Kokkelering med klementin #2

DSC_0125 2

Nypressa juice er heilt nydeleg, men kvifor ikkje byte ut appelsinene med klementiner?

Eg nyttar ei elektrisk sitruspresse, som gjer prosessen litt meir effektiv. Dette var i utgangspunktet ein kjøkenmaskin eg trudde kom til å støve ned i skapet, men den har blitt overraskande mykje brukt då den er så hendig og lett å reingjere. Eg har høyrt at Phillips si juicepresse òg skal vere særs bra. Elles fungerer vanlege, manuelle sitruspressarar fin-fint.

Klementinene er rimelege om dagen, så her kan ein kjøpe mengder. Klementinjuice er hakket søtare enn appelsinjuice og garanterer ein frisk og velsmakande start på dagen.

OBS! Juicen forsvinn fort og er avhengighetsskapande!

Fleire klementinoppskrifter kjem til veka.

/Inga

DSC_0236 1   DSC_0240 1 DSC_0232 1   DSC_0239 1

Smaken av tysk førjulstid

20121129-221413.jpgSmakslaukane for søtt har det særs fint om dagen. Kakeeting i går og tyske godsaker i dag. Me var på Tysk-Norsk handelskammer sitt juletreff i kveld og det var særs hyggeleg.

Marsipan frå Lübeck og ekte Glühwein var eit godt substitutt når ein ikkje har dei tyske julemarknadane i nærleiken. Med frost og snø utanføre vindaugene kom ein i skikkeleg tysk førjulsstemning. På denne tida av året saknar eg Tyskland, då dei tyske julemarknadane og det som fylgjer med skapar ei heilt spesiell stemning. Å stikke innom julemarknaden for noko varmt å drikke vart fast prosedyre etter dagar på lesesalen i Heidelberg eller språkkurs i Hamburg. Stemningsfullt og sosialt! Måtte me få ein slik tradisjon i Noreg òg. 🙂

20121129-221422.jpg

Under: Ei ekte marsipankake av, nettopp, berre marsipan. Den fekk bli med heim!

20121129-221515.jpg

/Inga (som trur ho må prøve seg på baking av Stollen og eigenprodusert Glühwein i desember).

Restitusjonsdrikk av den tradisjonelle sorten og Halloween-stemning på kjøkenet

   

Då eg budde i Tyskland drakk vertsfamilien min ofte Vitamalz, òg kalla Kinderbier, etter trening. Det gir rask energi og inneheld mykje b-vitamin. Eg oppdaga for nokre veker sidan at norsk vørterøl smakar heilt likt og har nokonlunde det same næringsinnhaldet. Vørterøl har òg tradisjonelt sett vore ein sportsdrikk. Eg har drukke Aass sin versjon nokre gonger etter trening og det er super etterpå-drikk. Kvifor styre med proteinshaker og Powerade når ein kan drikke ei iskald og naturleg vørterøl? Eg er herved hekta og vørterøl er blitt fast inventar i kjøleskapet!

Elles vart det brått Halloween-stemning på kjøkenet i kveld. Eg har blodraude hender grunna lite skummel raudbetskrelling. Eg held på å bruke opp ingrediensene i kjøleskapet før neste vekeshandel. Raudbetane måtte til pers, -og det på litt utradisjonelt vis. Eg seier berre; raudbet + sjokolade = sant! Oppskrift kjem om nokre dagar. 🙂

/Inga