Eplehaust 2 / Avhengigheitsskapande eplemos

DSC_0176 2

Mesteparten av vestlandseplene gjekk med til eplemos. Det er uendeleg godt og ikkje minst avhengighetsskapande. Det definitive høgdepunktet var nok å ete eplemosen varm nesten rett frå kjelen då den var nykokt. Syrleg, søt og frisk smak av haust samstundes som den varma. Kort og godt makalaust!

Eg fraus ned resten i porsjonspakkar og har tatt opp etter tur og ete det til frukost med heimelaga müsli og youghurt naturell den siste veka. Det har vore ein super start på dagen. No er kvoten snart oppeten og eg må koke opp ny ladning. Ein kan jo få abstinensar av mindre.

Ingredienser

  • 2 kg eple
  • 1/4 kopp sitronsaft
  • 1 1/2 kopp vatn
  • (3 ss brunt sukker)

Skrell, reinsk og del eplene i grove betar. Ha i ein kjele saman med sitronsaft og vatn. Kok opp før du reduserer varmen og lar kjelen småkoke i 25-30 minutt. Då skal epla vere såpass mjuke at dei nesten dett saman.

Køyr blandinga med stavmiksar og smak til med sukker eller anna søtningsmiddel. Eg nytta brun kokosblomstmelis, og det vart akkurat søtt nok. Eg likar det best når det er litt syrleg. Om det vert for søtt smakar det fort litt «flatt». Her må ein altså smake til med eigne smakslaukar.

Et på skiva, i dessert, saman med youghurt og müsli eller berre heilt aleine med skei.

DSC_0221 2

/Inga

Lokkemat for b-menneske

DSC_0029 9

Den vanlege Ingaen er eit ivrig a-menneske. Å stå opp klokka tidleg for å ha tid til lang frukost, kaffi og aviser er fast rutine. Rutinen har eg arva av far min og det er ein heilt nydeleg start på dagen.

DSC_0001 8

Problemet er berre at den Ingaen fordufta for nokre månadar sidan. I staden har det flytta ein zombie inn i leiligheten. Ein zombie som slokner på sofaen etter middag og som tykkjer det å stå opp er litt som å hoppe stille lengde med ein sandsekk i kvar neve.

DSC_0009 9

Heldigvis veit ein etter 27 år kva knappar ein skal trykke på. Ein er eit enkelt menneske skal du vete! Ihvertfall så lenge sjokolade er med i biletet.

Eg kom over oppskrifta på müslibarar hjå flinke Tine her i helga. Då eg nett hadde laga ein stor porsjon müsli var det fort gjort å lage litt lokkemat for sletne sokkar. Så enkelt. Så genialt. Sjokolade er genial smøring og no går det som smurt (ok. Der tok me hardt i. Det er ihvertfall litt lettare) å komme seg ut av senga.

DSC_0019 11

Ingredienser

  • 1 l müsli (til dømes denne)
  • 1 kopp tørka bær/rosiner/kokos
  • 200 g mørk sjokolade

Fordel müslien utover eit fat med kant. Dryss over eller bland inn bær, rosiner eller kokos om du ynskjer å smaksetje den meir. Smelt sjokoladen i vassbad og hell jamnt utover müslien. Sett i fryseboksen og la det stivne i 10-15 minutt.

Ta ut av fryseboksen og løsne frå forma. Del opp med kniv eller brekk laus betar som du oppbevarer i kjøleskapet.

DSC_0026

Nyt med ein kopp te eller eit glas mjølk. Eg lovar. Desse får deg opp av senga om morgonen!

/Inga

Energimikstur

DSC_0454

Nokre dagar er ein ikkje på topp når det gjeld energinivået. Hovudet er tungt og kroppen likeså. Då er det godt å unne seg ein middagskvil før ein snører på seg skoa og går ein tur ut. Søvn og frisk luft er den beste medisinen mot alt!

Om du i tillegg lagar deg denne miksturen før du går ut døra, skal du sjå både topplok og kropp er tilbake i vater så fort som berre det. Oppskrifta er inspirert av ei eg fann i kokeboka Grønt av Camilla Jensen. Somarens beste kjøp!

Energimikstur

  • 1 fersk raudbete
  • 1/4 fersk ananas
  • 1 eple (evt. 0,5 dl. eplejuice)
  • 1-1,5 dl appelsinjuice

Skrell raudbet, ananas og eple. Del i betar og køyr i blender med appelsinjuice til ein har ein har finmalt smoothie. Dette er ei skikkeleg smaksbombe og er nok til to store glas.

DSC_0458Sov godt kjære deg!

/Inga

Ein grüner Tag in Grünerløkka

Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.
Blått er flått flott. Ups. Litt tabloid-skada etter somaren.

I dag gjorde eg noko eg sat og drøymde om under eksamensinnspurten i vår. Eg via ein heil dag til trasking, kiking, eting, drikking og heng med fine folk i tigerstaden. For å gjere ein morosam tvist på det, laga eg meg ei grøn rute for dagen, inspirert av ulike Oslo-guidar og tips frå andre.

Her er ein liten, grøn guide for ein dag i Oslo, -nærare bestemt Grünerløkka, då området rundt Olaf Ryes plass har flust med flotte øko-stader ein bør besøke.

Eg fekk ein heidundrande fin dag på Løkka. Kanskje får du også lyst til å ta turen?

Godt brød, Thorvald Meyers gate 49.

Då eg var student i Bergen forelska eg meg i Godt Brød. Konseptet og maten er heilstøypt og velsmakande. Dei får stort pluss i boka då ein kan sjølv velje pålegg, ost, pestoar, grønsaker med meir og få nybakst påsmurt der og då. I tillegg har dei eit rikt utval av andre bakervarer, kortreiste, økologiske produkt og god kaffi.

Dette vart eit naturleg stopp for frukosten i dag. Her hadde dei også ein koseleg bakgård med søte fuglar, gløtt frå morgonsola og god stemning.
20130731-210256.jpg20130731-210319.jpg

Balanzera, Sofienberggata 2b.

Håret mitt er ikkje så godt vedlikehaldt. Eg hugsar ikkje sist eg var hjå frisøren. Som oftast er det mannen som stussar det litt, men det har eg også gløymt ut å be han om det siste året. No såg det ut som eit kosteskaft på endane og i den anledning bestilte eg time hjå den økologiske frisørsalongen Balanzera. Eg har høyrt gjetord om denne salongen så forventningane var skyhøge.

Forventningane vart innfridd. Så til dei grader. Eg fekk verdens hyggelegaste frisør som forstod med ein gong korleis eg ville ha det (det er ikkje eg vand med!) og som gav meg den finaste klyppen eg har hatt nokon gong. Ho brukte berre økologiske hårprodukt. I staden for å lukte kjemikalier lukta produkta berre himmelsk godt og gjorde håret mitt silkemjukt og fint.

Kombinert med søvndyssande hovudmassasje, servering av kaffi/te og gode råd med omsyn til økologiske hårprodukt (utan at noko vart pressa på deg), svevde eg særs nøgd ut døra. Eg kjem tilbake!
20130731-210349.jpg20130731-210339.jpg

Frelse, Markveien 51.

Frelse er ein liten hudpleiebutikk som berre sel økologiske merke. Her finn ein kjende merke som Weleda og John Masters Organics, men også mindre og meir ukjende merke. Her kan ein finne mykje spanande og ikkje minst få gode råd av den engasjerte og enormt hyggelege dama som jobbar der. Eg vart reint glad av å kike innom!
20130731-210357.jpg20130731-210436.jpg

Fretex, Sofienberggata 8.

Som sagt kan eg kjøpe brukt dette shoppestopp-året. Eg har ikkje kjøpt noko enda, men tok turen innom Fretex i dag. Eg er ikkje bevandra i second hand-verda og vart overraska over kor fresh butikken var. Der eg hadde forestilt meg eit hav av bruktklede hulter til bulter, var det her fargekoordinert og kult presentert. Der var mykje fint og eg må tilbake!!

Planen var også å stikke innom Frøken Dianas salonger og Velouria Vintage, men tida strakk diverre ikkje til. Eg har høyrt mykje skryt om desse to stadene. Eg planlegg ny vintage-ekspedisjon til Løkka, for her er det tydelegvis noko eg går glipp av.
20130731-210409.jpg

Food Story, Thorvald Meyers gate 61.

Food Story er ein bistro med fokus på kortreiste, nordiske råvarer. Dei tilbereder maten utan kunstige tilsetjingsstoff og med flest mogleg økologiske råvarer. Eg åt lunch her i godt lag og gjekk for dagens lunchrett som var røykt røye med skagensalat og nypoteter. Det var heilt nydeleg!! Med økologisk rabarbrasaft til, var smakslaukane meir enn nøgde og eg trilla ut att.

Dette er ein særs anbefalt lunsjstad og eg må tilbake for å prøve middagsmenyen også. Dei har store porsjonar og ein hyggeleg bakgård som ein kan sitje ute og ete i.

20130731-210448.jpg

Mathallen, Maridalsveien 17.

Eit sjølvsagt grønt stopp i Oslo er Mathallen. Her finn ein eit rikt utval råvarer (mellom anna mykje økologisk) og etemoglegheiter. Å tusle rundt og smake, lukte og gjerne kjøpe med seg fine saker til å ta med heim, er kort og godt definisjonen på god stemning!

(Om du er skeptisk til prisnivået i Mathallen, anbefaler eg å lese Joacim Lund sin kommentar Er Mathallen et kaksefenomen?. Oppklarande og viktig lesnad.)
20130731-210540.jpg20130731-210515.jpg20130731-210528.jpg

Akerselva

Når ein er mett etter å ha smakt seg gjennom Mathallen og er metta på butikkinntrykk elles, er det fint å slentre ein tur langs Akerselva. Små fine lunger langs vegen, fine fordums industribygningar og ei klukkande elv gir sjelero.
20130731-210552.jpg20130731-210601.jpg

Om du er nysjerrig på økologiske utsalsstader og restaurantar i Oslo, anbefalar eg Ren Mat sin økoguide. Den byr på mykje interessant lesnad.

Har du nokre fine økotips i Oslo-området eller stader elles i landet? Kom med dei!

/Inga