Juni i eit glas

DSC_0164

Å trille tur i dunkåpe den 14. juni minner ikkje mykje om somar, -men denne rabarbrasafta gjer! Dersom ein lukkar augene og super litt av denne, vert 14. juni brått ein heit somardag. Dagdrauming er undervurdert!

DSC_0159

Rabarbrasaft

For å lage denne safta, brukar du eit glas vatn per stilk. Juster mengden etter kor mykje saft du ynskjer.

  • ynskja antal stilkar
  • eit glas vatn per stilk (omtrent 2,5 dl vatn per glas)
  • sukker/agavesirup

Kutt stilkane i 3 cm lange betar og kok dei opp saman med vatnet. La det småkoke i ein time. Sil safta og la det kjølne. Smak til med sukker, agavesirup eller anna søtningsmiddel. Kor mykje du nyttar, kjem an på kor søt du vil ha den. Smak til litt etter litt.

DSC_0162

Om du tørstar etter andre somarsmakar, er denne lemonaden supergod!

/Inga

«Grøn» morsmjølkerstatning

DSC_0020 4

Før eg vart mor, hadde eg store, hårete mål om amming og pumping. Fryseboksen skulle bugne av nedfrosen morsmjølk! Slik kunne me alltid ha ekte vare i bakhand.

Så vart ein mor og alt vart ikkje slik ein hadde førestilt seg. I staden for illusjonen om å starte reine meieriet, har eg hatt akkurat nok til poden, men ikkje meir til eit «restelag». Å pumpe for å auke produksjon slik at ein kan fryse ned til til ein sjeldan gong, vart for min del berre stress. Når noko vert meir stress enn glede når ein er nybakt mamma, kan det vere lurt å droppe det. Det er viktig å ta nokre val for å få den kvardagen ein ynskjer, då ein sjeldan kan klare alt ein har førestilt seg på førehand. Bruk heller tida på kos og låge skuldre!

Eg droppa det store, hårete målet og er difor utruleg takknemleg for at det finst fine morsmjølkerstatningar som denne til Hipp! Den er økologisk, Debio-godkjend og laga på ingredienser frå europeisk jordbruk. Smaken ser ut til å vere topp, då flaska går ned på høgkant. Ingen heva augebryn over annleis smak. Eg fann mine på den lokale Kiwien, så den skal vere like tilgjengeleg som vanleg Nan.

Dagens vesle økotips til dei små og for foreldre som vil stresse mindre og kose meir!

/Inga

Pause frå kaffikapslane

DSC_0041 4

Den kaffikoppen om morgonen. Den er himmelsk! -Men tenk at den skulle smake enda betre etter at ein fekk born! Eg tar meg sjølv i å av og til glede meg til den første koppen med kaffi når eg går til sengs om kvelden. Det er nydeleg med små oppkvikkarar og gleder når nattesøvnen ikkje heilt er den same.

Hugsar de eg var litt frustrert over avfallet kaffikapslane førte til? På eit eller anna tidspunkt i haust gløymde me å kjøpe nye kapslar og handla inn vanleg traktekaffi og kaffi til presskanna. Etter det har me ikkje sakna kapslane ein dag. Rykande fersk kaffi, -i mengder, om morgonen er fantastisk og presskanna og traktaren leverer til dei grader. I tillegg er det langt meir miljøvenleg.

No drøymer eg om kaffikvern (gjerne den til Tim Wendelboe!) slik at me kan eksperimentere meir med ulike kaffibønner. Det kan også vere verdt å merke seg at dei fleste kaffibarar m.m. meir enn gjerne kverner kaffien for deg, når du kjøper bønner. Då kan du velje finhetsgrad sjølv og anten få den som espresso-, presskanne- eller traktekaffi. Det er fint det! Ein pose ekstra god kaffi er forresten ei super gå-bort-gåve!

Uansett, – godt med «miljøutfordringar» som løyser seg av seg sjølv! 😀

/Inga

Om Barolo som bjeffar. Eit boktips som varmar i haustmørket.

DSC_0139 6

Før eg vart gravid kvitra nokon til meg at «når ein er gravid mister ein all lyst på alkohol!». Det er omtrent den største løgna eg er blitt servert i mitt liv.

Jodå. Det er fullstendig uaktuelt å smake alkohol medan ein er gravid. Det er noko som også er veldig enkelt å overholde. Men. Lysten. Smaken. Lukta. Saknet. Det er der så til dei grader.

Me snakkar ikkje her om saknet etter alkohol i volum. Alle som har vore edru tilskodar under ein festivalsomar mister all form for lyst til å ta seg ein fest. Det kan vere ei sjelsettande oppleving å observere eigne landsmenn med mengder alkohol innabords i fri utfalding .

"Når jeg endelig er ferdig med å dele kropp med noen, skal jeg ikke drikke skvip. Mens de andre gikk på gravid-yoga, hang jeg på Storo-polet med Renny". Siste trimester var prega av lengselen etter alkohyler for forfattaren og. I hear you Tennfjord!
«Når jeg endelig er ferdig med å dele kropp med noen, skal jeg ikke drikke skvip. Mens de andre gikk på gravid-yoga, hang jeg på Storo-polet med Renny». Siste trimester var prega av lengselen etter alkohyler for forfattaren og. I hear you Tennfjord!

Nei, me snakkar her om smaksopplevinga eit enkelt glas kan gi. Ein frisk Chardonney eller Riesling på ein varm somardag. Ein skummande og smøraktig weissbier. Eller eit glas fyldig, fruktig raudvin no som hausten står på trappene og regnet trommar på vindauga. Sukk. Eg skal vere den første til å innrømme at eg gler meg til å drikke vin igjen.

Eg har ikkje særleg peiling på vin. Eg har likevel hatt nokre fine vinopplevingar (les: vinsmaking blant vinrankene i Kallstadt på ein varm haustdag) som har fått meg til å innsjå at her foregår det mykje utanom radaren min. Likevel tyr eg til dei faste kjøpa på Vinmonopolet og traskar litt sjenert i utkanten av vinverda fordi det verkar så komplisert og utilgjengeleg.

Så kva kan ein så gjere når ein har månadar igjen og ein ikkje får vinen ut av hovudet? Ein kan til dømes lese seg opp på tema.

DSC_0146 5

Eg kjøpte Ingvild Tennfjord si nye bok Skål! i går. Ho har eg fulgt med på ei stund og eg er mektig imponert. Ho har gjort det me andre drøymer om men ikkje tør. Ho hoppa av ein trygg og suksessfull karriere som journalist i Dagbladet for å utdanne seg med mål om å bli verdas beste vinjournalist. Berre det kan ta pusten frå dei fleste. Boka Skål! er resultatet av Tennfjord si innvandring, utdanning og sosialisering i vinverda.

Å kalle den «ei introduksjonsbok til vin» er for enkelt. La oss heller kalle den «ei uhyre velskreven introduksjonsbok til vin».

Eg sette meg ned, gløymde alt som heitte tid og pløyde gjennom den frå perm til perm. Det var ein fest.

Tennfjord klarar å gjere eit så til dei grader avskrekkande og komplisert tema tilgjengeleg og lettfatteleg for lesaren. Spekka med gode forklaringar, oppklarande oversiktar, humoristiske historiar og ikkje minst geniale referansar, maktar ho å inspirere lesaren til å prøve seg ut i vinverda på eiga hand.

Tennfjord tek deg i handa og geleider deg gjennom vinranker, hyllene på Vinmonopolet og private vinsmakinar medan ho raust byr på seg sjølv og eigne opp- og nedturar i vinverda. Så trygt. Så sympatisk.

"Der sistnevnte er robust, fyldig og klar for en fest, kan pinot noir ved første øyekast fremstå som det stille barnet som sitter inne og tegner". :D
«Der sistnevnte er robust, fyldig og klar for en fest, kan pinot noir ved første øyekast fremstå som det stille barnet som sitter inne og tegner». 😀

Visste du at drua Cabernet Sauvignon er som Diana Ross i vinverda? Visste du at ein Barolo er som Hans William Steinfeldt? Visste du at Alsace-regionen har godt grunnlag for økologisk produksjon av vin, grunna Vosges-fjella? Veit du kva informasjon me kan få gjennom å lese på vinetikettane? Dette og meir til lærer ein av denne boka. Eg måtte finne fram markørtusjen og brukte den hyppig.

Etter å ha pløyd meg gjennom boka fann eg fram flaskene med vin me hadde liggande. For første gong kunne eg hente ut informasjon av etikettane i staden for å vere avhengig av det vesle skiltet til Vinmonopolet. Det viste seg at me hadde ymse liggande. Nokre vinar vekka meir nysjerrighet enn andre. Etter å ha studert vinane og finsjekka i boka, kunne eg plutseleg danne meg eit bilete av korleis dei gjerne kom til å smake.

Ein rakkar stakk seg skikkeleg ut. Ein Amarone-vin eg ikkje hugsar kor kom frå. Gåve? Basert på det eg har lest, er forventningane høge (Det er no vinkjennarar les dette og tenkjer «jamen, den årgongen vart jo skikkeleg dritt!»). Flaska er herved freda og skal opnast ein iskald vinterkveld med noko godt på tallerkenen. I selskap med det fine mannfolket mitt og ein knert som ligg og søv. Betre dagdraum skal ein leite lenge etter.

DSC_0138 4

Men, no skal eg ikkje berre drikke den. Eg skal snuse, smake og leite etter referansar i minnet. Som Tennfjord no har forklart meg; grovsorteringa av aromaer finn ein på tunga, men det er med nasa ein finsorterer duftnotar og gjer vinopplevinga rikare. Kanskje finn eg spor av plomme? Eller pepar? Eller kanskje gymsokk? Den som smakar får sanse.

Kan du litt om vin og har du hatt nokre fine vinopplevingar? Pray do tell!

/Inga

Energimikstur

DSC_0454

Nokre dagar er ein ikkje på topp når det gjeld energinivået. Hovudet er tungt og kroppen likeså. Då er det godt å unne seg ein middagskvil før ein snører på seg skoa og går ein tur ut. Søvn og frisk luft er den beste medisinen mot alt!

Om du i tillegg lagar deg denne miksturen før du går ut døra, skal du sjå både topplok og kropp er tilbake i vater så fort som berre det. Oppskrifta er inspirert av ei eg fann i kokeboka Grønt av Camilla Jensen. Somarens beste kjøp!

Energimikstur

  • 1 fersk raudbete
  • 1/4 fersk ananas
  • 1 eple (evt. 0,5 dl. eplejuice)
  • 1-1,5 dl appelsinjuice

Skrell raudbet, ananas og eple. Del i betar og køyr i blender med appelsinjuice til ein har ein har finmalt smoothie. Dette er ei skikkeleg smaksbombe og er nok til to store glas.

DSC_0458Sov godt kjære deg!

/Inga