Kutt plastfolien og bruk bivokspapir

Av den mest unyttige plastbruken, seglar plastfolien opp blant topp ti i mine auge. Plastfolien vert som oftast brukt særs kort tid, og etterpå går den rett i søpla. Heldigvis finst det gode løysingar, som bivokspapir!

Dette er bomullsstoff innsett med bivoks, som ein kan bruke som alternativ til plastfolie. Bivoksen hindrar tap av fukt, og vokspapira kan vaskast i kaldt vatn om dei får matsøl på seg. Då bivoksen er antiseptisk, brukar ein ikkje såpe. Slik kan ein bruke bivokspapira igjen og igjen, til dei må innsettast med litt voks igjen, -eller kan gå i matavfallet. Ein får meir bærekraftig lagring og oppbevaring av mat som treng litt ekstra beskyttelse.

Ein kan fint lage eigne bivokspapir, -om ein har tid! Det er ikkje tidkrevjande når du først er i gong, men så var det alt ein skulle rekke før det.. Eg fekk plater med bivoks av han som driv andelslandbruket me er medlemmer av, og dei har lege heile hausten på vent. Då eg til jul enda ikkje hadde summa meg (hehe) til å lage eige bivokspapir, vart eg innmari glad då eg fekk ein pakke i julegåve! Svigerinna mi veit nøyaktig kva eg treng og er ein racer på julegåver. Bivokspapira var av merket Bee’s Wrap og var i tre ulike størrelsar. Dei har vore i kontinuerleg bruk sidan dei kom i hus. Som dekke til skåler og glas med mat i og som matpakkeinnpakking på tur. No skal eg hive meg rundt og lage fleire sjølv, slik at eg kan kutte plastfolie og plastposar heilt frå kjøkenet. Det er eit av måla for 2018.

Kjekt å vete om bivokspapir:

  • Om du også kunne tenkje deg å lage ditt eige bivokspapir, har bloggen Grønare kvardag ei flott oppskrift her.
  • Det er manko på bivoks rundt om i landet, så om du ikkje har lokale birøktarar du kan høyre med, er det flust av stader ein kan kjøpe ferdig bivokspapir produsert av Bee’s Wrap og andre merke. Du finn det mellom anna hjå nettbutikkane Agent M og Bee Organic, men også i den fysiske butikken Reindyrka i Bergen.
  • Bivokspapir er ikkje like brukande til å pakke inn fisk eller kjøt. Eit alternativ, er å legge kjøtet eller fisken i ei skål eller behaldar med kant, slik at bivokspapiret ikkje kjem i direkte kontakt med maten. Elles fungerer bivokspapir utmerka til det meste!

 

Eg kjem med oppdatering når eg har laga mine eigne. Ha ein fin kveld!

Inga

LagreLagre

Gjenbrukskunst

Her har me hatt full bursdagshelg for fireåringen, og det har vore topp! Barnebursdag og familiebursdag med pølser, kake, fiskedam og hyppige kostymeskift. Det beste av alt, er å få vere saman med så mange fine folk på ein gong.

Innimellom slaga sette me i gong med eit lite gjenbruksprosjekt. Me har fleire biletlerret frå Ikea som me kjøpte då me var studentar i Bergen. Det er ikkje alle som er like fine lenger, så dei har blitt ståande i boden. I helga fann eg fram det eine, og sette minstemann i gong til å male på det. Eg hjalp til med litt grunning, men elles laga eg klattar med maling så ho kunne dra utover. Ho byrja med pensel, men droppa det raskt då det var mykje meir morosamt å grise med hendene.

Resultatet vart ekte samtidskunst, malt utan hemningar. Har du i tillegg plukka ut fargane på førehand (det er heilt lov), får du raskt noko du kan tenkje deg å henge opp på veggen.

Altså, ikkje kast dei gamle IKEA-bileta dine. Bruk dei heller som grunnlag for nye verk. Skulle du gjerne hatt store lerret å male på, men ikkje har gamle ståande, ligg det mange ute på Finn.no som ein kan male over.

Heldigvis er «samtidskunst» eit raust begrep. Om ein ikkje tek seg sjølv så høgtideleg, er det mykje ein kan kalle kunst. Mal til dømes lerretet i ein farge med ein tilfeldig prikk ein stad. Kall det «Einsemd», «Panama Papers», «Harvey Weinstein» eller noko anna rart. Då er du i mål.

Tykkjer du innlegga på Notisboka kjem litt i rykk og napp når det er rettesesong? Følg bloggen på Facebook, så får du nye innlegg rett i feeden.

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Grøn fredag

Som eit alternativ til Black Friday, arrangerer DNT Ung Haugesund Grønn fredag her i Haugesund om ei veke. Her kan du byte til deg brukte friluftsklede- og utstyr, eller å selje til andre. Er ikkje det flott? Eg blir utruleg glad når det poppar opp slike fine initiativ rundt oss! Meir informasjon om Grønn fredag i Haugesund, finn de her.

I fjor arrangerte eg Green Sunday i nabolaget. Me plukka søppel i nærområdet og avslutta med pinnebrødgrilling, bålpanne og god stemning ute. Det var veldig kjekt, -og me fekk fjerna urovekkande mykje søppel før vinteren kom for fullt.

I oktober og november kjem rettebunkene på rekke og rad, så alt anna hamnar litt på sidelinja. Eg gler meg til å skrive meir her inne no etterkvart, då eg har mykje på hjarta. 

Eg ynskjer dykk ein flott fredag!

Inga

Fin fiksedag

Laurdag gjekk fiksedagen av stabelen, og eg var innom og kika. Det var eit veldig fint arrangement! Haugesund husflidslag, Spinn sykkelbutikk med fleire, var der for å reparere saker og ting folk kom med. I tillegg hadde Framtiden i våre hender og Besteforeldrenes klimaaksjon stand der dei delte ut informasjonsmateriell og var klare for å slå av ein prat.

Eg hadde ein veldig kjekk prat med Ståle Pedersen frå Besteforeldrenes klimaaksjon. Han hadde eit stort engasjement for klimasaka, og vil gjerne ha fleire medlemmer her på Haugalandet. Om du er interessert, kan du melde deg inn her.

Han fortalte mellom anna at han har heilt slutta å fly, som eit bidrag til klimaet. Det er imponerande!

Fremtiden i våre hender var også på plass med kjekke folk og mykje nyttig informasjon. Eg fekk med meg eit av dei fine blada deira, med mange gode tips til ein grønare kvardag.

Sjølv hadde eg ingenting som skulle fiksast denne dagen, men eg håpar dette arrangementet vert til neste år også. Eit flott tiltak fleire må besøke!

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

Gjenbrukspurre

Etter å ha lest denne saka om kor enkelt det er å dyrke sin eigen vårlauk på restar av gamle, måtte eg prøve med ein purre me hadde til middag i forrige veke. Det verka! Den har allereie byrje å spire og gro. Etter middagen i dag, vart fire vårlaukar sett i vatn i håp om å dyrke fram dei også.

Har du nokre erfaringar med å dyrke fram nye grønsaker frå matrestar?

Inga 😀