Lag dine eigne eplelys

dsc_0343

Eg likar å bruke det eg allereie har i hus når eg skal dekke bord til fest. I går var det få blomar ute og det er enda ikkje tid for juleblomar som amaryllis og anna fint ein kan ha på bordet.

I staden laga eg ein løpar av granbar eg hadde funne i skogen, og skar ut eplelykter som fekk sette litt farge på bordet saman med andre lys og lykter. Det var fint, -og enkelt som berre det.

dsc_0347

Du treng berre nokre eple, nokre telys, ein skarp kniv og ei teskei. Skjer ut ein sirkel som er på størrelse med telyset, og grav ut fruktkjøt med ei teskei, til du kan trykke telyset lett ned i eplet. Drypp gjerne litt sitronsaft i eplet, slik at det ikkje vert så fort brunt.

Pass på at eplet står støtt og at telyset ikkje ligg på skeiva. Om du vil vere heilt sikker på at epla står støtt, kan du skjere litt av botn på dei og plassere på eit fat eller anna underlag.

dsc_0358
Nokre dombjeller vart gravt ut av kassa med juletrepynt. Dei var også fin bordpynt!

Pedalen sykkelverkstad

DSC_1111 2

Det er mange kvardagsheltar rundtom som kan forlenga levetida på det me har, men det er ikkje alle som veit om dei. Då må me spre det gode ord! Eg tenkte difor å dele nokre favorittar her i Haugesund!

Først ut er Pedalen sykkelverksted. Dette er ei fantastisk fin bedrift som kombinerer gjenbruk, butikk og sosialt entrepenørskap under eitt og same tak. Butikken ligg sentralt i Haugesund, rett nedanføre høgskulen. Her er eg støtt og stadig innom for å beundre dei fine syklane.

DSC_1101 2

Pedalen er dreven av Kirkens bymisjon og er eit tiltak for unge arbeidslause som har falt ut av skule og utdanning. Her tilbyr dei arbeidstrening og opplæring, med mål om at dei unge skal komme tilbake på skulebenken eller ut i ordinært arbeid.

DSC_1108 2
Hyggelege Monika Nerheim og Greg Sørby som leier Pedalen. Flinke folk!

Her kan ein få shina opp eigne syklar, donere brukte syklar til gjenbruk eller kjøpe brukte syklar som Pedalen har fiksa opp. I tillegg finn ein nye syklar som dei utruleg flotte Pilen-syklane og el-sykkelmerket North som kjem frå sjølvaste Karmøy! Kortreiste el-syklar. Betre kan det ikkje bli!

DSC_1105 2

DSC_1102 2 DSC_1100

DSC_1097 2
Eg har donert to gamle syklar til Pedalen. Der vert dei anten fiksa opp og selt vidare, eller brukt som delesyklar. Takk for alt Kynasten!

Pedalen sykkelverkstad finn ein ikkje berre i Haugesund, men også i mange andre byar rundtom i landet. Eit flott tiltak med skikkeleg Kinder egg-effekt! Denne staden anbefaler eg verkeleg å ta turen innom!

Lågterskel kjøkenhage

DSC_0890

I helga hadde me eit lite planteprosjekt på gong. Eg kom over ei pakke med gjer-det-sjølv-kjøkenurter på hagesenteret. I pakka var tre minipotter, jord og økologiske frø til ulike krydderurter. Alt ein treng utanom vatn.

Det var eit passe prosjekt for toåringen, -og det beste av alt: allereie etter nokre dagar byrja det å spire! No fylgjer me spent med frå dag til dag. Per no leier persillen, men basilikumen fylgjer hakk i hel!

DSC_0882
DSC_0923 I den store potta har me planta ein avocadostein. Spenninga er til å ta og føle på!

DSC_0930

Om ein ikkje har tid, plass eller lyst til å byrje med dei store planteprosjekta, finst det fleire slike pakkar med alt du treng på hagesentera. Lite nok til at hagearbeidet er gjort i ein fei, -men med avling nok til å gi ein liten smakshøydare i kvardagen!

Fiks det sjølv / Korleis reparere kjedet på sykkelen

DSC_0637
No er sykkelen framkomstmiddel nr. 1 igjen og me håpar at me får litt til vinterføre før vintersykkelsesongen er forbi!

You live and you learn. Etter å klødd meg i hovudet i nokre veker, har det no gått opp for meg korleis ein reparerer eit kjede på sykkelen. Kvifor googla eg ikkje først som sist?! Etter litt feilinformasjon frå ein på Biltema, trudde eg først ein måtte byte heile kjedet.  Det må ein altså ikkje. Ein kan nemleg skøyte det gamle.

Med ein kjedekuttar, ei tang og nokre ekstra ledd, kan ein ordne det sjølv. Eg kjøpte kjedekuttar, tang og ekstra kjede på Biltema. Men, før eg hadde sagt «fikse det sjøl» «, hadde mannen reparert kjedet under ein tur ut i boden. Det er altså tilsynelatande fort gjort!

Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen!
Toåringen er nøgd med at sykkelvogna er tilbake i transportbransjen.

Men, mantraet er altså: google, google google. Det er flust med informasjon om sykkelreparasjon på nettet og mange fine instruksjonsvideoar på YouTube. Denne frå Anton Sport om nettopp skøyting av kjeder, viser det på ein oversiktleg og god måte.

No ventar sofaen og House of Cards. Ha ein fin kveld!

/Inga