Bloggtips: Grønare kvardag

IMG_5302

For nokre år sidan skreiv eg om Bea Johnston og hennar Zero Waste Family. Prosjektet hennar er kort og godt å produsere minimalt med avfall i kvardagen, og resultatet av grepa dei har tatt er enormt imponerande.

Den norske bloggaren Kristine Ullaland skriv bloggen Grønare kvardag. Ho inviterte Bea Johnston til å halde føredrag i Studentsamfunnet i Bergen og har etter dette blogga om måtane ho reduserer avfall og andre grøne løysingar i kvardagen. Dette er kort og godt den norske versjonen av Johnston-prosjektet.

-Ein kjempe inspirerande blogg det er vel verdt å kike innom!

/Inga

Framsnakking på søndagskvelden

Mammarå

For nokre veker sidan var eg på lanseringa av boka Mammarådet hjå Aschehoug. Dette er eit bokprosjekt som Susanne Kaluza drog i gong for eit halvt år sidan, kor ho inviterte kvinnelege bloggarar til å sende inn tekstar om mammarolla i dag. Resultatet er ei samling tankevekkande, viktige, rørande og fine tekstar som eg absolutt anbefaler å lese.

På denne lanseringsfesten kom eg i snakk med fleire damer som eg har lest bloggane til over lang tid. Det var rart å prate med folk du berre hadde lest tekstane til. Brått hadde dei dialektar og ei stemme. Likevel var det tydeleg korleis personlegdomane deira skin gjennom tekstane. Menneska stemte kort og godt med tekstane!

Eg fekk prata med flotte Jona som skriv tankevekkande tekstar på Mammalivet. Sprudlande og morosame Stine som skriv Diaperdivadiary viste seg å vere frå Kææærmøynå (det kjem forøvrig fram i bloggen hennar, men eg som vandrar rundt i ammetåka hadde ikkje fått med meg at ho kom frå «like borti høgget» frå kor eg vaks opp). Susanne var like stødig og klår i bodskapen som alltid (fytti for ei tøff dame). Eg fekk tatt selfie med kule Pia som står bak dei hysterisk morosame Bønna-innlegga og eg fekk prata med tøffe Suzanne som har skreve ein av dei mest rørande og rause tekstane i Mammarådet. På toppen av det heile kom eg i snakk med Ida som også skriv om miljø og ein grønare kvardag!!

Det vart kort og godt ein fenomenal kveld med mange gode samtalar og nye bekjentskaper. Eg anbefaler på det varmaste å stikke innom bloggane til desse bra damene. Ein blir kort og godt litt klokare og får litt å tygge på.

Ha ei feiande fin veke!

/Inga

Takk!

Eg, Will og Kate tykkjer de er nokre finingar!
Eg, Will og Kate tykkjer de er nokre finingar!

Ofte gjer de meg heilt varm om hjarta. Fordi de til stadighet (og i aukande antal) klikkar dykk innom notisboka mi, til tross for ujamn oppdatering. Fordi de legg igjen uendeleg fine kommentarar som gjer blogginga til tovegskommunikasjon og ikkje berre einvegs. Fordi det til og med hender de anbefaler meg vidare som mymleen gjorde på den ultrafine bloggen sin i går. Slikt gjer meg veldig glad og gir meg lyst til å skrive oftare og meir om shoppestopp, grøn kvardag og gladmat.

TAKK for at de er slike finingar!

/Inga

P.S. Eg legg ut alle innlegga mine på Facebook-sida mi her og oppdaterer stadig vekk om småsaker på Instagram-kontoen min her. Fylg meg gjerne for hyppigare oppdateringar.

Bygdakjærleik og eit tankeras kring trening

20130701-172106.jpg20130701-172127.jpg20130701-172246.jpg

Det er litt stille her om dagen. Grunnen er at denne dama har reist heim på ferie! Når eg skriv «heim» betyr det framleis heim til barndomsbygda.

Eg kjem i kategorien «ekstremt heimekjær». Ei slik ei som snufsar høgt når ho høyrer bygdasongen og som tykkjer det å tusle rundt på heimstaden med ein kaffikopp er toppen av lukke.

Då våren gjekk på turbo med innspurt på studiet, innspurt på jobben og voksande hump, var underteikna litt frynsete i kantene i slutten av juni. Då var det godt at to ferieveker venta i finaste bygda.

20130701-172156.jpg20130701-172116.jpg20130701-172322.jpg

Eg har brukt den første veka godt. Små og store middagslurar, pusling i åkeren til mor, kaffidrikking, lesing, sosialisering, og fjellturar har stått på agendaen.

20130701-172347.jpg20130701-172401.jpg20130701-172411.jpg

FOR ein medisin det har vore å komme seg ut! Eg har sete krokbøygd over pcen samtlege helgar og ettermiddagar dei to siste månadane for å komme i mål med alt eg skulle gjere. Det å endeleg ikkje ha noko på tapetet og heller gå ut, har vore heilt fantastisk. FOR ein energi ein får, FOR nokre turopplevingar og FOR eit humør ein får!

20130701-172420.jpg20130701-172428.jpg20130701-172434.jpg

Då eg kom heim printa eg ut ein oversikt over dei ulike toppane med nutebok på kommunen sine heimesider. Som dei fleste nordmenn er eg (trass denne bygdakjærleiken) rimeleg tunblind. I alle år har eg gått opp og ned ein einaste nut og ikkje lagt merke til alt det flotte rundt meg. Denne somaren bestemte eg meg for å bli betre kjend med nærområdet og turmoglegheitene. Det har vore ei stor oppleving.

20130701-172218.jpg20130701-172235.jpg20130701-172441.jpg

Eg har oppdaga så utruleg fine stader og utsikter som eg ikkje ante var rett utanføre døra. Eg har alliert meg med vener som er meir kjende i områda («vis meg din nut, skal eg vise deg min») og det har det blitt fine, sosiale turar av. Å gå på tur med kjekke folk og la skravla og beina gå, er kort og godt mat for sjela.

20130701-172206.jpg   20130701-172145.jpg

Og det er her eg kjem inn på det dette innlegget eigentleg skulle handle om. Nemleg trening. Pulsklokka og RunKeeper-appen har gått i gløymeboka. I staden har det einsformige fokuset på trening for berre trening og persing si skuld, blitt erstatta med turglede og ei generell glede av å bruke kroppen. Det kjennes kort og godt meir meiningsfullt å ta ein fjelltur i godt lag enn å springe vetet av seg på tredemølla. Betre for skranglete kne er det og.

20130701-172301.jpg   20130701-172313.jpg

Eg er over gjennomsnittet interessert i trening og kosthald. Den siste tida har eg likevel blitt ufatteleg lei fokuset som gjeld. Strenge treningsregime og kompliserte kosthald er blitt ein raud tråd på mange treningsbloggar, i artiklar med meir. Kor vart det av den vanlege gleda av å vere i aktivitet og bruke kroppen? Kor vart det av «litt av alt»-mentaliteten? Kvifor er det blitt slik at ein fjelltur ikkje er nok, så lenge du ikkje har tatt den som eit motbakkeløp? Eg håpar og trur eg ikkje er den einaste som tykkjer trenings- og kosthaldshysteriet har tatt litt av.

20130701-172334.jpg   20130701-172600.jpg

Eg er redd me gjer folkehelsa vår kort og godt dårlegare ved å komplisere trening og kosthald.  I forvirringa rundt kva som eigentleg er bra for oss, resignerer me og orkar ikkje heilt å ta stilling til det eller finne ut av det sjølve.

Me treng meir av den gyldne middelvegen, meir av ei generell glede av å vere ute i friluft og meir glede av å bruke kroppen fordi det gjer kropp og sjel godt, -ikkje nødvendigvis fordi ein skal gå Marcialonga eller springe Holmenkollstafetten på ny tid.

Eg ynskjer meg tilbake til old-school-versjonen, der den gyldne middelvegen gjaldt både kosthald og aktivitetsnivå. Det er heilt greit å ikkje jakte på makspulsen under ein fjelltur.  Å drikke ein latte er ikkje å skeie ut.

Ein skal ikkje først og fremst trene for å trene, men fordi det er lystbetont og gir oss fine opplevingar i kvardagen. Det gjer kroppen gladare, -både i dag, i morgon og om tredve år.

Dette er ikkje meint som ein peikefing. Eg har full respekt for dei som spring løp og trener mot nye rekordar. Eg er tross alt ein av dei sjølv.

Likevel vil eg bli flinkare til «kvardagstreninga». Å sykle til jobben, å gå til butikken i staden for å køyre, å gå ein fjelltur med fine folk i staden for å gå på cafe, er gode døme. Eg heiar på eit kosthald bygd på sunn fornuft og moglegheiter for litt Walters mandler-stunder på sofaen.

Som bygdadiktaren min Ingvar Moe skreiv i diktet Perspektiv; «Me ska leva så kort og vara daue så skrekkjele lengje». Moralen er (fri dikttolking): ingen grunn til byte ut Walters mandler med proteinpulver her altså.

Kva tykkjer de kloke folk? Er trenings- og kosthaldfokuset gått for langt, -eller har me berre godt av det?

/Inga, som gler seg enormt til nye endorfinturar med fine folk i løpet av somaren!

Klok lesnad vidare:

Helsedirektoratet sine kosthaldsråd

Minismartinis sitt innlegg Om å være sunn / historien om da jeg nesten mista favorittordet mitt
– eit hjartesukk eg kjende meg igjen i.

Lidenskap for sunnhet sin bloggpost Kor sunt er det eigentleg å vere «sunn»? 
– denne dama trenar mykje. Langt meir enn kva eg nokon gong kjem til å gjere. Likevel har ho ei enorm glede av å bruke kroppen, å vere ute og oppleve naturen som smittar stort gjennom bloggen. Akkurat no syklar ho Noreg på langs og oppdateringane hennar er morosame, fine, interessante og enormt motiverande for å forsere dørstokken.  Les det einskilde innlegget for kloke ord, eller heile bloggen for fleire kloke ord og haugevis med treningsglede og naturopplevingar.

Jakt på det perfekte brødet

DSC_0524

Etter å ha budd to år i Tyskland, kom aldri norsk butikkbrød til å bli det same.

Brød i Tyskland er som pasta i Italia. Tyskarane kan brød, og då også grovbrød som ein ofte ikkje finn dess lengre sør ein kjem i Europa. Sprø skorpe, ein fantastisk luftig tekstur, nydeleg smak og ein enorm variasjon i utvalet. Då ein i tillegg har større tradisjon for å handle hjå den lokale bakaren i staden for butikk, er kvaliteten på brøda høg.

I Hamburg handla vertsmora mi ferske rugbrød på kvardagane. I helgane var det helgefrukost med knackfrische Brötchen. Alt handla hjå den lokale bakaren ein kort sykkeltur unna. Då eg skulle på utveksling til Heidelberg i 2010, vart difor det lokale bakeriet raskt oppspora. Du veit; when in Rome..!

Brusteinane utanføre Gundel. Fint!
Brusteinane utanføre Gundel. Fint!

Gundel låg rett rundt hjørnet og me vart stamkundar det året me budde der. For eit år og for nokre brød! Eg trur me smakte oss gjennom alle sortane.

Då me kom tilbake til Noreg, starta jakta på Gundelaktige brød. Det var ikkje vanskeleg å finne dei hjå ulike bakarar, men det var ingen lokale bakeri i umiddelbar avstand. Det å ikkje ha eit lokalt bakeri lenger, førte til ny forsking: korleis lage Gundel-brød heime?

Brusteinsdekorasjon av brød.
Brusteinsdekorasjon 2.

Etter litt kom eg over konseptet eltefrie brød på den supre matbloggen Mat på bordet. Eltefrie brød skulle vise seg å vere skikkelege Gundelbrød!

Dama bak bloggen, Ina, hadde oppdaga no knead bread på nettet og introduserte det via bloggen sin. Grunnoppskrifta viste ho fram i ein videosnutt som ho la ut på bloggen, fulgt av ei enorm mengde oppskrifter med ulike variantar.

Etter dette har Ina så og sei blitt No knead bread sin ambassadør i Noreg, noko som mellom anna har resultert i bakeboka Eltefrie brød og himmelske kaker.

Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane.
Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane. Kjekk som berre det (og heilt ufarleg) han óg!

Så kva er eltefrie brød?

Eltefrie brød er laga av deig som ikkje skal eltast og som skal heve i 12-18 timar. Brøda skal steikast i jerngryte i steikeomnen. Resultatet er luftige brød med sprø skorpe. Teksturen i brøda er som i bakeribrøda og det smakar himmelsk! Om ein ikkje har jerngryte, kan ein også nytte römertopf eller vanlege brødformer (om ein nyttar brødform er det ikkje like lett å få sprø skorpe). Eg har også baka ciabatta og rundstykke på brett med fint resultat. Moglegheitene er mange!

Eg er kort og godt heilfrelst. Det som slår meg er kor ufatteleg enkelt og grunnleggande heile brødbakeprosessen er. Deigen skal i stor grad få vere i fred og kvile før den hamnar i omnen. Resultatet er fantastisk.

Før du hiv deg rundt, anbefaler eg å lese grunntrinna nedanfor og sjå filmsnutten til Ina.

Eltefritt brød

Grunnoppskrift:

  • 500 g mjøl
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 4 dl vatn

1. Rør saman dei tørre ingrediensene. Hell i lunka vatn og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Brett deigen nokre gonger før du legg den med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist. La det kjølne heilt (om du klarar å vente!).

Eg skal bake brød i helga og kjem til å legge ut nokre av favorittoppskriftene mine her. Gi gjerne ein lyd om du tester ut eltefrie brød og fortell korleis det vart!

Ha ein flott laurdag!

/Inga