Smoothie i Norgesglas

På ein museumsbutikk på Fagernes, kom eg over desse fine glasa. Det er Norgesglas med lok og sugerør. Veldig fine å bruke til smoothie og anna ein gir til ungane. Det blir lite søl og ein unngår eingongssugerøra i papir eller plast!

Eg ser dei er å finne i nettbutikken til Norgesglasset, saman med ein haug med andre fint ting.

Eit lite emballasjefritt tips her i frå somarferien. Ha ein strålande dag!

Smarte teposar

På fredag kom eg over fleire nye og fine produkt på den lokale Rema 1000-butikken. Litt uventa, då Rema har fått mykje motbør for siling av produkt i det siste. Då er det flott å sjå fleire økologiske og (litt) grønare produkt i hyllene. -Mellom anna dei smarte teposane frå Clipper!

Vanlege teposar er litt tungvinte å kjeldesortere. Ein bør knipe av stiften med tråd og papirlapp, slik at metallet ikkje havnar i matavfallet. Teposane frå Clipper derimot, er nettopp berre ein tepose! Her kan du slenge heile i matavfallet når du har drukke teen. Det beste er sjølvsagt å bruke te i lausvekt, men dette er eit fint alternativ om ein berre vil ha ein kopp.

Då teen i tillegg er både økologisk, fairtrade og smakar nydeleg, er den eit supert kjøp. Den kjem både som svart te og grøn te, i ulike smaksvariantar.

Ha ein fin søndag!

Handle emballasjefritt: Forsøk 3

Krydder i lausvekt hjå Verdens mat. Vakkert!

Forrige veke tok eg meg skikkeleg god tid då eg skulle handle. Eg var i sentrum og tusla innom mange butikkar eg tenkte kunne ha emballasjefri varer. Målet var ikkje ein rask handel, men å få eit større overblikk over kva som finst i Haugesund. Undervegs oppdaterte eg på Instastory. Klippa frå den ser de her i innlegget!

Hjå K-fisk hadde dei mange fiskevarer i lausvekt. Eg kjøpte med meg nysteikte fiskekaker. Ein tom matboks var løysinga då eg skulle få dei med meg i handlenettet. Fiskekakene var eigentleg meint til middagen dagen etterpå, men dei var så freistande at me måtte smake på eit par allereie då eg kom heim. Dei smakte himmelsk!

Hjå Verdens mat fann eg frukt, grønt og raude linser i lausvekt. I tillegg hadde dei krydder, nøtter og anna smått og godt i lausvekt. Eg trur eg må tilbake for å kjøpe kikerter i lausvekt også.

Hjå Delikatesser Haugesund hadde dei deilige ostar i lausvekt, og her fekk eg også smake på mykje anna godt. Ein ost vart med heim, -innpakka i ein papirpose.

Hjå kjøtbutikken Lundal var eg på jakt etter kjøtpålegg og kjøtdeig. Kjøtdeigen hadde dei berre innpakka, men pålegget kunne ein få i lausvekt. Eg hadde diverre ikkje med meg fleire boksar eller glas til å ha noko på, så eg måtte ty til emballasje denne gongen. Uansett så veit eg no at dei har ulike pålegg emballasjefritt.

Hjå Amundsen kjøpte eg 500 g kaffibønner. Det er den mengden eg ser me treng for ei veke. Denne gongen vart det Amundsens spesialkaffi i medbragt papirpose, og ei makron i handa.

Til sist var eg innom ein vanleg daglegvarebutikk for å ta resten av handelen.

STATUS HANDEL NR. 3

Emballasjefri produkt: poteter, søtpotet, tomater, raudbete, sjalottlauk, eple, granateple, vårlauk, paprika, sitron, appelsiner, fiskekaker, ost, (kjøtpålegg), kaffibønner, raude linser og ei fransk makron.

Antal butikkar: 6

  • K-Fisk: fiskekaker
  • Amundsen: kaffibønner
  • Verdens mat og Coop Extra: frukt, grønsaker og raude linser
  • Delikatesser Haugesund: ost
  • Lundal: (kjøtpålegg)

Eigen emballasje: små vaskenett til frukt og grønt, papirpose til kaffibønner, matboks til fiskekaker og handlenett til alle varene.

Etterkvart skal eg lage ei liste over kva butikkar som har emballasjefrie varer i Haugesund. Det er langt fleire enn ein først trur, -og utvalet er breidt. Det er flott!

Handle emballasjefritt: Tid og kostnader

Eg fekk eit spørsmål på Instagram om kor mykje tid og pengar eg er villig til å bruke, for å kjøpe mest mogleg emballasjefritt. Det er eit veldig godt spørsmål som eg har grubla litt på før eg byrja på prosjektet!

Tidsbruk

Først og fremst bestemte eg meg for å starte i det små. I staden for å gå hardt ut og berre kjøpe emballasjefri produkt frå dag 1, har målet i starten vore å kjøpe det emballasjefrie alternativet der det let seg gjere. Eg har også tatt utgangspunkt i dei vanlege matbutikkane me handlar i, og utvida litt etter litt. Slik har eg fått tid til å komme inn i det, -og ikkje minst få oversikten over kva som finst.

Eg ser at eg får tak i emballasjefri frukt, grønsaker, nøtter og krydder når eg handlar i vanleg daglegvarebutikk i kombinasjon med innvandrarbutikkar. I tillegg får eg kjøpt kaffibønner nær daglegvarebutikken. Etterkvart kan eg tenkje meg å handle kjøttvarer, meieriprodukt, brødvarer og fiskevarer emballasjefritt. Det er både slaktar, mange bakeri, ostebutikk og fiskehandlar i byen, så det er mogleg å få til. Samstundes kan ein få tak i fleire av desse varene i ferskvaredisken på velassorterte butikkar som Meny.

Kor mykje tid ein må bruke om ein vil handle emballasjefritt, er veldig avhengig av kva tilbod ein har på staden ein bur. For vår del går det greit å bruke litt ekstra tid på mathandelen så lenge det berre skjer ein til to gonger i veka.  For min del er det lystbetont og også definert som aleinetid. Hehe.

Kostnader

I utgangspunktet var min bedre halvdel mest skeptisk til kor mykje pengar me kom til å bruke på mat. Etter tre rundar med vekeshandel, viser det seg at me har brukt like mykje eller mindre enn me pleier. Meir nøye planlegging av handelen er nok grunnen til dette. Det blir også færre impulskjøp og mindre kasting av mat.

No handlar me ikkje alt emballasjefritt og det kan hende at det vert dyrare etterkvart som me utvider. Likevel ser eg at mange matvarer eg har tenkt er langt dyrare hjå nisjebutikkane, ikkje nødvendigvis er det. Emballasjefrie matvarer som frukt, grønsaker, nøtter og belgfrukt er også ofte rimelegare om ein kjøper det i lausvekt. Å handle emballasjefritt treng såleis ikkje vere ei dyr affære.

Eg tenkjer at alle monner drar når det kjem til emballasjefri handel. Om ein ikkje ynskjer å bruke så mykje tid, kan ein til dømes byrje med eigne handlenett ein tek med heimefrå til den vanlege matbutikken. Då unngår ein plastposane. Det er eit kjempeflott bidrag til miljøet!

Lukke til!

/Inga

Handle emballasjefritt: Forsøk 2

Emballasjefri vekeshandel nr. 2 gjekk betre enn nr. 1. Denne gongen var majoriteten emballasjefri produkt! Mest fordi me ikkje trengte så mykje tørrvarer og det var mest frukt og grønsaker på lista. Likevel er det kjekt at det går på fram.

Denne gongen utvida eg med ein butikk til. Eg var innom ein innvandrarbutikk nede i sentrum, der eg fekk tak i nokre grønsaker eg visste dei ikkje hadde emballasjefri på Obs. Som til dømes gulrøter.  Her var det meste av frukt og grønt emballasjefritt, så mykje meir enn det som stod på lista vart med heim. I tillegg hadde dei valnøtter, pistasjnøtter og cashewnøtter i lausvekt. Det var supert! Resten av handelen tok eg på Obs, utanom kaffibønnene. Dei handla eg hjå Amundsen som forrige gong.

Status handel nr. 2

Emballasjefri produkt: poteter, gulrøter, spinat, ananas, søtpotet, tomater, raudbete, sjalottlauk, eple, granateple, vårlauk, kålrot, sitron, appelsiner, kaffibønner og valnøtter.

Antal butikkar: 3

  • Coop Obs! frukt og grønsaker
  • Amundsen: kaffibønner
  • innvandrarbutikk*: frukt, grønsaker og nøtter

Eigen emballasje: små vaskenett til frukt og grønt, papirpose til kaffibønner og handlenett til alle varene. Alt tok eg med heimefrå.

Så langt er prosjektet veldig morosamt. Likevel ser eg at den emballasjefri handelen kjem litt i skvis med ynskjet om å handle økologisk og norskprodusert. Desse varene er diverre litt for ofte innpakka i plast.  Det håpar eg betrar seg no som me kjem inn i den norske sesongen. Då er forhåpentlegvis færre produkt innpakka i plast. Elles må eg sei at det er veldig hyggeleg å handle emballasjefritt! Dei som jobbar i butikkane tykkjer det er heilt topp at eg kjem med eigne handlenett og posar, -og det blir ofte hyggelege samtalar ut av det.

I morgon skal eg gjere forsøk nr. 3, og eg håpar på å finne fleire varer utanom frukt- og grønt-disken. Eg har også fått eit godt spørsmål om dette med emballasjefri handel, som eg kjem med eit svar på i morgon.

Håpar du har hatt ei vidunderleg påske, så snakkast me!

/Inga

*eg hugsar ikkje namnet på innvandrarbutikken i farten, men eg skal oppdatere blogginnlegget med rett namn så fort som råd.