Regnvêrsaktivitetar og somarprat

DSC_0566

Me har Urlaub auf Balkonien denne veka og det er i grunn ganske så fint. Når sola og varmen glimtar til, naboen inviterer på Turbingo i Djupadalen med påfylgjande pizzaparty i hagen og ein går solbrent og mett heim med trøytte ungar om kvelden, treng ein ikkje så mykje meir her i livet.

Likevel er det diverre flest gråversdagar her i Haugesund om dagen og då må me slå i hjel tida. Plastelina er ein favoritt og no har ei humle flytta inn i ein hortensia eg plukka inn frå hagen. Eg elska å leike med plastelina då eg var lita, så det er godt ein får born så ein kan ta opp hobbyen igjen!

Elles skal eg i somar ha ein liten skriftleg somarprat her på bloggen. Med jamne mellomrom vil det komme eit lite intervju med ulike personar om miljø, grøne vanar, uvanar med meir. I morgon kjem den første praten,  -og det med ei skikkeleg kul og flink dame! Følg med!

Resirkulering for heile familien

DSC_1089

Eg kom over desse fine resirkuleringsposane på nettet. Me har ikkje hatt noko fast oppbevaring til glas, metall, plastflasker og papir, så dette var genialt. Toåringen forstod også kva som skulle i kva grunna bileta. Voila! Eit system som funkar for heile familien!

Posane er laga av resirkulert plast, har fin størrelse og eg fann dei her.

DSC_1092

Vårsymfonien

DSC_0794

Skal eg gi eit tips denne helga, så er det å komme seg ut i skauen. Eg gjekk ein tur i godt lag i Djupadalen i veka. I staden for å gå på turvegen, tok me små avstikkarar inn i skogen. Der var det eit samansurium av fuglekvitter. Det var reine vårsymfonien! Veldig veldig fint og ei rask oppskrift på låge skuldre og mental pause frå kvardagen.

DSC_0830

Djupadalen er forresten eit heitt tips om du ikkje er kjend i Haugesund frå før. Eg ante ikkje at denne perla fantes før eg flytta hit. Det er eit vidunderleg fint turområde som er tilrettelagd for alle. Ein kan ta ein flott joggetur i ei av dei mange rundløypene, ein liten topptur til til dømes Presten med suveren utsikt utover byen og havet, -eller ein liten søndagstur med borna til HIL-hytta for å kjøpe vaffel. Djupadalen er blitt ein stor favoritt når me skal ut på tur.

DSC_0824
DSC_0821

DSC_0816

DSC_0813

DSC_0812

DSC_0801

DSC_0789

DSC_0788

Om du ikkje ville stikke til skogs i helga, er loppissesongen i gong! Om eg kunne ha klona meg, skulle eg gjerne ha vore fire plassar samstundes på laurdag: på loppemarknad til inntekt for Strømmestiftelsen på Vardafjell, på gjenbruksdag på Skakke i Etne eller på auksjon på AFFI Årabrot.

…men mest sannsynleg vert det Barnas Superhelg her i Haugesund. Alt til si tid! 🙂

Å låne møblar

DSC_1411

Då det kom ny baby hus, måtte eldstemann vike frå sprinkelsenga. Likevel var det litt for tidleg å flytte over i stor seng, og gode råd var dyre. Gleda var difor stor då me fekk låne ei sprinkelseng av familie. Me kan utsette storesenga litt til og slepp å kjøpe og selje nok ei seng.

Å kunne låne møblar er ganske enkelt genialt. Du slepp dumme spontankjøp, kan vente litt og tenke deg om før du går til innkjøp av eit nytt møbel. I mellomtida kan du gi nytt liv til møblar som elles kanskje berre står ubrukt. Denne sprinkelsenga vart brukt av kusinene mine for over tjue år sidan, -og det er veldig veldig koseleg at sonen min kan sove i den same.

-Og viktigast av alt: å låne møblar er snilt mot miljøet og eit fint, grønt tiltak i kvardagen!

/Inga

I lånte fjør

DSC_1158
Klar for bylunch iført patriotisk buksedress frå haugesundsdesignaren Kristine Vikse, -med ein touch av gulp. Den stod me for sjølve. 

Denne jenta skulle i første omgang gå i broren sine klede, då dei veks så raskt ut av dei første størrelsane. Eg såg ikkje heilt vitsen med å kjøpe meir «jentete» plagg for berre ei kort stund.

Det var difor veldig stas då ei god venninne troppa opp med ein stappfull pose med klede som babyen kunne låne av dottera hennar den første tida. Der var bittesmå babyklede i rosa og lilla i tillegg til andre fargar. -Slik som ein ikkje har så mykje av i hus når ein har ein gut frå før.

-Tenk så fint å få låne klede og og i det heile tatt komme på slikt til andre! Eg skal bli flinkare til å hugsa på slikt og låne ut klede til dei som har lyst og treng det. Når borna veks i turbofart gjennom den eine størrelsen etter den andre, er det fint å drive god gamaldags gjenbruk når kleda elles ville ligge nedpakka i posar i boden.

/Inga