Bruktkjøp på Facebook

Då me fekk minstemann, var eldstemann berre to år. For å sleppe å kjøpe ei ekstra vogn eller tvillingvogn, kjøpte me eit multiboard som me kunne henge bak på vogna me allereie hadde. Brettet fann me på ei av dei lokale kjøp-og-sal-sidene på Facebook. Desse gruppene er heilt geniale og me har brukt dei mykje til både kjøp og sal. Du finn saker du treng i ditt eige nærområde og du slepp ventetida og fraktkostnadene du ofte får når du kjøper noko på Finn.no frå andre stader i landet. Eigaren av multiboardet budde berre nokre steinkast frå oss, og me fekk det for eit par hundrelappar. Heilt supert!

No er ungane eit år eldre, men multiboardet har framleis vore godt å ha når me har gått lengre avstandar.

Om nokre timar skal vogn og multiboard nok ein gong pakkast i bilen. Tre veker med bilferie i Noreg har vore heilt magisk, men no gler me oss til å komme heim til huset vårt.

-Er ein forresten hundre år når ein gler seg til å komme heim for å sjå om hostaen blømer? I så fall fekk eg nett (enda) fleire grå hår!

LagreLagre

Å få born er ikkje nødvendigvis ei dyr affære

img_4258

Aftenposten skriv denne veka at ein baby kostar 46.840 kroner innan den fyller eit år. Dette er ifylgje forsking utført av Statens institutt for forbruksforskning (SIFO).

Dette treng babyen absolutt ikkje koste. -Særleg ikkje då desse tala baserer seg på at ein kjøper alt nytt.

Fine bruktklede på rekke og rad. Til og med den blå sparkebuksa til onkel Bjørn er like fin 24 år etter!
Fine bruktklede på rekke og rad. 

Me har fått to ungar tett dei siste åra, og då førstemann kom, gjekk me til innkjøp av ny vogn og bilstol. Men så var det stopp. Eg hadde shoppestopp samstundes som eg gjekk gravid, og boblande hormoner ispedd eit gryande miljøengasjement førte til at eg sette på bremsen då det kom til innkjøp.

DSC_0077
Tante Mari sitt leikestativ er like poppis 20 år etter!

Det var ikkje så dumt. For det første dukka det opp det eine tilbodet etter det andre om å arve alt i frå sprinkelsenger til barnestolar, leiker og klede. Vener og kjende sat med bugnande boder med ting dei gjerne skulle ha kvitta seg med. I tillegg erfarte me at ein baby i grunn ikkje treng eit hav av utstyr. -Og det ein treng, kan ein gjerne kjøpe brukt, leige eller låne.

Her er nokre råd for deg som ventar baby, og som vil spare både lommeboka og miljøet:
  • Tenk over kva de treng.
    Sjølv om du finn lister på babyforum og i magasin med 1000 saker som ein «bør» ha til babyen, så stemmer ikkje dette nødvendigvis for dykk. Tenk over kva behov de har i kvardagen.
  • Vent med å handle.
    Butikkane er også opne etter at babyen er ute. Ein kan fint vente med mange kjøp. Det kan vere utfordrande å vete kva ein får bruk for i forkant. Særleg om ein er førstegongsfødande. Når ungen er ute og kvardagen så smått byrjar å gå seg til, ser ein tydelegare kva ein treng.
  • Lån utstyr av andre for å teste ut først.
    Ikkje alle babyar likar å bli bært i sjal og sele. Kanskje kan du låne eit bæresjal eller ein bæresele den første tida for å sjå om ungen din trivst med dette?
  • Lån og leig utstyr av andre som du ikkje treng så ofte.
    Ein Prampack til å pakke inn vogna i når du skal på reise, kan vere lurt, -men om du ikkje reiser ofte, kan det bli eit dyrt kjøp. Det same gjeld reisetriller, pulk m.m. Det er mange firma og privatpersonar som leiger ut slikt, -i tillegg har du mest sannsynleg vener og kjende som har bodene fulle med utstyr dei velvillig låner vekk.
  • Kjøp brukt.
    Det er blitt veldig in å kjøpe brukt til borna. Det er flust av lokale kjøp-og-sal-sider på Facebook. I tillegg er Finn.no ein fantastisk plass. Er det ein ting som er sikkert, så er det at ungane veks som gras og ein må byte ut garderoben i hytt og vær. Det som blir lagt ut på desse nettsidene er som oftast pent brukt og blir seld til ein rimeleg penge. I tillegg er det ein veldig fin gest til miljøet.
  • Allier deg med vener og la ungane arve klede og utstyr av kvarandre.
    Kanskje kan de sirkulere litt på klede og la ungane arve av kvarandre? Det er både koseleg og utruleg praktisk.

Me har sjølvsagt med ujamne mellomrom også måtte kjøpe nye saker og ting, men kjøpa har blitt betrakteleg færre enn venta.

Å bli foreldre er noko av det finaste i livet. Då skal ein ikkje la kjøpepresset ta overhand, men heller nyte stunda med det vesle mennesket som er der.

-Og er det ein ting som er sikkert, så er det at det vesle mennesket bryr seg frykteleg lite om vogna det ligg i er kjøpt brukt eller ny.

dsc_0202
Ute på tur for nokre veker sidan. Begge ungane i yttertøy som er enten arva, lånt eller kjøpt brukt. Det funkar som berre det!

Onkel si skjorte

DSC_0765

Me er i feriemodus i Danmark og tida står stille. Ingen dag har ein plan, grensene me sette for is og brus tidlegare i ferien er gløymt for lengst, ungane er meir nakne enn påkledde og mobiltelefonen ligg framleis ulada på dag 3.  Alt er med andre ord som det skal vere når ein har skikkeleg ferie. Danmark er akkurat slik eg hugsar det frå barndomsferiane. Saktegåande, avslappa og enormt triveleg. Når det på toppen av det heile er heimlandet til flødebollene, treng ikkje dette kvinnfolket noko meir for å trivast!

På måndag var me på Grenen og flaug med drage. Då stod eldstemann for dagens gjenbruksplagg (akkurat då var han påkledd). Han hadde på seg onkel si 24 årgamle skjorte. Kjøpt på det glade nittital og framleis like fin. Litt grov i stoffet, men behageleg som berre det.

Ti minutt etter at desse bileta vart tatt, hoppa heile ungen ut i Skagerak  Kattegat med kleda på, så så lenge fekk gjenbruksskjorta glimre denne dagen.

I morgon kjem neste somarprat. Denne gong med ein kar som ikkje akkurat er i ein bransje ein assosierer med miljøvern og klimakamp!

DSC_0772DSC_0773 DSC_0782

Ferieførebuingar på biblioteket

DSC_0620 kopi

I dag reiser me på ferie og skal vere borte i mange veker. Huset står på hovudet, ikkje ein einaste sokk har par og avisa har me heilt gløymt å kansellere. Alt er med andre ord som normalt. Ein ting er likevel i boks. Me har vore på biblioteket og lånt ferielektyre!

DSC_0609 kopi

Å låne bøker i staden for å kjøpe, er både miljøvenleg og bra. I tillegg er det så innmari koseleg å besøke biblioteka. Me har fått fast tradisjon med å stikke innom Etne bibliotek når me er der i helgene. Det er akkurat passe stort, oversiktleg og ikkje minst kan ein kjøpe risengrynsgraut på laurdagar i kafeen rett utanføre. Det er midt i blinken.

No i veka var me innom og lånte ferielektyre. Eldstemann falt for dei gedigne Vrimlebøkene. Litt upraktiske å pakke med i bagasjen, men ei eller to skal nok få bli med. Vrimlebøkene er forresten utruleg fine. Dei er utan tekst, men med store, detaljrike bilete som gir mykje å snakke om. Midt i blinken for dei minste!

DSC_0624 kopi

No ventar nokre timar med kaoskontroll. Måtte mor få nok kaffikoppar og ha blodsukkeret i balanse! Hehe..