Fiksedagen på Haugalandet

På laurdag er det Fiksedagen på Haugalandet! Arrangementet er på Gamle slaktehuset og varer frå kl. 11.00-15.00.

Her kan ein komme for å få reparert alt i frå sko til syklar, og å få tips og inspirasjon til korleis ein kan fikse og redesigne eigne ting heime. Mellom slaga kan ein nyte kaffi (av den beste i byen) på cafeen Hos Carlos som ligg i same bygget. Her er det altså mange gode grunnar til å ta turen!

Det vert arrangert ulike fiksedagar med jamne mellomrom over heile landet. Om du ikkje finn ein der du er, kan du finne mange tips og lenker til handverkarar på Naturvernforbundet si nettside Ta vare på det du har. Å ta vare på det du har ved å reparere eller redesigne, sparer kloden for mykje avfall og store utslepp. I tillegg sparer du lommeboka!

Her er nokre gode fiksarar i Haugesund, som eg har skreve om tidlegare:

Easyfiks

Pedalen sykkelverkstad

Ha ein flott dag!

Inga 🙂

LagreLagre

Vakker og sporty havplast

Etter lang tid utan trening, har eg endeleg kome i gjenge igjen. Den dørstokkmila har blitt veeeeldig lang dei sista åra, men sol, fri og lyse kveldar gir god motivasjon. Om du også likar å springe, -eller kort og godt ha på deg skikkeleg snaisne joggesko når du er ute og travar i det daglege, -har eg eit skikkeleg miljøtips!

Adidas har saman med miljøorganisasjonen Parley for the Oceans laga ein kolleksjon med joggesko, -laga av havplast. Joggeskoa består av 95% havplast og 5% resirkulert polyester.

I tillegg til å vere eit unikt gjenbruksprosjekt, ser skoa også kjempefine ut! Er de ikkje enige?

(Trykk på bileta for å komme til kjeldene)

Tommel opp for gladsaker som omhandlar havplast! Om du vil sjå heile kolleksjonen, kan du trykke her.

Ha ein fin dag!

/ Inga

Nytt liv for tekstil

Gjenbruksglede er når ein får til å reparere noko ein trudde ein måtte kaste. Me har hatt eit teppe liggande i garasjen i eit år. Det hadde blitt marinert i sviskemos og anna som hadde ført til vanskelege flekkar me sleit med å få vekk. Me hadde eigentleg konkludert med at me måtte kaste teppet, men fann ut me skulle gi det ein siste sjanse.

Med sol og blå himmel, trakk eg og eldstemann teppet ut på terrassen og pirka, skrapte, spraya og børsta. Litt etter litt fekk me jaggu bort flekkane.

No er det tilbake under kjøkenbordet og er like godt som nytt! Lærdomen er; gi tinga dine ein siste sjanse og litt ekstra kjærleik før du kaster dei.

Sprayen de ser på biletet er multisprayen til C som eg plukka med meg på ein butikk i Kristiansand. Caroline Heyerdahl har verkeleg etablert seg på marknaden med dei grøne reingjeringsprodukta sine. Eg har berre prøvd multisprayen, men den fungerer særs godt på dei fleste underlag, -også tekstil, som me fekk testa i dag.

No sette me oss nett ut med eit glas vin i sola og skulle late som om det var 28 grader i Haugesund. Jaggu kom regnskuren etter fem minutt. Vestlandet er seg sjølv likt, men det positive er at me vestlendingar blir innmari gode på å gle oss over dei små ting. Som sol og vindstille i fem minutt.

Klem frå Inga som også gler seg over «nytt» golvteppe!

LagreLagre

Bilseng

dsc_0418

Då eldstemann var for stor for sprinkelseng, gjorde me eit skikkeleg fint bruktkupp. Me kom over ei bilseng på Finn.no, som attpåtil haldt til berre nokre steinkast frå huset vårt. Der hadde ein tolvåring vokst ut av senga, og vår toåring var i ekstase over å få overta den. Seljaren køyrte til og med senga heim til oss! Bilen var brannbilraud, og då me monterte på eit ratt frå ein øydelagd leikebil, var bilesenga komplett.

No ser me at me snart må skaffe ei køyseng til barnerommet, då også nestemann er på veg ut av sprinkelsenga, og dei skal dele rom. Det blir nok litt nedtur å sette bort bilsenga, men me får prøve å selje inn ny køyseng som eit skip eller ein buss. Det kan forhåpentlegvis hjelpe!

Nytt autosøk er lagra på Finn. Eg håpar det vert køyseng, -nei unnskyld, -«skip» til hausten.

Ha ein flott dag!

LagreLagre

LagreLagre