Fugl Fønix

Me er på O’Vestland Vestland denne helga. Heimbygda viste seg frå si beste side med litt nysnø, sol og blikkstille fjord. Etter kald tur rundt Osnes vart det blinis med kaviar og blåbærsuppe til dessert på Fønix. Godt!!

Fønix har hatt særs spanande menyar det siste året og det er stadig mykje nytt og freistande når ein kjem innom. Det er veldig veldig kjekt å ha ein slik god matstad i bygda. All ære til folka som jobbar der og eldsjelene bak!

/Inga

SüdØst Asian Crossover

  

  

I går vart det kulturell start på helga med besøk på Astrup Fearnley-museet og SüdØst Asian Crossover på Grünerløkka. Kunsten på Tjuvholmen var vakker, provoserande, spanande, ubehageleg. Ja. Akkuret slik moderne kunst skal vere.

SüdØst levde opp til forventningane til dei grader! Nydeleg mat, fine lokale og god service. Filosofien bak restauranten er å blande europeisk og asitiask matkultur. Eg og ei venninne bestilte ein sjurettars delemeny (Yin, 395,- per pers). Her får ein eit tverrsnitt av heile menyen og det var mange høgdepunkt. Forretten New Style Sashimi, oksecarpaccioen med thaipesto og mørk sjokolademousse og kokossorbet var gjerne dei største. Dersom ein skal innom på ein fredagskveld (eller torsdag eller laurdag), er det nok lurt å bestille bord.

Forrige fredag var me på Olympen som òg var ei veldig kjekk og velsmakande oppleving.

Har de andre tips til kor ein bør ut og ete i Oslo-området?

/ Inga, -som har rumlande mage igjen og bør tenkje på å lage frukost (men då crossover-fri) 🙂