Restejuice

Etter gårsdagen og den første frukosten (her i huset blir det tid til både ein, to og tre frukostar før alle er klare for dagen i helgene), låg det inntørka eplebåtar og halve appelsiner over alt. Slikt som nokre små personar ein gong hadde lyst på, -men som dei ikkje åt opp likevel. Det har ein tendens til å hope seg opp slike rester.

I dag gjekk alt i frukostjuicen til (den tredje) frukosten. Saman med nokre betar ingefær, nokre ekstra eple, appelsiner, -og nokre triste gulrøter nederst i grønsaksskuffa, vart det ein fin start på dagen. Juicemaskina er reine «bli ny-maskina» for frukt og grønt.

Denne ryddige illustrasjonen av frukostbordet er forresten lite representativ for korleis det eigentleg ser ut. Flytter eg meg 20 cm bort, ser det heile meir realistisk ut:

Avfallsrundstykke

dsc_0380

Å bruke malten frå ølbrygging i brøddeig, er utruleg godt. Ein får ein saftig og rik smak på brødet. Om du ikkje bryggar sjølv, kjenner du kanskje nokon som bryggar og som ikkje har bruk for avfallet? Om du ikkje skal bruke alt med ein gong, kan du fryse malten ned i mindre porsjonar så du har til seinare.

Det enklaste er å bruke ei eltefri oppskrift. Sett ein deig om kvelden før du legg deg, og steik rundstykka neste morgon. Det er svinte og midt i blinken for oss som stadig vekk saknar fleire timar i døgnet!

dsc_0384

Halvgrove ølrundstykke/avfallsrundstykke
  • 350 g sikta kveitemjøl
  • 150 g sammalt, grovt kveitemjøl
  • 1,5 kopp maltavfall
  • 50 g sesamfrø/linfrø
  • 1 knip salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 4 dl lunka vatn

Rør saman alle ingrediensene. Legg eit lok på bolla og la deigen kvile i 10-12 timar.

Deigen er litt klissete etter heving, så om du vil rulle rundstykka, kan det hende du må tilsette litt meir mjøl. Eg tek berre ei sleiv og legg klattar på steikebrettet. Rundstykka får ein rustikk utsjånad, men det er berre fint. Eg pleier å lage omtrent ni store rundstykke av denne deigen.

Sett steikebrettet i kald omn, og steik på 225 grader i ca. 25 minutt.

dsc_0388

God frukost!

Eg har tidlegare brukt maltavfallet i knekkebrød. Det var også veldig godt! 

Ølknekkebrød

DSC_1389

Når ein bryggar øl, sit ein igjen med mykje avfall frå kornet ein har brygga ølet på. Det kallar ein malt. Til no har malten stort sett gått i matavfallet her heime, men i går prøvde eg å bake knekkebrød av deler av malten. Det vart utruleg bra!

Mannen brygga American Pale Ale i helga, og det var malten frå denne eg nytta. Knekkebrøda vart knasande sprø, og med ein litt søtleg og rund smak. Godt!

DSC_1364

Eg bakar knekkebrød omtrent ein gong i veka. Det er så utruleg godt og ikkje minst lettvint mat når ein ikkje har tid til dei lange matstundene. Eg har prøvd mange oppskrifter, men til no er favoritten ei oppskrift frå Berit Nordstrand si bok Mat med mer. Det var denne eg nytta som utgangspunkt for desse knekkebrøda.

DSC_1371

Ølknekkebrød

  • ca. 1 l malt
  • ca. 3,5 dl finmalt rugmjøl
  • 1/2 ts salt

I den opprinnelege oppskrifta til Berit Nordstrand, nyttar ho ulike typar gryn, frø, nøtter og mjøl. Ein må då tilsette vatn i tillegg. Då malten var såpass fuktig, var det ikkje behov for noko ekstra vatn i oppskrifta.

Bland ingrediensene godt og la røra svelle i 20 minutt.

Fordel røra på to steikebrett dekka med bakepapir. Smør røra tynt utover slik at den dekker heile steikebrettet. Eit godt tips er å nytte ein slikkepott som du dyppar med jamne mellomrom i ein kopp med vatn. Då heng ikkje røra fast og det vert det lettare å smøre utover.

Sett begge steikebretta inn i omnen og steik på 175 grader varmluft i 30 minutt. Ta steikebretta ut og del opp knekkebrød i passande størrelsar med eit pizzahjul.

Sett bretta inni igjen og seink temperaturen til 100 grader. La knekkebrøda tørke i 1-1,5 time. Følg godt med slik at dei ikkje svir seg.

Ta ut knekkebrøda når dei er gjennomsteikte og tørre. La dei kjølne på brettet før du knekk opp betane.

Nyt!

DSC_1374

DSC_1383

DSC_1381

Smaken på knekkebrøda vil nok variere litt ut i frå kva type øl du nyttar malten til. Eg gler meg til å prøve fleire typar, -for dette gav meirsmak!

Ha ein strålande dag!

/Inga

Grøne pannekaker for kresne småfolk

DSC_0162

Å få småfolk til å ete grønsaker er ikkje det enklaste. Vår kunne nok ha levd på skiver med leverpostei, rosiner og mjølk om han hadde fått lov. Grønsaker egnar seg best til smaking og ikkje meir enn det.

Då gjeld det å lure grønsaker inn der ein kan. Ekstra blomkål i potetstappa, raspa gulrot i brøddeigen eller ekstra grønsaker i pastasausen som ein så køyrer med stavmiksar. Ein kan som oftast snike inn litt ekstra grønsaker i det meste. Filosofien er: det dei ikkje veit om, -har dei berre godt av! 😀

For nokre månadar sidan kom eg over ei oppskrift på lappar med grønkål som eg laga til kveldsmat. Før eg fekk sukk for meg, hadde poden ete fire! Han elska dei. Etter det har me laga grøne lappar til kvelds titt og ofte. Eg et dei gjerne med litt lønnesirup eller ost, medan poden helst vil ha dei utan noko på.

Då me hadde dei fine egga frå Solveig sine høner, måtte to av dei til pers i røra i kveld. Nam!

DSC_0178

Ingredienser (ca. 8 lappar)

  • 1 neve grønkål
  • 2 egg
  • 1 kopp havregryn
  • 1 kopp mjølk
  • (banan, kardemomme, kanel eller eventuelle andre ingredienser for ekstra smak)

Riv blada av grønkålen. Den grove stengelen brukar ein ikkje. Køyr grønkålen saman med dei andre grønsakene i ein blender til du har ei jamn røre.

Steik lappar på middels varme i ei steikepanne. Bruk smør eller olje til steikinga. Dei smakar best når dei er varme.

   

Har de nokre gode tips til å lure i ungar grønsaker? 

Eplehaust 3 / All you need is … ein blings

DSC_0117 5

Når haustdagen ikkje er slik den er på film med fargerikt landskap, tort lauv og endelause turar i skogen, men snarare er erstatta med gråver og endelause regnbyger, -ja då må ein ty til det amerikanarane kallar «comfort food».

Den optimale matbiten her i huset, er ein skikkeleg blings. To skiver godt brød, fylt med ost, pålegg og grønt er eit smakfult og mettande vis å hente ny energi på.

DSC_0100 5Ingredienser

  • 2 skiver
  • cheddar
  • spekeskinke*
  • 1/2 eple i skiver
  • ruccola
  • smør
  • (sennep/ balsamicoeddik etc. til ekstra smak)

Smør utsida og innsida av ei brødskive med smør og fordel ost, spekeskinke, eple og ruccola på toppen. Smør den andre skiva med sennep på innsida eller til dømes balsamicoeddik. Sennep gir ein salt smak, medan balsamicoeddiken fører til ein meir søt-syrleg spiss. Legg den siste skiva på toppen og smør overflaten med smør.

Varm ei steikepanne på middels varme og legg blingsen i steikepanna og la den surre i 5-6 minutt før du snur blingsen og lar den surre vidare i 5-6 minutt til. Osten skal smelte og skivene skal bli gyldenbrune.

*om ein er gravid, bør ein sprøsteike spekeskinka anten i steikeomnen eller i panne.

DSC_0124 4Nyt med eit glas kald mjølk og du skal sjå at dagen brått ser langt lysare ut! 😀

Ha ein fin haustdag!

/Inga