Putt grønsakene i brøddeigen

DSC_0048

Søtpotetfries har for alvor flytta inn i kjøkenet vårt. Det.er.så.godt. Til fisk, til kjøt eller berre aleine med ein god dip. Det er heilt sjukt godt (som ein seier på godt norsk).

Likevel har me ein tendens til å lage alt for store porsjonar og sit alltid igjen med restar. Om dei ikkje forsvinn under kveldsmaten eller i ein matboks, har dei byrja å gå rett i brøddeigen. Resultatet er eit saftig og uendeleg godt brød med fin-fin farge. Potetstappe, andre grønsaker og stapper kan ein gjere akkurat det same med. Dette er og blir ein skikkeleg smakfull måte å bruke opp restane på!

DSC_0580 DSC_0582

Om du er lysten på skikkeleg gode pommes i somar, må du ta turen innom Fugl Fønix i Etne. Prøv klassisk Pommes Fønix, søtpotet pommes eller trøffel pommes saman med ein god dip. Eg lovar deg. Du blir ekte glad i kroppen av å ete det.

-Som Vilde i Skam seier: «kroppen din trenger potet».

DSC_0587
Nybakt søtpotetbrød med smør på er herleg, …men så var det dei dumme skorpene då.

Rabarbramuffins med kvit sjokolade

DSC_0505

Me driv og et oss ut av fryseboksen om dagen. Det er eit interessant prosjekt då det er mykje ein har gløymt at låg der. Som til dømes den einslege rypa som vart skoten for fire-fem år sidan og som har overlevd ei flytting (!). Det spørs om det vert noko av den…

-Men dei to einslege pakkane med rabarbra som låg der på botten, vart kokt opp til syrleg og deilig syltetøy her ein kveld då me hadde vener på kveldsmat. Å fryse ned rabarbrastenger er ingen dum idè om du ikkje vil bruke dei til noko med ein gong.

Rabarbrasyltetøy er ufatteleg godt, men me er ikkje nokre store syltetøyetarar til kvardags. Den store porsjonen med syltetøy har difor blitt ståande i kjøleskapet. Eg kunne naturlegvis ha fryst den ned igjen i mindre porsjonar, men det er enda kjekkare å bruke syltetøyet til noko som blir fortært her og no. Då er bakst alltid løysinga for søte restar som skal til pers.

DSC_0519

Ein kan putte dei fleste søte restar i ei muffinsrøre, pai eller i ein bolledeig. Kvifor ikkje hive smoothierestane eller syltetøyet i noko slik ein gong du vil rydde i kjøleskapet? Her vart løysinga rabarbramuffins, og då eg hadde ein rest kvit sjokolade i tillegg, fekk den også vere med i røra.

DSC_0521

Ingredienser*

Til 30 små muffins treng du:

  • 400g kveitemjøl
  • 200g havregryn
  • 4ts bakepulver
  • 1ts natron
  • (1/2ts salt)
  • 2 egg
  • 4dl mjølk
  • 100g smør
  • 1ts vaniljesukker
  • 500g rabarbrasyltetøy
  • 100-150 g kvit sjokolade

Sett ovnen på 180 grader.

Grovhakk den kvite sjokoladen. Smelt og avkjøl smøret.

Bland alt det tørre i ei bolle. Bland alt det våte i ei anna bolle. Vend det tørre inn i det våte saman med den grovhakka sjokoladen.

Fyll i muffinsformer dekka med papir og steik på 180 grader i ca. 20 minutt**.

Nyt saman med ein kopp te og del ut til dei du er glad. Det er lite sannsynleg at det vert restar igjen!

* då syltetøyet inneheld nok sukker, treng ein ikkje ekstra i muffinsrøra.
** denne røra er kompakt og muffinsane hever ikkje mykje. Ein kan difor fint fylle formene nesten heilt opp.

DSC_0540

 

Verdas beste knekkebrød

Eg har prøvd mange knekkebrødoppskrifter dei siste åra, men no har eg funne ei som er god som gull! Den er henta frå Berit Nordstrand si kokebok Mat med mer.

DSC_0948
Knekkebrødchips

Eg har oppskrifta som utgangspunkt og nyttar det eg har i skuffer og skap til ei kvar tid. Hovudregelen er 7 dl med sammalt mjøl, gryn, flak eller kli og 5-6 dl med nøtter og frø i tillegg til 1 ts salt og 7 dl vatn. Dette er nok til to steikeplater, så eg pleier å doble oppskrifta når eg bakar. Knekkebrøda forsvinn fort!

Eit lite tips er å ikkje berre nytte oppskrifta til knekkebrød, men også lage små ruter som ein kan bruke til dip! Det er nydeleg godt med miniknekkebrød med litt aïoli, raud pesto eller anna på.

DSC_0911

Ingredienser til to steikebrett:

  • 3,5 dl lettkokte havregryn
  • 3,5 dl fint sammalt rugmjøl
  • 1 dl gresskarkjerner
  • 1 dl linfrø
  • 1 dl solsikkefrø
  • 1 dl sesamfrø
  • 2 dl valnøtter
  • 1 ts salt
  • 7 dl vatn

Køyr frøa i ein foodprocessor eller blender, slik at du knuser dei litt. Finhakk valnøttene. Bland alle dei tørre ingrediensene, før du blandar inn vatn.

La røra svelle i 20 minutt.

Fordel røra over to steikebrett dekka med bakepapir. Smør røra tynt utover (2-3 mm tjukt) med ein slikkepott. Eit lite triks er å dyppe slikkepotten i vatn med jamne mellomrom. Då klistrar ikkje røra seg fast.

Sett begge bretta inni steikeovnen med litt avstand og steik på 175 grader varmluft i 30 minutt. Pass på dei siste minutta at dei ikkje brenn seg i kantane, -det er fort gjort.

Ta ut begge bretta og skru ned temperaturen til 100 grader varmluft. No er dei halvsteikte og du kan dele dei inn i passande ruter med ein kniv eller eit pizzahjul.

Legg knekkebrøda på det eine brettet utover ei rist, og tørk dei i ovnen på 100 grader varmluft i 60 minutt*. Gjenta med det andre brettet etterpå. Om du har to rister, kan du tørke begge porsjonane samstundes.

*I den opprinnelege oppskrifta står det at ein skal ha ovnsdøra på gløtt, men mi erfaring er at ein like godt kan ha den igjen. Knekkebrøda blir knakande sprø og fine. Dette kan sjølvsagt variere frå ovn til ovn, så det beste er å følge litt med første gongen du nyttar oppskrifta.

DSC_0917 DSC_0920DSC_0932 DSC_0938 DSC_0944 DSC_0950

Juhu! Me nådde 100 fylgjarar på Facebook i går! Det var veldig artig. Eg kjem til å markere det på eit vis. Følg med!

Ølknekkebrød

DSC_1389

Når ein bryggar øl, sit ein igjen med mykje avfall frå kornet ein har brygga ølet på. Det kallar ein malt. Til no har malten stort sett gått i matavfallet her heime, men i går prøvde eg å bake knekkebrød av deler av malten. Det vart utruleg bra!

Mannen brygga American Pale Ale i helga, og det var malten frå denne eg nytta. Knekkebrøda vart knasande sprø, og med ein litt søtleg og rund smak. Godt!

DSC_1364

Eg bakar knekkebrød omtrent ein gong i veka. Det er så utruleg godt og ikkje minst lettvint mat når ein ikkje har tid til dei lange matstundene. Eg har prøvd mange oppskrifter, men til no er favoritten ei oppskrift frå Berit Nordstrand si bok Mat med mer. Det var denne eg nytta som utgangspunkt for desse knekkebrøda.

DSC_1371

Ølknekkebrød

  • ca. 1 l malt
  • ca. 3,5 dl finmalt rugmjøl
  • 1/2 ts salt

I den opprinnelege oppskrifta til Berit Nordstrand, nyttar ho ulike typar gryn, frø, nøtter og mjøl. Ein må då tilsette vatn i tillegg. Då malten var såpass fuktig, var det ikkje behov for noko ekstra vatn i oppskrifta.

Bland ingrediensene godt og la røra svelle i 20 minutt.

Fordel røra på to steikebrett dekka med bakepapir. Smør røra tynt utover slik at den dekker heile steikebrettet. Eit godt tips er å nytte ein slikkepott som du dyppar med jamne mellomrom i ein kopp med vatn. Då heng ikkje røra fast og det vert det lettare å smøre utover.

Sett begge steikebretta inn i omnen og steik på 175 grader varmluft i 30 minutt. Ta steikebretta ut og del opp knekkebrød i passande størrelsar med eit pizzahjul.

Sett bretta inni igjen og seink temperaturen til 100 grader. La knekkebrøda tørke i 1-1,5 time. Følg godt med slik at dei ikkje svir seg.

Ta ut knekkebrøda når dei er gjennomsteikte og tørre. La dei kjølne på brettet før du knekk opp betane.

Nyt!

DSC_1374

DSC_1383

DSC_1381

Smaken på knekkebrøda vil nok variere litt ut i frå kva type øl du nyttar malten til. Eg gler meg til å prøve fleire typar, -for dette gav meirsmak!

Ha ein strålande dag!

/Inga

REDNINGSBAKST FOR TRØYTTE FORELDRE

DSC_0103Eg og mannen min har gått rundt i ei ammetåke i snart eit år. Då poden ikkje har verdas største sovehjarte, merkast søvnmangelen best i hukommelsestap. -Som fører til at ein mellom anna alltid gløymer igjen saker når ein reiser frå ein stad (hadebra alt barnehageutstyr!) til store saker som; «er det nye huset vårt eit mur- eller trehus?» eller «når var det me eigentleg gifta oss?».

Når ein tillegg gløymer å kjøpe brød på fjerde dagen, er det godt ein har redningsbakst for foreldre med hukommelsestap (eller for alle andre som treng ei lettvint brødoppskrift). Denne oppskrifta er ganske enkelt genial. Den krevjer minimalt med arbeid. Det einaste ein må hugse på, er å ha mjøl, salt og gjær i hus (springvatn har ein forhåpentlegvis alltid) og å røre saman deigen kvelden før. Resultatet er rykande ferske rundstykke morgonen etter, -og det er noko av det mest lukseriøse eg kan tenkje meg i kvardagen!

Rundstykke som steiker er nesten like underhaldande som Drømmehagen.
Rundstykke som steiker er nesten like underhaldande som Drømmehagen.

Dette er i kategorien eltefritt brød, så deigen skal berre rørast saman. I tillegg treng ikkje desse rundstykka etterhevast eller trillast til kuler. Eg brukar å ta ein dæsj deig, kaste den fram og tilbake mellom hendene før eg legg den på steikebrettet. Utsjånaden vert rustikk og fin.

Som vanleg når det kjem til eltefritt brød, har eg henta framgongsmetoden frå Mat på bordet. Ein vanvittig fin blogg eg anbefaler alle å ta ein tur innom.

  • 500 g mjøl*
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 4 dl vatn

* eg nyttar det eg har tilgjengeleg der og då. Pass på at minst halvparten er sikta kveitemjøl for eit godt resultat. Resten vert ofte ein kombinasjon av frø, havregryn og grovare mjølsortar.

  1. Rør saman dei tørre ingrediensene og tilsett vatnet. Rør til vatnet er godt blanda inn, men hugs prinsippet Less is more. Det skal som sagt ikkje eltast.
  2. Sett på eit lok eller legg over eit kjøkenhandklede. La deigen heve i 12-18 timar.
  3. Anten a) fordel jamnstore deigporsjonar i ei muffinsform eller b) ta jamnstore klumpar deig og kast ein og ein mellom hendene før du legg dei på steikebrettet . Eg brukar å lage 12 rundstykke av denne oppskrifta.
  4. Steik på 200 grader i 25-30 minutt.

Ha ein forrykande fin søndag!

/Inga