Thaifiskekaker a’la Trine

Om ein skal ete etter sesongen, er det no tida for å ete så mykje fisk og sjømat som ein kan! Torsk, lyr, sei, hyse og reker er på sitt beste på denne tida. Sjå gjerne kva anna sjømat som er i sesong no i januar, i sesongkalenderen til Smak av kysten.

Likevel er det ikkje alltid like enkelt å få ungane til å ete rein fiskemat. -Men fiskekaker, fiskeboller og fiskepudding et dei mykje av. Då eg er så heldig å ha ein far som er hobbyfiskar, får eg stadig levert ferdigfiletert fisk på døra. Forrige helg fekk eg 2 kg hyse, og då nytta eg høve til å lage fiskekaker. Om ein skal lage fiskekaker, er det lurt å nytte fisken når den er heilt fersk. Då er det mykje bindestoff att i fiskekjøtet, og fiskekakene blir faste og fine.

Eg laga 1/3 vanlege tradisjonelle fiskekaker med sjalottlauk, persille og gulrot i fiskefarsen. Av den andre tredjedelen, laga eg thaifiskekaker basert på Trines matblogg si oppskrift. Maten eg lagar ut i frå hennar oppskrifter vert alltid bra, og desse thaifiskekakene vart ikkje eit unntak. Dei smakte heilt fantastisk!

Thaifiskekaker a’la Trines matblogg

700 g fersk, kvit fisk (sei, hyse), delt i betar

1 egg

1/2 raud chili, finhakka

1 fedd kvitlauk, finhakka

1-2 ts finreven ingefær

1 neve frisk koriander, hakka

3 hakka vårlauk

1/2-1 lime (safta)

1 ts salt

nykverna sort pepper

Kvern fisken raskt i ein kjøkenmaskin, før du tilset egg, ingefær, chili, vårlauk, koriander og kvitlauk. Smak til med limesaft, salt og pepar. Køyr blandinga til du har ein fin deig.

Form 7-8 fiskekaker. Steik dei på middels varme i ca. 5 minutt på kvar side, til dei er gjennomsteikte og har ei fin, brun steikeskorpe.

Et fiskekakene medan dei framleis er varme, eller frys dei til middagar seinare. Slikt er gull å ha i fryseboksen, også til somaren når grillsesongen står for tur!

Av og til må det ekte multitasking til for å få gjort det ein skal. Her med ein febersjuk unge som søv på ryggen medan eg steiker fiskekaker. Nød lærer naken kvinne desperat mor med fersk fisk, å spinne å vere bærekraftig. Fnis. Ok, den var dårleg.

Ha ein flott laurdagskveld!

Inga

LagreLagre

Å starte dagen i skogen

dsc_0735

Lukka er å starte dagen med ein stille skogstur. Ingen andre er med og eg kan berre gå og vase rundt på måfå medan eg samlar litt fint. Det er reinaste yogatimen for hovudet.

November er komen og dei sprakande haustfargane har byrja å gå over i nyansar av brunt. -Men på toppane ligg eit lite melisdryss og minnar om at skisesongen er rett rundt hjørnet. Naturen er fin sånn!

dsc_0723 dsc_0736 dsc_0731

No har eg samla mykje fin granbar til rakfisklaget vårt i kveld. Me skal tjuvkjenne litt på julestemninga med rakfisk og gode naboar. Det vert herleg!

dsc_0740

Når er frukt og grønt i sesong?

cropped-20130709-120807.jpg

Å handle kortreist mat og ete etter sesong er eit fint miljøtiltak (eg har skreve litt om dette tidlegare her). Varene reiser kortare avstandar, norsk frukt og grønt som er i sesong er ofte rimelegare enn utanlandske alternativ, samstundes som at råvarene er på sitt beste, -både på smak og næringsinnhald.  Å ete etter sesong er kort og godt billeg og bra!

Likevel kan det for ein nordmann i 2015 vere utfordrande å vete kva som er i sesong når. Butikkane sel ferske jordbær på julafta og plommer i mai. Me er litt sesongforvirra og er vande med at alt er tilgjengeleg heile året.

Eg prøver å gå etter NYT Norge-merket når eg handlar, men eg saknar ofte eit større utval hjå dei største kjedene. Ideellt sett kan ein be butikkane bestille inn det du saknar, då dei ofte er på tilbudssida. Viss ein ikkje veit kva som er i sesong og tilgjengeleg når, kjem ein likevel til kort.

Difor vart eg så glad då eg fann mange fine sesongkalenderar på nett.

sesongkalender_bilde

Sesongkalenderen de ser over er utarbeida av Fylkesmannen i Vestfold, Hordaland og Sogn- og fjordane. Den gir ein fin oversikt over kva som er i sesong når. Grøn prikk viser kva som er nyplukka og i sesong, medan oransje prikk viser kva som er i sesong grunna lagring. Denne er så fin at eg jaggu skal printe den ut og henge på kjøleskapet!

Viss du ynskjer ein sesongkalender med utelukka norskproduserte økologiske varer, er denne kalenderen, laga av Bioforsk, veldig fin.

Bloggaren Kjernesunn nordkvinne har laga nokre fine tabeller med oversikt over frukt, grønsaker og bær som de finn her og som de ser nedanføre. Ho har også tatt med grønsaker, frukt og bær som ikkje vert produsert i Noreg, og dei er merka med ei stjerne. Der ser ein til dømes når appelsinene er på sitt beste!

Sesongkalender frukt og bær

Sesongkalender grønnsaker

Til slutt må eg tipse om Smak av kysten, -ein nettstad utvikla av Norsk sjømatsenter. Her finn ein ein fin oversikt over kva fisk som er anbefalt for kvar månad. Til dømes er torsken på sitt beste frå septemer til april (alle månadar med «r» i), medan makrellen er i sesong mellom mai og august. Fint å vete!

No skal oversikten opp på kjøleskapet og så skal det fråtsas i sesongvarer. No i mai skal eg ut på jakt etter norske asparges og etter det er det rabarbrasesong! Hurra!

/Er de flinke til å handle etter sesong og er det nokre varer de gler dykk ekstra mykje til? Eg blir kjempeglad for tips!

Ha ein fin kveld!

/Inga

Torsk, jordskokk og spekepølse frå Etne

DSC_0110
Resultatet etter skattejakt i kjøleskap og frys. Persillebuketten låg nederst i skuffa men vart gløymt med ein gong den var tatt fram, og kom ikkje lenger enn til skjærefjøla.

Rett før me sette oss i bilen i Etne for å køyre heim etter ferien, grov mannen opp jordskokk i åkeren. Der har den vore og kost seg over vinteren. Jordskokk er noko av det beste eg veit. Skjær det i bitar og bak i omnen med andre rotgrønsaker eller bruk det i stappe saman med til dømes potet. Jordskokken set ein heilt fantastisk, nøtteaktig smak på maten! Har du ikkje smakt det før, bør du legge det i handlekorga neste gong du kjem over ein knoll på butikken.

Litt av rota skal plantast her i hagen i Haugesund (uuups! Stryk det. Moderen ringte og sa at det var lite lurt i eit tett bustadområde då den veks som ugras. Det er altså betre å plante den i ein avskjerma hage om du ikkje vil spre jordskokk over heile nabolaget), men resten skal fortærast til middag. Første knollane hamna i gryta allereie på tysdag då det var skrint i kjøleskapet etter ei veke borte. Med pappa sin torskefilet frå frysen, jordskokk blanda med potet i ein purè, ein litt småtrist broccoli og siste stump av pestopølsa til den lokale spekeprodusenten Lundal, vart det reine festmiddagen. -Og definitivt den mest kortreiste så langt i 2015!

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Trines matblogg som eg har brukt gjentatte gonger. Ofte med litt ulike ingredienser, men målet er alltid den same smakskombinasjonen: salt kjøt, mild torsk, og smøraktig stappe av noko slag. Om ein i tillegg har noko søtt, er det toppen av kransekaka. Eg har prøvd ut varianten med granateple, men om ein ikkje har det, kan ein nytte fantasien. -Som til dømes betar av eple, pære eller kanskje til og med jordbær! Denne gongen hadde eg ingen av delene, men toppa heller med litt chiliolivenolje.

Kortreist og godt som berre det!

/Inga

DSC_0134

Paner bort kvardagsbluesen

DSC_0438 kopi

Etter ei heidundrande fin bryllaupshelg som eg kjem til å hugse lenge, var det litt av ein blåmåndag å vakne opp i det ein kan kalle ein «kvardagsleilighet». Kor er trerettersen, dei vidunderleg fine folka, musikken, dei vakre omgjevnadane og sjokoladefontena? Det einaste som kunne minne om fest, var hybelkaninene som dansa boogie under senga. Det er jommen meg godt me får besøk i dag. Det er beste oppskrifta på kaste-seg-rundt-shinings her i heimen.

Enn så lenge finst det andre triks i ermet for å kurere kvardagsbluesen. Som til dømes å pimpe opp fiskemiddagen med litt panering. Panering gir ein fantastisk crunch (fann ikkje eit godt nok skildrande norsk ord der)  og set nye, spanande smakar på billege fiskevariantar  som sei, lyr osv.

Ein må ikkje panere med den gode gamaldagse brødsmuleblandinga. Kvifor ikkje prøve frø, nøtter eller krydder? Eg lovar, -det vert høgtidsstemning i heimen av slikt.

Her kjem ei lita oppskrift på panering av fisk, squash (paneringa tok litt av) og til sist, det beste tilbehøret til fisk og kjøt no på seinsomaren.

DSC_0387 kopi

Panering av kvit fisk

  • ca. 200 g. fisk per pers.
  • 1 egg
  • salt og pepar
  • 6 ss kveitemjøl
  • 2 ss smør
  • 1 ss olje

Døme på paneringsblanding:

  • 1 ts korianderfrø
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts fennikelfrø
  • 1 ts heil, kvit pepar
  • 1/4 ts reven muskatnøtt
  • 1 ts salt

Ha fisken i ei bolle med kaldt vatn i 15-20 min. før du skal steike den. Dette for at den skal, -ja, bli fastare i fisken! Bruk gjerne isbetar i vatnet for å halde det kaldt. Dersom du brukar 2-3 ss salt per liter vatn gjer dette fisken saftigare.

Tørk fisken med eit reint kjøkenhandklede.

Bland paneringsblandinga i ein morter og mal det til ei fin blanding. Pisk egget for seg.

Dypp fisken i kveitemjølet, pensle over med egg før du dypper fisken i paneringsplandinga.

Varm smør og olje i ei steikepanne

Ha i fisken og la den steike 4-5 minutt på den eine sida, før du snur og steiker i 3-4 minutt på andre sida.

DSC_0402 kopi

Panering av squash

  • 1 squash
  • 1 del sesamfrø
  • 1 del linfrø
  • 1 del gresskarkjerner
  • 1 egg

Mel opp frøa i ein kjøkenmasking. Skyll squashen og del i lange, diagonale skiver. Pensle skivene med eit egg og dypp i frøblandinga. Steik i 3-4 minutt på den eine sida, og likeeins på andre sida.

DSC_0408 kopi

Det beste tilbehøret til fisk og kjøt i august er…

  • cherrytomater
  • salt og pepar
  • olivenolje

På denne tida finn ein dei beste, norske tomatene i butikken (eller om du er skikkeleg heldig; i drivhuset). Ein veldig fin måte å bruke dei på, er å ovnsbake dei slik som dei er. Tida i omnen får fram fantastiske smakar i tomatene. Dei kan til tider minne om søte jordbær!

Det beste er om ein har skikkeleg god tid. Om du har 3-4 timar, steik dei på 60-70 grader, Om du har 1-2 timar, steik dei på 150 grader. Om du har kortare tid enn dette, steik på 180-200 grader i rundt 20 minutt. Smaken vert definitivt best om ein har god tid, men tja, det er sjeldan ein har det i kvardagen.

Skyll tomatene og legg på eit steikebrett dekka med bakepapir. Drypp over godt med olivenolje og nykverna salt og pepar. Steik i omnen på ynskja grader over ynskja tid (sjå ovanfor).

Ha ein feiande fin måndag!

/Inga