl oppe fekk me gått ein lang fjelltur (som me aldri gjer lenger), lest bøker og aviser i ro og mak (som me sjeldan gjer lenger) og sove 11 timar(!) samanhengane gjennom natta (noko som eg ikkje hugsar når skjedde sist). Ein meir luksuriøs ferie kunne me ikkje ha fått, og då 24 timar var gått, sakna me ungane slik at mannen køyrte ned til bygda for å hente dei. Dei måtte også få ein smak av haustfjellet! Det vart ein uhyre kort men særs effektiv miniferie. Denne skal me kan leve lenge på utover hausten!

Me gjekk ut til kanten av Gaddafjellet, der me hadde flott utsikt over Etne medan me rasta.

Etnefjella er forresten ei perle om ein vil ut på tur. Neste somar har eg utruleg lyst til å gå Gullruta til Turistforeningen, frå Simlebu til Olalihytta. Det skal vere ei fantastisk oppleving!

Den fine bloggen Turjenter var på besøk i Etnefjella i 2016, og skreiv eit interessant innlegg med flotte bilete her.

Ha ein flott dag!

LagreLagre

Midt i hausten

Ei helg med feber og hoste, men også mykje fint som barnefestivalen Englebarn og Bøllefrø (takk for flotte opplevingar!), plukking av dei siste epla, pizza med storfamilien og grubling over kva ein kan bruke desse bønnene til.

Hausten er framleis like fin!

Green Sunday

dreamstime_xl_36751590

Eg let denne Black Fridayen segle forbi. I staden arrangerer eg Green Sunday i nabolaget på søndag. Me skal kombinere søndagstur med godt gamaldags miljøvern!

Sjølv om det er dei færraste som kastar søppel i naturen i 2016, er det likevel urovekkande mykje søppel langs vegane. Dette forureiner miljø, dyreliv, og gjer det lite triveleg for andre som ferdast i nabolaget. Me skal plukke søppel medan me går tur, og etter ein halv time-time, skal me samlast igjen for å steike pinnebrød på bål og drikke gløgg.

Eg håpar dette kan bli ein stemningsfull og meiningsfull 1. søndag i advent. No er eg berre spent på om det kjem folk. Viss ikkje kjem eg til å brenne inne med alvorlege mengder pinnebrøddeig. Hehe.

Ha ein fin fredag!