Januar på fatet

dsc_0950

Sjølv om det er januar, er det mykje fargerikt og velsmakande å ete. Då eg hadde storhandel på måndag, handla eg frukt og grønt ut i frå kva som er i sesong no i januar. Det vart eit flott utval i handlekorga.

Grønsakene er i sesong her i Noreg grunna lagringseigenskapane deira. Sitrusfruktene er sjølvsagt ikkje norske, men er likevel på sitt beste akkurat no. Det er på tide å fråtse i c-vitaminar, og det kunne ikkje passa betre då det også er influensatid!

dsc_0945

Grønnsaker: hodekål, raudkål, kålrot, poteter, raudbetar, gulrøter, pastinakk, sellerirot, purre, sjalottlauk, lauk og kvitlauk.

Frukt: appelsin, blodappelsin, klementin, sitron og kiwi.

Ut av grønsakene laga eg mellom anna ei veldig god gulrotsuppe til middag på måndag. Oppskrifta var frå Trines matblogg og du finn den her. Varm januarsuppe med litt ekstra smak var midt i blinken! Supperestane putta eg i ein deig i kveld. Den skal bli til rundstykke i morgon tidleg. Eg har ein tendens til å putte mykje rart i desse rundstykkedeigane mine, -men gulrotsuppe er første gong! Me får håpe det blir bra, -viss ikkje får me ty til pakka med knekkebrød i morgon tidleg.

Ha ein flott kveld!

Lag dine eigne eplelys

dsc_0343

Eg likar å bruke det eg allereie har i hus når eg skal dekke bord til fest. I går var det få blomar ute og det er enda ikkje tid for juleblomar som amaryllis og anna fint ein kan ha på bordet.

I staden laga eg ein løpar av granbar eg hadde funne i skogen, og skar ut eplelykter som fekk sette litt farge på bordet saman med andre lys og lykter. Det var fint, -og enkelt som berre det.

dsc_0347

Du treng berre nokre eple, nokre telys, ein skarp kniv og ei teskei. Skjer ut ein sirkel som er på størrelse med telyset, og grav ut fruktkjøt med ei teskei, til du kan trykke telyset lett ned i eplet. Drypp gjerne litt sitronsaft i eplet, slik at det ikkje vert så fort brunt.

Pass på at eplet står støtt og at telyset ikkje ligg på skeiva. Om du vil vere heilt sikker på at epla står støtt, kan du skjere litt av botn på dei og plassere på eit fat eller anna underlag.

dsc_0358
Nokre dombjeller vart gravt ut av kassa med juletrepynt. Dei var også fin bordpynt!

Smakfull mat for bærekraftig framtid

img_6418
Kule og inspirerande Margit Vea!

Som del av programmet til Økouka på Haugalandet, hadde kokebokforfattar, samfunnsdebattant, kurshaldar og skribent Margit Vea foredrag på Folkebiblioteket i kveld.

Eg tok turen med mi kusine og gode venninne Åsne, -og det vart ein toppen kveld!

Vea prata om mattrendar, bærekraftig mat og korleis me som forbrukarar kan ta val som ikkje berre er gode for vår eiga helse, -men også for dyra og kloden me lever på.

img_6419

Nokre av råda ho framheva var desse:

1. Lag mest mogleg mat frå grunnen av. 

2. Et heile råvarer. Vel bort lettprodukta. 

3. Et usprøyta mat. Vel økologisk når du kan. 

4. Et etter årstidene. Vel ferske råvarer og tradisjonskost. 

5. Et kortreist, lokalt og frå naturen sitt eige spiskammer. 

6. Et næringstett mat.

7. Et kjøt frå friske dyr, og et heile dyret. Dyrevelferda er viktig. 

8. Et meir av den nederste delen i næringspyramiden. 

9. Vel fisk frå bærekraftige bestandar – og etter sesong 

10. Ikkje kast mat. 

img_6420
Me fekk smake på Vea sin heimelaga kimchi, -som var supergod!

Margit Vea er ei imponerande dame som er utruleg inspirerande å lytte til. Eg fekk lyst til å gå heim og bake surdeigsbrød, koke kraft og starte med fermentering med ein gong! Eg trur eg må få med meg eit av kursa ho held om dette seinare i haust. -Bli med du også då!

/Inga

Bondens kasse

I samarbeid med Bondens kasse

DSC_0978

Det er stas med alle småprodusentar rundtom som lagar mat og drikkevarer som me andre kan nyte av. Dei seinaste åra har det vore ei merkbart større satsing på lokalprodusert mat. Samstundes er det ofte ei utfordring å få oversikt over kva som finst og kor ein kan få tak i produkta.

Dette har folka bak Bondens kasse eit ynskje om å gjere noko med! Bondens kasse er ein matkasse som blir levert ein gong i månaden. Kassen inneheld lokalproduserte varer frå bønder og småprodusentar i din region.

Bondens kasse

Kassen inneheld kjøt/fisk til 2 middagar for 4 personar i tillegg til frukt, grønt, ost, pålegg, syltetøy, drikkevarer og anna godt. I tillegg får ein eit hefte med oppskrifter tilpassa innhaldet av kokebokforfattar Margit Vea og ein presentasjon av dei ulike bøndene og småprodusentane. Dette er ikkje ein middagskasse som tek sikte på å løyse tidsklemma, men snarare ein kasse som ynskjer å synleggjere lokalproduserte varer frå din region. Det er fint det!

Eg har abonnert på Bondens kasse ei stund og er særs nøgd. Det er beint fram stas å få levert smaksopplevingar frå småprodusentar her på Haugalandet, Ryfylke og andre stader i Rogaland rett på døra. Eg ante ikkje at det var så mange (og varierte) produsentar heromkring, og det er veldig kjekt å kunne støtte dei gjennom å abonnere på kassen.

Under ser de april-kassa mi som innehaldt utruleg mykje fint!

DSC_0970DSC_1001DSC_1027DSC_1014

DSC_1024

Per i dag blir Bondens kasse distribuert i fleire kommunar i Rogaland og i Asker og Bærum. Sidan lanseringa i november i fjor, har den vore i sterk vekst og dekker stadig nye kommunar.

// I samarbeid med Bondens kasse får eg dele ut ein rabattkode på 25% rabatt på første matkasse! Ein oppgir rabattkoden «notisboka» når ein legg inn bestillinga og rabattkoden varer til og med 1. juni. Stas!

Eg har fått tilbakemelding om at det er litt teknisk krøll med rabattkoden, men ein held på å ordne problemet. 🙂

Jytte sin avokadokrem

DSC_1133

Eg har nemnt avokadokremen tidlegare, men når noko er frykteleg godt, -kan det ikkje nemnast for ofte!

Avokadokremen var ein av vertsmora mi sine spesialitetar i Hamburg. Ho brukte modne avokoadoar og kvit geitost som ho moste saman med ein gaffel i ei skål. Kremen vart servert på nybakt brød saman med eit dryss rosépepar. Enkelt, rustikt og heilt nydeleg.

Avokadokremen tok eg med meg i bagasjen heim  og eg lagar den med jamne mellomrom. Eg nyttar den som dip eller rett og slett som pålegg på brødskiva eller knekkebrødet. Det smakar litt som ein «rund» guacamole. Då avokadoen oksiderer lett, bør avokadokremen lagast rett før servering. Om den likevel må stå pittelitt, kan ein klemme over sitronsaft. Då held den på grønfargen litt til. Ein kan gjerne ha litt sitronsaft i sjølve kremen også om ein likar litt frisk smak.

Ingrediensane er alltid litt omtrentlege. Det beste er å smake seg til. I dag hadde eg berre ein liten avokado, så då nytta eg tre ss med Snøfrisk, men elles vert den omtrent slik:

  • 2 modne avokadoar
  • 1/2 boks Snøfrisk/Philadelphia
  • rosépepar
  • (litt lime- eller sitronsaft)

Mos det med ein gaffel, med stavmiksar eller i ein kjøkenmaskin. Eg pleier å bruke kjøkenmaskin, men stoppar alltid før den er heilt kremete. Det er godt med litt tyggemotstand.

DSC_1120DSC_1135 DSC_1139

I Haugesund skin endeleg sola og eg skal byrje å pakke til ein himmelsprett-tur til bruket. Eg gler meg noko voldsomt til å ta på kloggene og rusle rundt i hagen for å sjå kva som spirer og gror. Det er lukka for meg! 

Psst! I løpet av dei neste dagane kjem ei veldig fin utlotting på bloggen. Følg med!