Svanemerka ull

Pierre Robert er særs populær når det kjem til ullundertøy til born. No har dei blitt Svanemerka, -noko som betyr at både dyrevelferd, produksjonsmåte, materiala kleda er laga av og innpakkinga er innanføre Svanemerket sine strenge miljøkrav. Det er flott!

Då vinterferien vår måtte utsettast grunna sjukdom, har me minivinterferie i Etne denne helga. I dag vart det både alpint i Røldal for to i familien, aking for den minste og lang skitur til Oddavarden på Seljestad i godt lag for meg. I morgon ventar skitur på Olalia. Dette gjer godt for sjela!

Då den eldste har vekst ut av langrennsutstyret, lånte me både fullt alpintutstyr og langrennsutstyr hjå Skattkammeret i Haugesund. Det er eit utruleg flott tilbod som har blitt særs populært. I staden for at alle må kjøpe etterkvart som ungane veks, kan ein låne topp utstyr for ei veke. Slike tilbod er gull verdt og positivt for miljøet. Meir om Skattkammeret kjem i eit eige innlegg.

Ha ein fin kveld!

/Inga

Kvitt på kvitt

I helga var eg innom det flotte bruktmarknaden som bloggar Anne Marthe Widvey hadde stelt stand. Den var ein kjempesuksess. Der var eit yrande liv og seljarar med mykje fint. Ein god kombinasjon av dyrt og billeg, somarklede og vinterklede, treningstøy og kjolar, yttertøy, smykker, vesker og sko. I tillegg var det ein del borneklede og litt til herre. Det var eit vel gjennomført arrangement, og eg heier på at Anne Marthe gjentar suksessen seinare!

Eg kom heim med to skjørt og ein treningsoverdel. Eg har som sagt shoppestopp i år, men å lage klede eller å kjøpe brukt er lov. Eg blir meir og meir glad i å gå med skjørt, så då eg fann to like blondeskjørt, eit i svart og eit kvitt, slo eg til!

Det kvite er gjerne mest eit somarskjørt, men med strømpebukse og varm ullgenser kan det brukast året rundt. Ullgenseren eg har på meg her har også hatt andre eigarar tidlegare, men den fekk eg i gåve tidlegare i januar. Med snøen i Haugesund vart det kvitt på kvitt,  -på kvitt, i dag!

img_0054

Ynskjer dykk alle ein solfylt og fin tysdag!

/Inga

LagreLagre

LagreLagre

Første forsøk på bivokspapir

Eg laga mitt første bivokspapir i forrige veke. Eg brukte oppskrifta til Kristine Ullaland som skriv bloggen Grønare kvardag. Som tekstil klipte eg opp ein gamal pysjoverdel eg hadde liggande. Tynn bomull er perfekt til bivokspapir. Eg sydde inn kantane slik at det ikkje skulle løsne trådar, før eg grovhakka bivoksen og fordelte det over tøystykket før «steiking». Eg nytta 50 g bivoks på eit stort kvadrat (ca. 30 x 30 cm.).

Resultatet vart greit, men eg kjem til å gjere nokre endringar neste gong. Eg nytta litt for mykje bivoks, slik at papiret vart litt for stivt. Neste gong vil eg nok bruke litt mindre, i tillegg til at eg kjem til å raspe bivoksen på eit rivjern i staden for å grovhakke den. Det vert nok litt enklare. Då bivoksen har gult fargestoff i seg, vart også tøystykket gulfarga då det var så lyst. Det var ikkje alle i heimen som tykte at det ferdige resultatet såg like appetitteleg ut. Løysinga her, er nok å bruke bomullsstoff med enda meir farge og mønster. Då unngår ein at det ser «skittent» ut, -sjølv om det ikkje er det.

Eg prøver igjen med nye tøystykke, og litt mindre bivoks! Legg gjerne igjen ein kommentar om du har nokre gode tips til bivokspapirproduksjon.

/Inga

 

LagreLagre

LagreLagre

Rosiner og kunst

Det var så gøy å lage gjenbrukskunst tidlegare i haust, så då mannen nemnte at han gjerne skulle hatt eit stort maleri me såg i Skagen i haust, såg eg mitt snitt til å hyre inn dei same kunstnarane som tidlegare. Me har hatt eit gigantisk Ikea-lerret ståande i boden med eit motiv som ikkje var like flott no som då me kjøpte det. Sjølv om heimespikka kunst ikkje heilt vert det same som kunst kjøpt i galleri i Skagen, vart det likevel eit flott verk!

Maleriet vart også langt rimelegare enn kva me måtte ha gitt for kunst i Skagen. Her var godkjend valuta nokre rosiner og to sjokoladenissar.

/Inga

LagreLagre

Kutt plastfolien og bruk bivokspapir

Av den mest unyttige plastbruken, seglar plastfolien opp blant topp ti i mine auge. Plastfolien vert som oftast brukt særs kort tid, og etterpå går den rett i søpla. Heldigvis finst det gode løysingar, som bivokspapir!

Dette er bomullsstoff innsett med bivoks, som ein kan bruke som alternativ til plastfolie. Bivoksen hindrar tap av fukt, og vokspapira kan vaskast i kaldt vatn om dei får matsøl på seg. Då bivoksen er antiseptisk, brukar ein ikkje såpe. Slik kan ein bruke bivokspapira igjen og igjen, til dei må innsettast med litt voks igjen, -eller kan gå i matavfallet. Ein får meir bærekraftig lagring og oppbevaring av mat som treng litt ekstra beskyttelse.

Ein kan fint lage eigne bivokspapir, -om ein har tid! Det er ikkje tidkrevjande når du først er i gong, men så var det alt ein skulle rekke før det.. Eg fekk plater med bivoks av han som driv andelslandbruket me er medlemmer av, og dei har lege heile hausten på vent. Då eg til jul enda ikkje hadde summa meg (hehe) til å lage eige bivokspapir, vart eg innmari glad då eg fekk ein pakke i julegåve! Svigerinna mi veit nøyaktig kva eg treng og er ein racer på julegåver. Bivokspapira var av merket Bee’s Wrap og var i tre ulike størrelsar. Dei har vore i kontinuerleg bruk sidan dei kom i hus. Som dekke til skåler og glas med mat i og som matpakkeinnpakking på tur. No skal eg hive meg rundt og lage fleire sjølv, slik at eg kan kutte plastfolie og plastposar heilt frå kjøkenet. Det er eit av måla for 2018.

Kjekt å vete om bivokspapir:

  • Om du også kunne tenkje deg å lage ditt eige bivokspapir, har bloggen Grønare kvardag ei flott oppskrift her.
  • Det er manko på bivoks rundt om i landet, så om du ikkje har lokale birøktarar du kan høyre med, er det flust av stader ein kan kjøpe ferdig bivokspapir produsert av Bee’s Wrap og andre merke. Du finn det mellom anna hjå nettbutikkane Agent M og Bee Organic, men også i den fysiske butikken Reindyrka i Bergen.
  • Bivokspapir er ikkje like brukande til å pakke inn fisk eller kjøt. Eit alternativ, er å legge kjøtet eller fisken i ei skål eller behaldar med kant, slik at bivokspapiret ikkje kjem i direkte kontakt med maten. Elles fungerer bivokspapir utmerka til det meste!

 

Eg kjem med oppdatering når eg har laga mine eigne. Ha ein fin kveld!

Inga

LagreLagre